Arrogant regjering: Vi får høyra at det norske folk nærast vil takke regjeringa når butikkdørene på heilagdagen slår opp. Folk veit altså ikkje sitt eige beste, skriv Torill Selsvold Nyborg. Foto: Privat.
Arrogant regjering: Vi får høyra at det norske folk nærast vil takke regjeringa når butikkdørene på heilagdagen slår opp. Folk veit altså ikkje sitt eige beste, skriv Torill Selsvold Nyborg. Foto: Privat.Vis mer

Søndagskrigen er i gang

Blir alle dagar like, blir alle dagar like grå.

Meninger

Høgre, Frp og Venstre vil ha søndagsåpne butikkar over heile landet. Det er ein dårleg idé for forbrukarar, næringsliv, miljøet og folkehelsa.

På valdagen og i forhandlingane etter valet må søndagen stå sentralt. Det kan føra til at samarbeid på borgarleg side raknar. Skulda for dette må regjeringa og Venstre ta. Dei verkar beinharde på viljen til å gjennomføra denne saka. Det hjelper ikkje at dei får sine eigne mot seg i kommune etter kommune. Dette er ei dårleg sak som skal tvingast fram.

Arroganse har blitt ein reiskap for regjeringa. Vi får høyra at dette er ei sak det norske folk nærast vil takke regjeringa for, når butikkdørene på heilagdagen slår opp. Folk veit altså ikkje sitt eige beste. Reint komisk vert det når nokre meiner folk må kunne velje sin eigen kviledag. Kva om ein familie melder til skule og arbeidsplass at dei tek helg på onsdagar?

Det har ausa inn med høyringssvar til departementet, men regjeringa står på sitt. Nå må vi som må ta rekninga for denne fordyrande «reforma» vakne. Det er vi forbrukarar som må betala gildet. Regjeringa ser ut til å sende oss denne rekninga med glede. Det er, trass alt som dei hevdar, til vårt eige beste. På sikt.

Venstre synest visst det høyrest politisk korrekt ut å la kommunane styra i denne saka. Det lokale Venstre-folk og vi andre prøver å få fram, er at dette kan enda i ein to-trinns rakett. Ein kommune seier ja og ein nabokommune nei til søndagsope. Då vert konkurransen vridd slik at det fort kjem eit krav om at også nei-kommunen må snu. Mange stader er både kommunar og bygder små, og bygdebutikkane er mest utsette. Dei kan kome til å bukka under.

Det er ikkje ofte det står ein krig om ein verdi som har tusen år av historie bak seg i landet vårt. Søndagen er for mange av oss eit umisteleg gode. I denne saka er både religiøse og ikkje-religiøse samla mot regjeringa. Ein av mine favorittutsegner i denne saka, er biskopen som sa det slik: Blir alle dagar like, blir alle dagar like grå.

Dette er ei sak det norske folk kan tapa om vi ikkje er vakne nett no. Krigen går føre seg før, under og etter valet om få veker.