Foto: Faksimile/YouTube
Foto: Faksimile/YouTubeVis mer

Spansk rapper dømt for å hylle terrorisme og krenke kongen

Je suis en rapper. Kor mykje skal til for å verte straffedømd for å rappe i Europa?

Det er merkelege tider i Europa. Folk er redde for terror. Folk er redde for ytringsfridom. Folk er redde for alternative fakta og satiriske teikningar. Her får du ei sak som ikkje er «fake news», berre svært polemisk skrive: Me er såpass redde i Europa at me har begynt å fengsle rapparar for å vere litt barnslege og store i kjeften.

Me er vane med at musikarar og andre kunstnarar er fritt vilt i mindre demokratiske land i andre verdsdelar, og dei siste åra ser hip-hop ut til å vere ekstra hardt råka. (Dette er berre mitt inntrykk. Eg har kontakta Amnesty, men dei har ingen statistikkar som går på sjangrar.) Av dei nyare og meir skandaløse eksempla, er den iranske rapparen Amir Tataloo, som vart arrestert i Teheran i fjor haust, og dømd til 74 piskeslag og fem år i fengsel for å lage umoralsk musikk. Sørgeleg, især fordi ein ikkje vert overraska.

Men no skjer det altså òg i Europa. Eg har ikkje registrert at nokon norsk journalist har skrive om den mallorkinske rapparen Valtónyc, som er på veg i fengsel, så no gir me han litt merksemd her i «Vers»-spalta.

Dette har skjedd: Josep Miquel Arenas er ein sytten år gammal gut på Mallorca. Han er politisk aktiv på den aller ytste venstre fløya, og han rappar på katalansk. Som undergrunnsrapparen Valtónyc lagar han heilt ordinær men ikkje dårleg politisk rapp, som han deler ivrig på nettet. Han lagar enkle videoar til nokre av songane, og lastar dei opp på sin eigen YouTube-kanal, til dømes videoen til songen «No al Borbó».

Denne songen vart laga på oppdrag frå det spanske tv-programmet «La TuerKa», med Pablo Iglesias som programleiar og regissør (Iglesias er i dag leiar av det venstreorienterte politiske partiet Podemos, som vart skipa i 2014). «No al Borbó» vart tinga til ei sending som handla om den 2. spanske republikken (1931-1939). Valtónyc kritiserer, truar og gjer narr av det spanske kongehuset i teksten. Nesten fem år seinare, i februar 2017 vert Josep tiltalt og dømd for hylling av terrorisme, krenking av offer for terrorhandlingar, majestetsfornærming, og truslar. Grunnlaget for tiltalen er dei samla tekstane hans, men ein tekst påtalemakta fokuserer særleg på, er nettopp «No al Borbó».

Det er ikkje berre tekstane isolert sett han er dømd for, det er òg omfanget og distribusjonen. Han har skrive mange rapptekstar, og han har vore flink til å spreie songane på nettet, og han har spelt konsertar. Derfor er det snakk om mange og gjentatte ytringar, og derfor har det gått frå å vere politisk kritikk til å vere personangrep og hatytringar. Det seier Audiencia Nacional, som er ein domstol i Madrid med jurisdiksjon over heile det spanske territoriet, og med ansvar for særleg alvorlege saker.

Dei er hissige med terrorlovgivinga si i Spania, og paragrafane som handlar om hylling av terror er hyppig i bruk. Det er forståeleg når ein tenker på landets nyare historie. ETA åleine tok livet av meir enn 800 personar mellom 1968 og 2010, og det er som regel denne baskiske separatistrørsla det handlar om når borgarar vert tiltalte på stripe, for tvitring eller andre ytringar. Men sakene vert som regel lagt vekk igjen, eller dei resulterer i bøter og andre mindre straffer.

Den mallorkinske rapparen, derimot, er dømd til – hald på capsen! – tre og eit halvt år i fengsel, for å lage musikk i ein sjanger der overdrivingar og sterk polemikk er sentrale verkemiddel. For å illustrere absurditeten i dette, kan me ta med at Valtónyc òg er dømt til å betale 3000 euro i erstatning til politikaren Jorge Campos, fordi rapparen har trua politikaren på livet; Valtónyc seier til dømes at han vil sprenge Campos med ei atombombe. At ein mallorkinsk tenåring har atomvåpen på rommet sitt, er vel relativt lite truleg.

La oss sjå litt nærare på teksten, la oss sjå kva som skal til for å verte kasta i kasjotten i EU no til dags. «No al Borbó» tyder «nei til borbonaren», altså eit nei til dåverande kong Juan Carlos, og låten er ein lang tirade av fornærmingar og truslar mot den spanske krona.

Teksten vart skrive like etter at kongen hadde vore på ei mykje omtalt og lite populær elefantjakt i Botswana, og Valtónyc opnar låten med å spørje om kongen eigentleg hadde jakta på elefantar eller horer, før han like godt påstår at kongen skaut og drap sin eigen bror i 1956. (Veslebror Alfonso døydde etter eit vådeskot. Den einaste andre personen i rommet, var Juan Carlos, og rykta og historiene er mange. Den offisielle forklaringa er at Alfonso skulle reinse våpenet, og skaut seg sjølv ved eit uhell.)

Ein mykje omtalt kuplett, er denne: «Vi kan ikkje velje, vi har ikkje noko val / Men ein dag vil vi okkupere Marivent med ein Kalashnikov». Den fyrste linja er ein seiemåte frå den gongen det spanske folket skulle stemme over val av styreform etter at Franco døydde i 1975. Svært kort fortalt, kunne ein stemme for monarki eller monarki. I den andre linja fortel den republikanske rapparen derfor at han vil okkupere kongefamilien sin ferieresidens på Mallorca, med våpen i hand. Vaktene rundt palasset har visst fleire gongar avslørt ETA-terroristar i buskene, så dette er kanskje ei litt utriveleg tekstlinje for familien – om dei vel å tru at rapparen meiner dette bokstavleg.

Slik går det meste av teksten. Rapparen påstår at Juan Carlos vart valt av ein diktator, som er sant. Han påstår òg at kongen ikkje er demokrat, men ein maskert diktator, som kanskje er å ta i litt.

Alle døma eg har presentert her, er siterte i dommen. Dokumentet inneheld side opp og side ned med lausrivne sitat frå i alt 15 rapptekstar, også frå låtar der han meir direkte hyllar ETA, og krenker offera. Som i låten «España goma 2»: «La oss sjå om ETA plasserer ei bombe, og ho eksploderer» og «Til alle dei som er redde når dei startar bilen sin, dei skal vite at når ribbeina deira blir sprengde, skålar vi i champagne».

Det er ikkje særleg modent, det er ikkje spesielt bra. Det er i alle fall ikkje god smak. Det er ein sint ungdom som lagar aggressiv politisk kunst.

Ein tekst er aldri berre ein tekst, det er heilt tydeleg. Og i nokre tilfelle, som i dette, vert teksten òg framført på eit vis, då er teksten ein del av eit kunstverk, og då er orda si tyding berre ein del av uttrykket. Rappens prosaiske form ligg nær snakking, både i stil og innhald, og manglar melodiens formildande slør. Interessant nok, til meir eksplisitt politisk ein rapp er, til mindre melodisk er som regel rapparen sitt flow. Rapp er sanning, song er fiksjon.

Ja, eg postulerer vilt rundt meg, og klaskar like godt til med eit heilt legitimt polemisk spørsmål: Kva om Valtónyc sine tekstar var nøyaktig dei same, men i staden for å rappe, så song han? Og kva om han i staden for palestinaskjerf, revolusjonært knytte nevar og hip-hopfakter, hadde på seg raud klovnenase, og gleid på bananskrell?

Dette er ei sak som får mykje merksemd i Spania. Den unge kunstnaren får òg støtte frå mange hald, folk demonstrerer og held støttearrangement.

Josep «Valtónyc» Miquel Arenas har anka dommen. Om anken vert akseptert, skal han møte i høgsterett – elles er det rett i fengsel.

Dette skjer altså akkurat no, og her. Det er merkelege tider i Europa.