NYE HØYRINGAR: Om Anders Anundsen held fram som han stemnar og står som ein bauta i stormen, blir dei vel nøydde til å innføra søndagsåpne høyingar for å rekka over alt.  
Foto: Nina Hansen / Dagbladet
NYE HØYRINGAR: Om Anders Anundsen held fram som han stemnar og står som ein bauta i stormen, blir dei vel nøydde til å innføra søndagsåpne høyingar for å rekka over alt. Foto: Nina Hansen / DagbladetVis mer

Søndagsåpne høyringar

Noko om odels- og åsetesretten i Arbeiderpartiet.

Kommentar

DENNE VEKA var Knut Aril Hareide tilbake i debatten om beredskap og sentralisering og andre storpolitiske saker. Etter to vekers fødselspermisjon var han rimeligvis ekstra opptatt av mjølkekvoter.

NESTE LØRDAG har Stortingets koko-komite tillyst møte om beredskap. Om Anders Anundsen held fram som han stemnar og står som ein bauta i stormen, blir dei vel nøydde til å innføra søndagsåpne høyingar for å rekka over alt. samferdselspolitikkens svar på Knoll og Tott, bomkameratane Ketil Solvik-Olsen og Bård Hoksrud, har vore i Vaksdal for å sjå på raset og gje inntrykk av handlekraft. Under streken antyder Aftenposten at det snart kan bli veg gjennom vellinga, for eit godt, men ubekrefta rykte, vil ha det til at redaktør utan portefølje, Harald Stanghelle frå Stanghelle i Vaksdal, har tenkt seg ut av eit TV-studio og ta ein tur vestover.

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik
med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt
og atter møter meg så mjukt og mildt.

IKKJE ELLER IKKJE «ikkje»; det var spørsmålet i denne spalta sist lørdag. Derfor denne eksegetiske oppklaringa: Åtvaringa til Kristelig Folkeparti mot å selja odelsretten for ein rett linser, var eit gamaltestamentlig gullkorn frå gamle Kjell Bondevik - i saka om å gå inn i Kåre Willochs regjering i 1983. Han hinta til det dramatiske lureriet då den tørste og svoltne Esau ga frå seg odelsretten til Jakob for ein linsevelling (1 Mos 25, 31.34). Men det var meir: Den utkropne mora Rebekka utstyrte Jakob med fader Isaks favorittrett og la geiteskinn over hendene hans. Så gjekk han til den blinde Isak som velsigna den lure Jakob i staden for den lodne Esau. (1 Mos, 17).

KJELL BONDEVIK hadde også godt folkeminne, så han gløymde aldri Senterpartiets svik då Per Bortens borgarlige firepartiregjering fall frå kvarandre i 1971. Bondevik den eldre tok på seg å samla dei sprikande staurane, for han trudde det var «von i hangande snøre». Då det viste seg at Senterpartiet bare dreiv eit dobbelspel for å fristilla seg til EF-kampen, blei han «djupt såra og vonbroten«.

DERFOR KOM Arbeiderpartiet med Trygve Bratteli baklengs til makta. Han sat til han stilte kabinettsspørsmål til folket og tapte 25. september 1972. Då var Kjell Bondevik ute or soga og hadde tatt plass i hornet på veggen, så Lars Korvald blei Kristelig Folkepartis første statsminister i ei syltynn Nei-regjering. Ho sat til Bratteli kom baklengs til makta for andre gong etter Arbeiderpartiets valnederlag i 1973. Deretter droppa Arbeiderpartiet åsetesretten og delte partiet mellom Reiulf Steen som leiar og Odvar Nordli som statsminister. Det gjekk over stokk og stein til Gro Harlem Brundtland avslutta borgarkrigen og samla partiet til eitt rike igjen.. Før kalamitetane gjentok seg med Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg.

OG DET VAR SOGA om Esau og Jakob i Arbeiderpartiet i kortform. Med Kain og Abel i bakgrunnen.