Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Spion i eigen barndom

Meir varsam og raffinert, men mindre sprelsk enn i første boka.

Les alle bokanmeldelsene

BOK: Kims leik har namnet frå Kimbal O\'Hara, son av ein irsk soldat i India. Ein smykkehandlar som var hemmeleg etterretningsoffiser, ville rekruttera den foreldrelause Kimbal, og med etterretningsarbeid for auga, trena han minnet til «Kim» ved å leggja edelsteinar på eit brett, la Kim sjå på dei ei kort stund, og så leggja eit teppe over. Kim hugsa meir og meir av det som var under teppet etter kvart.

Et glimt

Endre Ruset hugsar også i desse dikta. Dei handlar om den ikkje altfor fjerne barndommen. Ruset er født i 1981! Samstundes spelar tittelen på dette at dikt kan gje eit glimt av noko og setja i gang prosessar i sinnet.

Ruset er ein dyktig poet som arbeider målmedvite med å prøva ut ulike poetiske verkemiddel, frå dei lågmælte til dei viltre. I høve til den første boka er desse dikta flinkare, meir raffinerte og nok også noko mindre spennande. Trøkket er borte frå ein del av tekstane, men dukkar tydeleg fram i «Kirurgi», som er ein sterk og merkverdig tekst.

Absurd

Dei surrealistiske innslaga er fleire stadar tammare enn i «Ribbeinas vingespenn», sjølv om dei også her kan vera absurde og rare. Her er fleire gode dikt, men dei har ikkje alltid den spontane og ville energien. Han prøver nokre stadar å bøta på dette, men det vert ofte bare vilja; «regnet faller epileptisk», «utsikten fra soverommet / er ei munnhule», «høstregnet faller på / et tapt bibliotek».

Det er oppsamling av erfaring, og ei vanskeleg venting på det intuitive biletet, som er medisinen her. I nokre meir forteljande eller eventyraktige tekster lykkast han betre i å skapa nye bilete som samstundes verkar organiske, som i «Søskenring», «Treet i hagen» og «Samler»: 

jeg plukker gule løv opp av tjernet

fisker ett og ett med fingrene

stapper dem i bukselommene

de kleber seg til hendene

fester seg i håret mitt, grønnes

jeg speiler ansiktet

det er fullt av greiner

kjenner armene til en gutt

han klatrer opp i meg

hopper ut i vannet

han har gule øyne

RAFFINERTE DIKT: «Ein dyktig poet som arbeider målmedvite med å prøva ut ulike poetiske verkemiddel,» skriv Dagbladets anmeldar om Endre Rusets diktsamling «Kims lek».
Utforsk andre nettsteder fra Aller Media