Sosiale forskjellar i skulen

Fem grunnar til sosiale forskjellar i skolen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Som i samfunnet forøvrig, har vi tydelege sosiale forskjellar også i skulen. Ein kan dra fram nokre moment som er med på å halde oppe desse forskjellane:

1. Heimelekser: Det er eit faktum at somme elevar får god hjelp med heimelekser. Dei har føresette som sit attmed og gir råd og hjelp, forklarer og gir moralsk støtte i heimearbeidet. Desse elevane får eit forsprang som det ikkje nyttar å ta att på skulen neste dag. Motsatsen er dei foreldra som slett ikkje evnar eller har lyst til å hjelpe barna med leksene. Som illustrasjon på dette ytterpunktet kan eg nemne eit sitat frå ei mor: ”Eg hjelper ikkje barna med leksene, for det har læraren betalt for å gjere!” Heilt logisk var ikkje denne utsegna, men mora si haldning er iallfall ikkje til å ta feil av.

2. Ansvar for eiga læring: Det er utan tvil verdfullt å kunne ta ansvar for eiga læring, og ein vil ha stor nytte av ein slik eigenskap gjennom heilt studieløpet. Personlege eigenskapar og støtte frå foreldre er viktige føresetnader for om ein elev klarer å ta nødvendig ansvar for å jobbe med stoffet på eiga hand. Somme elevar tek dette ansvaret, og da særleg under prosjektarbeid og heimelekser, og taklar det godt. Medan andre elevar ikkje klarer det. Her er det lett å sjå for seg at det vil bli store forskjellar elevane imellom.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer