JONAS GAHR STØRE: Skal han legga ut på pilegrimsvandring for å bli krona og salva av trøndarane i Nidarosdomen? Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
JONAS GAHR STØRE: Skal han legga ut på pilegrimsvandring for å bli krona og salva av trøndarane i Nidarosdomen? Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Songar for gravferd

Ingress

Kommentar

I MORGON blir Jonas Gahr Støre ektevigd med det kongelige norske arbeidarpartiet. Gode, men ubekrefta rykte vil ha det til at han deretter skal legga ut på pilegrimsvanding for å bli krona og salva av trøndarane i Nidarosdomen. Trond Giske sin vaklevorne tronstol kjem til å stå tom.

EI SAKSOPPLYSNING som er gjentatt så mange gonger at ho er etablert som sanning i alle avisarkiv og nettkommentarar, er at Jonas Gahr Støre i si tid søkte jobb som sekretær i Høgres stortingsgruppe. Det medfører ikke riktighet. Det korrekte er at han fekk tilbod om å bli koffertberar for Kåre Willoch som då var i utanrikskomiteen. Støre gjekk til si terapeutiske hustru, Marit Slagsvold, som vel sa det same som då han fekk kallet som Ap-leiar: «Jonas, tenk nei-tanken fullt ut. Lev med et nei i tankene for å kjenne etter hva det vil bety. Først da kan du gi et godt ja». Deretter konsulterte han antatt truverdige kollegaer som rådde han til å seia nei - ikkje fordi det var Høgre som spurte, men fordi dei meinte han burde halda seg unna politikken og satsa på ei framtid som korrekt embetsmann. Kva skal ein med fiendar når ein har hatt slike venner?

Artikkelen fortsetter under annonsen

JONAS GAHR STØRE er god på dialogiske titlar og merkevarebygging. Då han og ECON for eit tiår sidan laga scenariar for norsk turisme i 2015, kunne ein velja mellom «Den gode viljen», «Some like it hot» og «For en neve dollar» der den politiske abdikasjonen var total. Det er neppe grunn til å tvila på den gode viljen, og Støre har alt meir enn ein neve dollar frå Jøtuls jarnomnar, men han kjem nok til å få det heitt.

REGJERINGA har lansert ein handlingsplan mot radikalisering. Ideologen Erna Solberg og biljardkula Anders Anundsen skriv, utan komma: «Vi tror at en ny giv i samfunnet for å forebygge radikalisering vil lønne seg». Dette er ei naturlig vidareføring av Sundvolden-planen for å halda seg ved makta i minst åtte år. Det gjeld å vaksinera ungdommen mot radikal misnøye med segway, store påhengsmotorar, taxfree raudvin og avgiftsfri arv.

DENNE VEKA begynner fotball-VM med far og son Kjartan Fløgstad og Aslak Nore på det norske skrivarlandslaget. Per-Mathias Høgmo er ikkje kvalifisert, men den pedagogiske skulen i norsk fotballtrening er gode på retoriske omskrivingar. Etter den begredelige forestillinga mot Russland, utan gjennombrotskraft og med hanglande forsvar, tok ikkje Høgmo ordet «dårlig» i sin munn. Han snudde det til noe positivt: «et enormt utviklingspotensial».

KULTURNÆRINGSMINISTER Villvey viste utviklingspotensial då Knut Olav Åmås bestemte seg for å bli meir sosial som riddar av det frie ord. Enten Villvey har funne den rette eller syng på sitt siste, politiske vers, er ho i trygge hender. Bjørgulv Vinje Borgundvaag, den nye stassekretæren, er spesialist på musikk for bryllup og begravelser.

FORRIGE VEKE sneik det seg inn ein liten feil i eit sitat i denne spalta. Sitat må vera korrekte, same kor pinlige dei kan vera på sporet av den tapte tid, og særlig når dei har å gjera med Aslak Sira Myhre , den nye forvaltaren av nasjonens historiske hukommelse. I filmversjonen av Tore Renbergs roman, «Mannen som elsket Yngve», er replikken: «Tennis! I frelsaren Jesu Kristi navn! Tennis!» Kompani Myhre & Renberg kunne ha sagt i kor: «Dette er mine gamle dager».

Lik Dagbladet Meninger på Facebook