Språk, hat og identitet

SOM BRUKAR

av minoritetsspråket nynorsk føler eg meg grovt krenka og trakka på når Hans Fredrik Dahl får raljere slik han gjer i PS spalta i Dagbladet på søndag. I mitt arbeid som språkpsykolog, der eg har studert samspelet mellom språk og samfunn, har eg sett mange former for språkleg diskriminering. Men sjeldan har eg sett noko så rabiat som Dahl sitt perfide angrep på oss som brukar nynorsk. Dahl fortel Dagbladets lesarar at eg og andre nynorskbrukarar lir av eit hat «som ingen i det lange løp kan kontrollere». Dahl må nesten tolkast slik at eg, fordi eg brukar nynorsk, burde vore innesperra for å sikre meg sjølv og samfunnet mot dette hatet eg «i det lange løp ikke kan kontrollere». Det er ein utenkeleg tanke for Dahl at ein minoritet av det norske folk brukar nynorsk av den enkle grunn at vi veks opp med ein dialekt som språkleg sett ligg nærare nynorsk enn bokmål/riksmål. Altså at eg i mitt dialektmiljø «valde» nynorsk av same grunn som Dahl «valde» bokmål/riksmål i sitt. Men som den spenstige og fantasifulle historikar Hans Fredrik Dahl tydelegvis framleis er, er det meir kreativt å lansere teorien om at eg og andre nynorskbrukarar har valt språket vårt på grunn av eit nedarva, ukontrollerbart hat.

EG MÅ

imidlertid skuffe Dahl med at eg som relativt reflektert språkbrukar i eit etterkvart langt liv aldri har følt dette hatet som «ingen i det lange løp kan kontrollere». Tvert i mot har eg stadig tydelegare innsett det omsorgsskapande aspektet ved språk og kommunikasjon. Dette reflekteter seg ikkje minst i kapitlet mitt om språkleg kommunikasjon i den nye boka «Det omsorgsfulle mennesket» (red. Hilde E. Nafstad). Menneskeleg kommunikasjon - til og med den eg og andre fører på nynorsk - er stort sett drive av andre krefter enn hat. Dessverre for Dahl er mitt kapittel skrive på nynorsk, dette uttrykket for «storslått galskap som har hjemsøkt vårt land». Men eg kan trøste Dahl med at alle dei andre kapitla i boka er skrive på «majoritetsspråket» bokmål/riksmål. Til sist: Om Dahl har ein hanekamp med Fløgstad treng han vel ikkje rakke ned på identiteten til alle oss vanlege nynorskbrukarar. Eller er dette fatisk Dahls spesielle historiske syn på oss?