HUSPOET: Oddbjørn Aardalen fikk Fædrelandsvennen på besøk da han ga ut sin fjerde diktsamling i august i fjor. I årets siste måned ble han  kåret til månedens poet i Dagbladets diktkammer. Han forteller om gården Skjervedal, der han bor i det 210 år gamle hvite innhuset, med et dikt: «Stundom, om kveldane / taler eg med huset eg bur i / // Eg undrast om huset / vil tale med seg sjølv // når eg er død.» Faksimile: Fædrelandsvennen
HUSPOET: Oddbjørn Aardalen fikk Fædrelandsvennen på besøk da han ga ut sin fjerde diktsamling i august i fjor. I årets siste måned ble han kåret til månedens poet i Dagbladets diktkammer. Han forteller om gården Skjervedal, der han bor i det 210 år gamle hvite innhuset, med et dikt: «Stundom, om kveldane / taler eg med huset eg bur i / // Eg undrast om huset / vil tale med seg sjølv // når eg er død.» Faksimile: FædrelandsvennenVis mer

Sørlandets skald med knallavslutning på året

Oddbjørn Aardalen ble 2012s siste månedspoet.

(Dagbladet): Forrige gang Oddbjørn Aardalen ble månedens poet, tok han saga fatt. Denne gangen feiret desemberpoeten på et vis som kler den stille, kalde tida:

— Det er så mykje snø her at nå blei det å setje seg ved skriveromsglaset med ein skvett whisky i glaset, sjå ut i januarmørkret, gjennom vindauget og seie gratulerer til det markerte firkanta andletet der. Andletet smilte tilbake og sa: Gratulerer du òg.

Som skyene
Poeten er i en veldig skriveutvikling. I 2012 var han i finalen flere ganger, og i august ga han ut sin fjerde diktsamling, kalt Rundetid.

Diktet han går til topps med har han kalt «Landbruksmelding» (se boks til høyre). Her kobler han de familiære og nære ting til storpolitikk og klimaspørsmål.

— Kan du fortelle litt om hvordan det ble til?

— Diktet blei til som regnet blir til. Eller skyene. På eit vis det ikkje er lett å forklare. Det berre var der. Plutseleg. Slik dei fleste dikta mine kjem, som ein soloppgang, som eit vennleg smil frå eit barnebarn, som ein vind frå sør.

— Hvordan begynte du opprinnelig å skrive?

— Eg har heile livet vore eit skrivande menneske. Stilane mine blei jamleg lese opp på folkeskulen — det hendt ikkje sjeldan at eg skreiv stilar for andre òg. Mor mi skreiv dagbok og ho fekk meg inn på den låma for 60 år sidan. Då var eg 8 ½ år. Sidan har det eg skrive dagbok kvar dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Da han som 65-åring ble pensjonist, skrev han dagbøkene inn digitalt, samlet dem kronologisk og skrev dem også ut:

— Eg skreiv har tolv store A4-protokollar ståande, ruvande svartglinsande i bokhylla her på skriveromet. Arbeidet tok to år. Det gjorde godt.

Høfleg nei
Om hvorfor han skriver gir han følgende kortversjon:

— For å bli betre kjent med meg sjølv. Eg har alltid vore nysgjerrig på kven han er, denne lyslugga, blåøygde filantropen som folk kallar Oddbjørn. Han er svært spesiell, til tider innvikla, til tider velsigna enkel. Eg må medgje: Eg vil nok aldri lære han å kjenne heilt ut, men skrivinga hjelper, ingen tvil om det.

Fire diktsamlinger har det blitt til nå. Den siste fikk han antatt på et større forlag, likevel valgte han å bli hos Setesdalsforlaget:

— Det er eit lite forlag i mitt nærområde. Det har kanskje ikkje vore forlaget for den som ønskjer å nå ut til heile verda sine krokar, krinkar, bibliotek og busshaldplassar. Men det har vore trygt, enkelt og greit. Det var då også hovudgrunnen til at eg avslo tilbodet frå eit større forlag ved utgjevinga av Rundetid. Det blei, kort sagt, så mykje betingelsar, forhold på forlagets premissar, at eg takka høfleg nei. 

Mjuk i røtene
Skrivinga skjøt fart i 2003, og for det får Diktkammeret mye av æren:

— Diktkammeret har vore ein strålande stad: Ei marihøne som har sett seg på handa mi, som av og til opnar vengjene, openbarar skattar i den vakre kista DK er. Vi har ein flott diktlærar, som eg er stor takk skuldig. Han er nok ein vesentleg grunn for at eg trivs så godt her. I tillegg er det dei mange kjempetrivelege kollegaene som ein kan utveksle erfaringer med. Utan forkleinelse for andre, må eg nevne Hilde Susan Jægtnes. Eg blei mjuk i røtene då ho meldte Rundetid på Diktkammeret hausten 2012. Det var både raust og sabla vennleg. Så fin ei oppmuntring er det sjeldan ein får, forteller han.

— «Anerkjenning er eit ord som ligg på leppene», har du skrevet i en av flere hyggelige e-poster til meg. Hvordan og hvorfor er anerkjennelse viktig?

— Eg må innrømme at kritikk, både positiv og negativ, betyr mykje for meg. Mellom anna derfor gjer det godt å bli månadsfinalist. Eg har vore nominert 16 gonger og dette er fjerde gong eg blir månadspoet. Det gjorde også veldig godt å få vere med på lanseringa av Å våga seg ut i ord på Litteraturhuset i Oslo 30. oktober 2011, og å kunne bidra med tri dikt i den flotte boka.

Han liker også godt å lese høyt for et publikum:

— Det har blitt mange opptredenar etter kvart, forskjellige stader i landet. Fleire av dikta mine er også tonesette og har blitt framføret med vakker musikk og song. Mellom anna har son min (som komponerer) bidradd.

— «Populær skald» kaller Fædrelandsvennen deg i et intervju, og du har også jevnlig dikt på trykk i nevnte avis?

— Ja, eg er så heldig å ha eit dikt i helgeutgåva, God helg, kvar siste laurdag i månaden. Dette er eit samarbeid med ein lokal naturfotograf, og på dette viset får dikta ekstra vakre omgjevnader å spire i.

Biene surrer
Han kan godt kjenne seg igjen beskrivelsen «skogens son»: Han er opptatt av naturen, og det å ta vare på den, og han lar seg inspirere av den.

Desemberdiktet «Landbruksmelding» slutter med at Gud bekymrer seg for biene (som de siste årene har forsvunnet i hopetall — se Alt om bier på fem minutter). Kan vi lese diktet inn i rekka av klimaorienterte vinnerdikt i kammeret det siste året, eller er det noe annet han vil si?

— Kva vil eg med diktet? Eg veit ikkje, kanskje vil ein heve røysta litt i Emily Dickinsons ånd og seie: Høyr. Ennå surrar biene. Det skal vi menneske vere glade for. Slik er det. Januardagen begynner å vakne. Dei første blåmeisene har kome til brettet. Framføre meg på skrivebordspulten ligg eit blankt A4-ark som lengtar etter å bli skrive på. Av mi hand. Min svarte tørrblekkpenn. Ved sida ligg Uroens bok av Fernando Pessoa. Slik er det. Eit par, tri trygge forutsetninger som må vere her for at sinnet skal følgje kroppen ut i den nye dagen.

— Har du andre kilder du går til for rettledning, ideer, den såkalte «inspirasjonen»?

— Den aller største inspiratoren og støtta er så nær at ein lett kan gløyme henne: Kari, kona mi gjennom snart 40 år. Så flott ei inspirasjonskjelde, så stor ein oppmuntrar, så god ein korrekturlesar, finn ein ikkje om ein leitar aldri så langt og lenge!

Les juryens kommentar:

Norsk kultur!
Under ein svært så nøktern tittel, og med ein tone som om alt som her vart sagt er sjølvsagt og klårt, kastar diktet oss ut i eit grotesk og surrealistisk univers der lesaren sjølv må finne vegen. Kva er dette? Og korleis er eigentleg landbrukspolitikken skapt, då? Avslutningsvis får me eit bilete av ein bekymra Gud som ikkje får summetonen.

Her skal ikkje gjevast noko oppskrift på tolking av dette, men jurymedlemmane er fascinerte over denne demonstrasjonen av kva eit kort dikt kan få til med medviten bruk av verkemidla.

Og me kjenner trong til å nemna at denne poeten, som har vore månadens poet før, og som er inne i ein svært aktiv periode, stadig oftare skapar dikt som får Diktkammerdeltakarar og Diktlærar til å sperre augo opp. Ein friare og meir leikande stil kombinert med eit jordnært alvor skapar ein flora av lyrikk der menneska sin kvardag og gitte vilkår spelar på lag med fantasien og kjensla av dette store me er ein del av. Slik god kunst kan. Her er «småfuglstipend», «Norsk bonde- og svarttrostlag» og «septembers bestemorfang» i eit univers der lesaren sit att med gleda over å vera tilstade medan poeten møter kvinner og minne. Og der han er både trygg, jordnær, overraskande og sjølvironisk. Gode dikt følgjer gode dikt og nokre av dei skin av undringas perlemor. Dette er i alle fall norsk kultur, tenkjer ein. At denne diktaren i tillegg stadig støttar opp om, bryr seg om og oppmuntrar andre skrivande, og gler seg over deira framgang, er ei anna sak. 

For juryen,
Helge Torvund

Helge Torvund er diktlærer, forfatter og lyrikkanmelder. Få med seg Torvunds ferske leksjon, «Ei gransking av nyansar».

DIKT I DAGBLADET: Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbys Dikt.no, et skriveverksted der det er åpent for flere sjangere.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker om og av kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave (Samlaget 2011)

FEIRET PÅ VINTERVIS: Oddbjørn Aardalen tok seg en ettertankens whisky da han ble utkåret til desemberpoeten 2012. Foto: Privat
FEIRET PÅ VINTERVIS: Oddbjørn Aardalen tok seg en ettertankens whisky da han ble utkåret til desemberpoeten 2012. Foto: Privat Vis mer