BONUS: Frå Paulus' brev til Efferpearane: Her er ikkje jøde eller grekar eller krekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann og kvinne; for alle skal dei stoppast på grensa. Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix
BONUS: Frå Paulus' brev til Efferpearane: Her er ikkje jøde eller grekar eller krekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann og kvinne; for alle skal dei stoppast på grensa. Foto: Audun Braastad / NTB ScanpixVis mer

Som i ein italiensk operette

Etikkbonus og etterlønn i himmel og på jord.

Kommentar

DENNE VEKA har regjeringspartiet Fremskrittspartiet manøvrert vidare mellom Erna Solberg og Christian Tybring-Gjedde for å unngå sniksolidarisering gjennom eit breitt forlik i innstrammingsdugnaden. Mulla Krekar, med si rolle i ein italiensk operette, har kome dei til unnsetning. Som det heiter i Paulus' brev til Efferpearane, i Sylvi Listhaugs eksegese: Her er ikkje jøde eller grekar og krekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann og kvinne; for alle skal dei stoppast på grensa.

MAGYARANE sette opp eit ugjennomtrengelig gjerde på Ullevål, og fotballsesongen går mot slutten. Neste år kjem Sogndal (7.688) og Oslo (618.683) til å ha like mange lag i eliteserien. På Sørlandet står det mellom Start frå hovudstaden Kristiansand og dei jerve oppkomlingane frå Grimstad. Mens det forunderlige Brann tar heisen opp att. Den svenske suksess-trenaren Rikard Norling kom til Bergen som frelsar for å bringa gullet hem. Han var ein fullstendig flopp, men han var pen i tøyet. Og Marcus Pedersen, som har bøtta inn mål for Strømsgodset, var mye betre på bar enn på banen då han var i Bergen. Kva er det den byen gjer med folk?

DEN BITRE LIME-SAKA ballar på seg, med stadig fleire kjeltringar. Det er som kjent tre måtar å forhalda seg på når ein blir tiltalt for noe kriminelt. Ein kan seia seg uskuldig, delvis skuldig eller hyra inn John Christian Elden som forsvarar. Det siste er jamgodt med å innrømma skuld. Eller å ha medvirket dertil. Så det var nok klokt av Jo Lunder (Lyn) å satsa på Cato Schiøtz , Snåsamannens sannhetsvitne.

ADRESSE-ENDRING. Eg beklagar at eg sist lørdag ikkje var godt nok oppdatert på liv og død og pontifikalia i den katolske kyrkja. Det var eit overgrep. Eg hadde ikkje fått med meg at Georg Müller, som fekk sparken frå embetet som biskop av Trondheim i 2009, døydde 25. oktober i år. Etter at Vatikanet avsette han, budde biskop emeritus Müller i «Jesus og Marias helligste hjerter» sitt generalat i Roma. I 2012 blei han overført til Picpuspatrenes kongregasjon sin kommunitet i Münster. Der var han klosterbror utan spesielle bekvemmeligheter og fekk aldri meir kle seg ut som biskop.

BISKOP MÜLLERS valspråk var «Caritas Dei in cordibus nostris» (Rom 5,5). For oss ikkje-latinkyndige betyr det: «Guds kjærlighet i våre hjerter». Biskopen var også opptatt av kjærleik under beltestaden, men i ein halv-intern meddelelse får eg opplyst at det er feil å kalla han pedofil: «Han var nok mer interessert i unge gutter like under eller like over aldersgrensen».

KONGREGASJONEN SSCC og den skandinaviske bispekonferansen skriv i sine minneord over biskop Müller etter mottoet «Heretter bare godt om de døde»: «I troen på oppstandelsen bar han sin tunge lidelse med tålmodighet og fatning». Det er som kjent lettare å få tilgivelse for sine synder enn tillatelse til å gjera dei, så ein kan rekna med biskop-prelaten fekk absolusjon før han bytta til ein himmelsk adresse. Men etterlønn og etikkbonus fekk han vel ikkje?