Spiderwoman, seier du

Eg får ikkje puste. Les finalistene i Skolekammeret.

(Dagbladet.no): Februar bød på nok en sterk finale i Skolekammeret. Etter juryeringsseansen klarte vi likevel å plukke ut følgende fire finalister: 

Alabama

Eg vil leike

med lyset

O måne

over Alabama

endå

50 000 lysstrålar

er på veg

kastar lys

over

den merkelege

hendinga

O måne

over Alabama

Skrevet av luna

Kokong

Ko-kong ko-kong ko-kong

seier hjarterytma når du ligg i silkelaken, og eg

syr korssting

forseglar spindelvevstoffet kring kroppen

kring sprinkelburet som beskyttar

dei mjuke lydane

er det siste teikn på liv, Spiderman no

spinn eg silke over andletet ditt,

og du vert liksom perfekt

igjen som

eit ideal

Ideell

For stryking over,

huda varm når eg er kald

kjølig når eg er heit

Spiderwoman, seier du,

eg får ikkje puste

i stabilt sideleie ligg du

med hovudet mitt i knehasane dine

Ko-kong ko-kong ko-kong

Skrevet av sak

dagen minner om en annen dag

vinden er vissen

takene blir grå av

skitne skyer

gata mi er blank og

blikket mitt

en blyfisk

blodstrømmen går

frem og tilbake

jeg sykler i ring

det ligger en stor stein

midt i veien

jeg har sirklet rundt

skyggen av en stein

Skrevet av ninja2go

Pusterom

den nakne brystkassa hevar seg

senkar seg

det er ei anna brystkasse denne kvelden

eg vil pakke den med meg

i ei anna kasse

bere den med meg

kor eg fer

og alltid vite

at eg har ei brystkasse å sjå på

når kvelden nærmar seg.

Skrevet av O.P.

Hvem som vinner kommer vi tilbake til neste uke.

I juryen sitter Kristian Rishøi, Niels Nagelhus Schia og Birgitte Mandelid