- Som svinebonde har eg to val

Skriver svinebonde Jørund Kvaale Hansen.

SJUKEBINGE: Illustrasjonsfotoet eg har vald er, for å ikkje rosemale, den sjukaste grisen eg no har i fjoset. Eg har forøvrig 120 grisar i fjoset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Slik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjos, skriver svinebonde Jørund Kvaale Hansen. Foto: Jørund Kvaale Hansen
SJUKEBINGE: Illustrasjonsfotoet eg har vald er, for å ikkje rosemale, den sjukaste grisen eg no har i fjoset. Eg har forøvrig 120 grisar i fjoset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Slik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjos, skriver svinebonde Jørund Kvaale Hansen. Foto: Jørund Kvaale HansenVis mer
Meninger

Som regel når der kjem videoar og ymse frå dyrevernsaktivistar er det behov for å nyansere, forklare og rette opp i ein del faktafeil.

Etter å ha sett dei skjulte opptaka i brennpunktdokumentaren, må eg berre slå fast at det blir heilt feil å skulle byrje å motargumentere og nyansere her.

Mange har hatt sterke reaksjoner på det videoane viser. Også eg som er svinebonde er oppgitt, lei meg, og ikkje minst overraska over kva haldninger ein del av desse svinebøndene viser.

SVINEBONDE: Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat
SVINEBONDE: Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat Vis mer

Spesielt reagerer eg på behandlinga, eller rettare sagt den manglande behandlinga dei sjuke grisane får. Det var svært frustrerande å sjå både purka og grisungane som tydeleg hadde det vondt, berre bli liggande å døy sakte over tid, utan at dei fekk behandling eller vart avliva. For meg er det uforståeleg at ein bonde kan vise slik apati ovanfor sjuke dyr, og eg undrar meg over korleis dei kan trivast i jobben, når dei har slike grunnleggande likegyldige haldningar over dyra dei omgir seg med.

Husdyr kan sjølvsagt verte skadde og sjuke.

På lik linje med ville dyr og forsåvidt også menneske. Det kan vere situasjoner som ikkje ser bra ut. Nett som ein del av skrekkscenarioa ein kan sjå på eit sjukehus. Men griser, som menneske, treng ved sjukdom og skade ekstra omsorg og pleie. I grisehuset har eg, som alle andre bønder, fleire sjukebinger. Binger som stort sett står tomme, men som eg som tid nytter til gris som treng ro og litt ekstra oppfølging. Enten dei er skadde eller sjuke. Har dei feber, sår, leddbetennelse eller liknande, får dei ro i ein eigen binge for seg sjølv og ved behov medisinsk behandling i samråd med dyrlege. Om grisen ikkje viser betring på behandling, har store smerter eller liknande, er av og til avliving utvegen for best mogleg dyrevelferd. For mange kunne nok avlivingane i dokumentaren, med blod og det som følger med sjå fælt ut, men som svinebonde kjentes det som ein lettelse når bonden endeleg fekk surra seg fram med slaktebolten.

Eg er medlem i eit par lukka forum for svinebønder på Facebook. Eg har ikkje sett ein kommentar der nokon prøver å forsvare det som kjem fram i dokumentaren. Frustrasjonen frå svinebøndene er unisont, og den er retta mot bøndene, ikkje aktivistane. Dette er ikkje greit, desse kan finne seg noko anna å jobbe med. Svinenæringa har ikkje rom for slike bønder. Eg meiner ein skal vere forsiktig med å stemple dei som dårlege menneske, men som bønder har dei ein stad på vegen mista heilt fokus.

Det er mykje og mangt ein kunne kommentert frå opptaka, noko også forklart. Men eg har lyst til å sette fokus bodskapen aktivistane ynskjer å få fram: Svineproduksjonen i Noreg er industrialisert.

Eg må seie meg heilt eining. Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre.

Det går ikkje eit fjøsstell på sumarhalvåret der ikkje eg tenker tanken på kor fint det hadde vore å sleppt grisane utandørs. Eller kor mykje betre dei hadde hatt det om dei kunne hatt dobbelt så stor tumleplass i bingen. Så kvifor gjer ikkje me svinebønder det på den måten?

Forbrukarane er bevisste på dyrevelferd når det kjem til sosiale media og spørreundersøkingar. Men når dei skal gå til innkjøp, går dei til dei billigaste butikkane, og finn dei billegaste varene. Mange reiser til og med utanlands for å hamstre kjøt, då ein der kan finne kjøt til endå billegare prisar, og spare nokre tiarar

På vegne av forbrukarane presser difor matvarekjedene slakteria og bøndene til å levere kjøt så billeg som mogleg.

Eg som slaktegrisprodusen sit att med omlag 300 kroner i forteneste på ein gris som vert slakta. Det betyr omlag fire kroner per kilo kjøt.

Når forbrukaren et ein god middag på omlag 250 gram svinekjøt, sit bonden som har ansvaret for den levande delen av produksjonen att med en krone av fortenesten.

Paradokset er då, at om du som forbrukar var villeg til å betale en krone ekstra for den middagen, og den gjekk til dyrehaldet og ikkje til Reitan, kunne økonomien til bonden framleis gått rundt med halvparten så mange grisar i fjøset. Grisen kunne altså hatt dobbelt så stor plass i fjøset. Betre for grisen, men også betre for bonden.

Slik systemet er sett opp, er det diverre ingen vilje til å betale denne ekstra krona. Forbrukaren vil ikkje betale ei krone ekstra for å gi grisen dobbelt så stor tumleplass i bingen. Den same forbrukaren som får bakoversveis av bilete frå moderne grisehus. Eller som irriterer seg over bøndene under landbruksoppgjeret, som prøver å kommunisere at å produsere god mat koster.

Det er ikkje oss bønder som ynskjer denne industrialiseringa. Me blir dratt motvillig inn i den av storsamfunnet. Bondeorganisasjonane kjemper imot med nebb og klør, men utviklinga dei seiste 50 åra er likevel færre og større bruk. Dokumentaren heiter «Svinenæringas hemmeligheter», men når det kjem til industrialiseringa vil eg bestemt hevde at me svinebønder ikkje har nokre hemmeligheter. Men me har forbrukarar og politikarar som ikkje er bevisste på korleis jaget etter billeg mat slår ut på produksjonen og dyra som er ein del av det. Eg blir pressa til å produsere og yte maks utifrå plassen eg har i fjøset. Det er enormt små marginer, og vegen til økonomisk tap og kroken på døra er kort.

Eg slepper gjerne grisane mine ut på skogen i sumarhalvåret. Men grunna auka aktivitet veks dei nesten halvparten så fort og et nesten dobbelt så mykje. Det koster. Ein har allereie produsentar som driv på denne måten, men markedet er smalt. Det er kanskje ikkje å vente at Olav og Kari Nordmann som stadig er på prisjakt kjem til å handle frigris på dagleg basis, og svin på skogen er kanskje eit ytterpunkt. Men ein kan kanskje ein håpe på ein produksjon som ligg ein stad der imellom.

Kanskje kan det kome noko godt ut av denne dokumentaren. Kanskje kan forbrukaren verte meir bevisst på at eit godt dyrehald koster, og at kvar pengeseddel forbrukaren bruker på den eine eller den andre matvara er ein stemmeseddel om korleis dei ynskjer at maten skal produserast.

Fram til det skjer har eg som svinebonde to val: Å avvikle drifta, eller å produsere med maks ytelse på oppdrag frå det norske folk, for å klare å få økonomien til å gå rundt.

Jørund Kvaale Hansen la først dette innlegget ut på Facebook. Dagbladet gjengir med tillatelse.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.