Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Spinningmor og birkebeinerfars ansvar

Det er tydeleg at det trengs eit krafttak for sunn tenking rundt mat i både over- og underklassen.

LITT AV ALT Det handlar om  å lære ungane at det er greitt med grønsaker, men at det og er greit med en sjokolade i ny og ne. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB Scanpix
LITT AV ALT Det handlar om å lære ungane at det er greitt med grønsaker, men at det og er greit med en sjokolade i ny og ne. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB Scanpix Vis mer

«Henrik liker ikkje jenter som meg.» Sitatet kunne vore henta frå ei tenåringsjente frå ein eller annan stad i Noreg. Det ville vore sårt då og. Men det som er spesielt med dette sitatet er at det er henta frå Tone på fire år. Ei heilt vanleg jente på Oslo Vest. Då mora spurde jenta om Henrik hadde sagt at han ikkje likte ho, så hadde han ikkje det. Men ho fortalte at ho og veninnene hennar snakka om dette. Og om kven som var fin og kven som ikkje var fin. Kven som hadde fin kropp. Og kven som ikkje hadde det. Altså i ein vanleg barnehage i Oslo vest. Med jenter i 4-5 årsalderen.

Men Oslo vest er visst nok ikkje heilt vanleg. Kristin Sofie Waldum som er helsesøster i Oslo vest, gjekk denne veka ut med tal som syner at på fleire barneskular i denne delen av byen, er det fleire undervektige enn overvektige born. Bakgrunnen for dette meinte Waldum var foreldre med eit overdrivent fokus på sunne vanar og frykt for å få overvektige born. Aldri pannekaker til middag, og graut utan sukker og smørauga på laurdagen. Dei «spinningivrige mødrene» sender med borna sine tørre knekkebrød med kokt kalkun og mager ost som matpakke på skulen, medan dei «i hjeltrena birkebeinerfedrene» syt for at ungane får regelmessig trening. Og det er jo ikkje noko gale i å leve sunt. Men min påstand er at det er «spinningmora og birkebeinerfaren» som er delvis skuld i at Tone meiner at Henrik ikkje liker jenter som ho. Og desse haldningane drar borna med seg resten av livet.

Kva oppvekstmiljø er det i Oslo vest? Kva krav som eigentleg vert stilte til dei ungane som skal vekse opp der. Forsking syner og at dersom barn får velje, vil dei ikkje ha overvektige vener. Er det dette som ligg til grunn for foreldre på vestkanten sitt overdrivne fokus på sunnheit og kosthald? Er ein redd for at ungen ikkje skal få vener? Er ikkje filmen om Tina og Bettina så langt frå røynda borna i Oslo vest lever i? Eller er det foreldra sine eigne kompleks og kriser som dei påfører ungane sine? Det er ikkje nok å ha ein god jobb, eige hus og fin bil. Far skal og vere topptrena, ha like mykje sportsutstyr som ein sportsbutikk i Førde og springe det som er mulig å springe av maraton og løp. Mor skal sjølvsagt ha eigen karriere og rekke å være på treningsstudioet før jobb og barnehage. Rundt det «sunne lågkarbo-middagsbordet» vert det gjerne snakka om trening, kosthald og misnøye med eigen kropp. Truleg høyrer mange born også andre sine kroppar og kosthaldsvaner bli omtalt. Men nok ikkje i særlege positive ordlag. Me er jo best når me vert samanlikna med folk som ikkje er like nøye som ein sjølv. Og me liker jo alle å være best.

Kristian Fjellanger
Kristian Fjellanger Vis mer

Ei relativ ny undersøking syner at problemet med overvekt blant barn og unge er nesten dobbelt så høgt på landsbygda, som i Oslo. Og det er jo isolert sett ein positiv nyheit for Oslo. Men om dette resultatet kjem at av det er fleire born i Oslo som er underernærte, så har ikkje nyheita like positive forteikn for byen. Når jaget etter det perfekt blir ein mani, då er ein ute på ville vegar. Når ein påfører borna same manien er det omsorgssvikt.

Ein finn eksempel på tilsvarande galskap frå andre delar av landet. I ein barnehage i Sande i Vestfold, kom det eit krav frå foreldra om at barnehagen skulle servere lågkarbomat til lunsj. Då har galskapen faen i meg nådd nye høgder. Born i barnehagen skal ikkje gå på slankekur eller delta i vanvitige ernæringseksperiment ein ikkje veit dei langsiktige verknadane av. Ein forskingsrapport på barn og unge si halding til eigen kropp, synte at halvparten av norske jenter på 15 år syns sjølv dei er for tjukke. Tal frå folkehelseinstituttet syner at berre 13 % av desse jentene faktisk har overvekt eller fedme. I media kan ein og lese om gutar i 10-årsalderen som bygger musklar og unge jenter på knallharde slankekurar som får tips frå anoreksibloggar om korleis dei kan skjule tilstanden sin.

Sjølvbilde til born og unge er det me vaksne som skaper. Når me vert perfeksjonistar og strevar etter den perfekte kroppen. Det er ikkje nok og vere slank. Me skal ha musklar, være definerte og ha fin hud. Og sjølvsagt dei rette kleda og utstyret for å toppe det perfekte. Stakkars ungar. Som skal arve haldningane våre.

At kropp og klasse heng saman, er eit uomtvisteleg faktum. For på den andre sida av det klassedelte Oslo er det annleis. Der viser tilsvarande tal frå helsesøstrene at det er langt fleire overvektige enn underernærte ungar. Levealderen er lågare, utdanningsnivået er lågare og folk er feitare. Det er reine skjære elenda. På landsbasis syner tal at 17 prosent av gutane og 22 prosent av jentene i tredje klasse har overvekt eller fedme.

Utfordringane med born og unge sine kroppar er todelt. Og ein må ha fleire tankar i hovudet på ein gong. For det første handlar det om å la born få eit fornuftig bilde på korleis ein kropp ser ut. Og sørgje for og gje dei gode, ekte og sunne førebilete. Dei bilda som ein ser i media, blader og reklamer i dag - er jo ikkje ekte. Dei gjer at borna våre ønskjer ein annan utsjånad enn det dei har. For felles for alle desse ungane, anten dei har for mange kilo eller for få, er at dei skammar seg. Skammar seg over kroppen sin og skammar seg over å ikkje vere perfekte. Det er eit problem som me vaksne må ta innover oss. Når me snakkar slik at borna høyrer oss om å ta av nokre kilo eller når me høglydt klagar over korleis kroppen vår ser ut. Og påfører borna våre skam. Skam over det å være heilt normal. Me har alle eit ansvar for å gje borna gode haldningar og gje dei gode sjølvbilde.

Men, det er jo og ei utfordring at fleire og fleire born vert overvektige - og no og undervektige. Her har me som samfunn behov for å ta grep. Me treng ein dugnad for å komme i bevegelse. Tal syner at heile 20 prosent av befolkninga beveger seg mindre enn ti minutt for dagen. Skulen er den einaste arenaen som samlar alle barn og unge. Det er her samfunnet har moglegheit for og gjere dei store grepa, i forhold til born og helse. Det bør i framtidige læreplanar leggast inn krav om dagleg fysisk aktivitet. Lystprega aktivitet som akedagar, turar i skog og mark. Som er med på å gje borna eit positivt forhold til det å være i aktivitet. Ikkje å være den som alltid vert vald sist til fotballaget. Born skal ha raude og friske kinn - ikkje høge kinnbein og definerte musklar.

Følg oss på Twitter

Ei studie om innføring av skulefrukt, viser at ein ser langtidseffektar for konsum av frukt og grønt hos alle grupper elever, uavhengig av sosial status. Tida er no inne for å på alvor prioritere skulemat og sunne og gode matvanar. Det er tydeleg at det trengs i både over- og underklassen, både i Oslo og i Sande. Det handlar om å lære ungane at det er greitt med grønsaker, men at det og er greitt med ein sjokolade i ny og ne. Born bør få vere born så lenge det er mogleg. Sjølv om det er viktig for den framtidige helsa til Tone på fire år at ho har eit sunt kosthald og er i fysisk aktivitet, skal det ikkje vere noko ho skal tenke på. Ho skal ikkje gå rundt å kjenne seg mindre fin enn veninnene sine. Når det gjeldt born og helse bør me vaksne legge oss dette på minnet. Litt av alt. Alt med måte.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media