Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Spørjande gjennom landskap

Med ei blanding av inderlege spørsmål og vanleg talespråk skaper Øyvind Rimbereid ein frisk poesi.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dei to diktsamlingane til Øyvind Rimbereid, «Seine topografiar» frå i fjor og «Trådreiser» frå i år, er ikkje kva diktsamlingar som helst. Dei er skrivne på stavangerdialekt og med ein munnleg rytme og bølgjande form der trådar vert fletta og topografiar frå mange land vert formidla.

Munnleg form

Stavangerdialekten har før vore brukt skriftleg av Ajax og Per Inge Torkelsen på ein måte som av og til slår inn over dikta til Rimbereid. Dei humoristiske uttrykka deira kan då dra opplevinga av dikta i ei retning som ikkje var tiltenkt. Men poeten vil vinna dialekten også for eit alvorleg uttrykk. Å skriva på dialekt er ei utfordring. Rimbereid skriv for det meste fonetisk der dialekten slår sterkt gjennom, og har med stumme konsonantar i ord som «tid» og «det», noko som gjer teksten meir leseleg for alle. Men heilt konsekvent vert det ikkje. «Språget komme te meg» bryt til dømes med mønsteret.

Det er elles eit større problem at den munnlege forma har ein litt slapp og raus og rund karakter som gjer at nokre av dikta taper i presisjon og stram oppbygging. I eit dikt som «Vandreutstillingen Velasquez, Roma» er dette tydeleg. Rimbereids metode fungerer best i dei lange dikta, der trådar og reiser får rom til å strekkjast ut.

Når dette er sagt, er det bare godsakene igjen. For dette er ein diktar som har evna til å få ein tekst til å syngja, og han nyttar det ikkje til skjønnmåling av landskap eller samfunn. Med ei inderleg spørjande haldning legg han fram lagnader og situasjonar, bylandskap og historie. Trådane er mange, og kan vera vatn, filosofi, politikk og grammatikk. Men rg samlande og utvidande som opninga av boka: «Kor lenge vare et navn?», eller spørsmålet i siste diktet: «E du rg et klapp i luftå?»

42 siders dikt

Dei sterkaste lagnadsdikta handlar om søstera som døyr i «Seine topografiar» og det fascinerande «Synagoge», om ein svært spesiell nabo i same boka. I årets bok utmerkar ikkje minst diktet «St. Petersburg-vatn» seg. Det strekkjer seg over 42 sider! Og det svingar heile tida. Sjølv om Rimbereid av og til vert litt vel dramatisk i uttrykket, så er hovudinntrykket meir prega av nærleik, av observasjonar av daglegdagse ting, sett saman med mangslungne refleksjonar. Det er denne magiske koplinga mellom ei verd omkring poeten som me ser flyta og endra seg, og den like skiftande og mangfaldige indre verda av tankar og kjensler, som skaper slike møtepunkt der orda lever og strekkjer seg ut: poesi!

Hele Norges coronakart