Skjør balanse: Menn ventar på å få utlevert mat i Barcelona. «Dagens økonomiske og politiske konfliktar har splitta Spania og endra den skjøre balansen som sidan 1975 har eksistert mellom sentralmakt og regionar», skriv kronikkforfattaren. Foto: Emilio Morenatti/AP/Scanpix
Skjør balanse: Menn ventar på å få utlevert mat i Barcelona. «Dagens økonomiske og politiske konfliktar har splitta Spania og endra den skjøre balansen som sidan 1975 har eksistert mellom sentralmakt og regionar», skriv kronikkforfattaren. Foto: Emilio Morenatti/AP/ScanpixVis mer

Spania neste?

Dei økonomiske og sosiale skilnadene mellom folk er blitt så store at legitimiteten til styresmaktene er rokka.

Spania er ikkje lenger attraktivt for arbeidarar med låg utdanning. Migrasjonsstraumane har snudd. Hundretusenvis av immigrantar som kom til Spania i byrjinga av 2000-talet ser seg no om etter nytt arbeid og nye sjansar i nye land. Ei meiningsmåling mellom illegale innvandrar syner at 65 prosent av dei er inne på tanken om å reise frå Spania alt før 2011 er omme. Og i tillegg er spanjolar sjølve, ofte høgt utdanna, på veg ut or landet på jakt etter ei tryggare utkome. Berre i 2010 emigrerte 90 000 spanjolar til Brasil, USA, Argentina og andre land.

Bustadbobla på 1990-talet og starten på 2000-talet sprakk ettertrykkjeleg i 2007-2008, og i åra 2008-2010 gjekk over 200 000 byggjeselskap over ende. Dette talet på konkursar indikerer i seg sjølv det overdimensjonerte i byggjeaktivitetane i åra før. Følbare følgjer av krisa i 2008 var auke i arbeidsløysa, bankar som ikkje lenger kunne eller torde låne ut og folk som hamna på gata fordi dei ikkje kunne betala på bustadlåna sine. Sjølv om ein måtte levere frå seg bustaden, så blei ikkje gjelda borte av den grunn. Første kvartal av 2011 blei det i Spania effektuert 16 000 utkastingar der leigebuarar på rettsleg grunnlag blei tvinga til å flytte ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rørsla til dei indignerte, som blei skipa i Madrid 15. mai i år og sidan berre har vakse i oppslutnad over heile landet, har kampen mot slike utkastingar som ei av sine viktigaste kampsaker. Fleire stader krev ein rett til ein verdig bustad, slik grunnlova garanterer, samstundes som ein protesterer mot «bankar som misbruker hypoteklån». Venstregrupperinga IU (Sameint Venstre) skuldar det konservative partiet PP (Partido Popular) for å ha liberalisert bustadbygginga då partiet hadde regjeringsmakta i perioden 1996-2004, og det slik at mest all grunn kunne nyttast til utbygging. Såleis er det mange i Spania som meiner at grunnlaget for bustadbobla, arbeidsløysa og den noverande økonomiske krisa blei lagt under PP si regjering.

Det store spørsmålet i Spania er kva som vil skje med arbeidsløysa, bustadkrisa og andre manifestasjonar av den økonomiske krisa når PP etter alle solemerke å dømme vinn parlamentsvalet 20. november. Partiet har i første rekkje lova å få fart på arbeidsmarknaden ved å skapa nye arbeidsplassar, men er svært lite konkret med omsyn til korleis dette skal gjerast. Skjer det gjennom liberalisering av arbeidslivet med meir fleksible arbeidskontraktar, ligg det an til mykje bråk frå dei to største fagforeiningane, UGT og CCOO, som framleis står etter måten sterkt i Spania. Det regjerande sosialistpartiet, PSOE, er dei seinaste åra blitt møtt med protestar og demonstrasjonar frå si «eiga fagforeining», UGT, på grunn av til dels drastiske kutt i velferdstilbod.

Dei økonomiske innstrammingane i Spania har gjeve næring til ei politikarforakt som i halvtanna hundreår har komme til uttrykk gjennom det folkelege slagordet om at «alle politikarar er like», underforstått at dei alle er bandittar. I ein situasjon der arbeidsløysa totalt sett omfattar 4 360 000 personar, eller rundt rekna 22 prosent av arbeidsstokken, er det dei unge som betaler den høgaste prisen. I gruppa 16-25 år er mellom 40 og 45 prosent utan fast arbeid, utan eigen bustad og i svært mange tilfelle utan anna håp enn det emigrasjon kan gje dei. Utsegna «Vi er ikkje imot systemet, systemet er imot oss» summerer opp kva desse ungdommane føler andsynes det politiske og økonomiske maktapparatet. Her ligg kimen til opprør eller til totalt anarki.

Ei sentral konfliktline i Spania går mellom sentralistar og regionalistar, og her har konfliktane så vel økonomiske som politiske og ideologiske overtonar. Catalonia og Baskarland er mellom dei rikaste regionane i Spania og dei som har størst medvit om eigen identitet. Sentralismen ligg i ryggmergen til det konservative PP, og får partiet absolutt fleirtal i parlamentet - noko som slett ikkje er usannsynleg ut frå meiningsmålingane - kan det gå mot harde politiske og økonomiske slag mellom den spanske sentralregjeringa og dei autonome katalanske og baskiske regjeringane. Slaga vil stå om økonomiske overføringar frå desse rike regionane til dei fattigare områda i Spania, men like mykje om overføring av meir politisk makt til dei same to regionane, slik spesielt katalanarane har kravd dei seinaste åra.

To strategiar har vore nytta i samband med separatist- og terroristorganisasjonen ETA i Baskarland: forhandlingar og hard politisk og militær kamp. Sosialistane i PSOE har mest nytta forhandlingskortet, medan PP har svore til den harde linja, jamvel om også dei konservative sendte ut emissærar for å forhandle på slutten av 1990-talet. Fram til desse dagar har PP i til dels sterke ordelag kritisert PSOE for ein «ettergjevande forhandlingsstrategi» andsynes ETA, og mellom politiske kommentatorar i Spania blir det hevda at det stakk i leiande politikarar i PP - men ikkje presidentkandidat Mariano Rajoy - då det blei kjent at ETA hadde lagt ned våpna for godt. Det står att å sjå om våpenkvila varer ved dersom ein eventuell valsiger til PP fører til forverra politiske vilkår for baskarane.

Dagens økonomiske og politiske konfliktar har splitta Spania og endra den skjøre balansen som sidan 1975 har eksistert mellom sentralmakt og regionar. Samstundes er dei økonomiske og sosiale skilnadene mellom folk blitt så avgrunnsstore at legitimiteten til styresmaktene er rokka. Skyhøg utanlandsgjeld vil svinebinde handlingsrommet til den spanske staten i åra som kjem, og krisepakker frå EU og Det internasjonale pengefondet vil ganske sikkert innehalde krav om innstrammingar i offentleg sektor og ein pensjonsreform. Og så lenge bankane ikkje har pengar å låna ut, kan det bli ei komplisert og samansett oppgåve å skapa nye arbeidsplassar, anten det er den konservative Mariano Rajoy eller sosialisten Adolfo Pérez Rubalcaba som sit ved det politiske roret etter valet 20. november.

Spania kan radt bli neste land i uføret i EU.

Protesterer: Rørsla til dei indignerte i Madrid demonstrerer mot budsjettkutt og arbeidsløyse. «I ein situasjon der arbeidsløysa omfattar 22 prosent av arbeidsstokken, er det dei unge som betaler den høgaste prisen», skriv Johannes Nymark. Foto: Pedro Armestre/AFP/Scanpix
Protesterer: Rørsla til dei indignerte i Madrid demonstrerer mot budsjettkutt og arbeidsløyse. «I ein situasjon der arbeidsløysa omfattar 22 prosent av arbeidsstokken, er det dei unge som betaler den høgaste prisen», skriv Johannes Nymark. Foto: Pedro Armestre/AFP/Scanpix Vis mer