NORSK: Ein kan ikkje bruke «norsk» som offisielt namn på berre den eine av målformene, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjonsfoto: NTB scanpix
NORSK: Ein kan ikkje bruke «norsk» som offisielt namn på berre den eine av målformene, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjonsfoto: NTB scanpixVis mer

Norsk-debatten:

Språk må faktisk delvis styrast av politikarar

At kvar og ein «eig» språket tyder ikkje at ein stat ikkje bør ha ein språkpolitikk.

Meninger

Trond Vernegg frå Riksmålsforbundet reagerte på innlegget mitt om offisiell språkpolitikk. Kanskje var han framleis prega av debatten med leiaren i Noregs Mållag.

Eg prøvde så absolutt ikkje å fremje mi eiga målform, og eg har heller ikkje skrive at bokmål eigentleg er dansk. Eg viste til den offisielle språkpolitikken, der det er klart formulert at ingen av målformene skal diskriminerast. Eg skreiv også: Både bokmål og nynorsk er norsk.

Hovudpoenget mitt var at ein ikkje kan bruke «norsk» som offisielt namn på berre den eine av målformene. Sjølvsagt kan ein når som helst seie at ein skriv norsk, og meine at ein skriv bokmål. Det same gjeld om ein skriv nynorsk.

Og om ein seier at ein pratar norsk, vil dei fleste av oss gå ut ifrå at det er éi eller anna form for dialekt eller ein regionalt farga variant som i større eller mindre grad liknar på éin av skriftnormalane.

Vernegg spør retorisk om språket er hans, eller om det er staten sitt. Kvar og ein «eig» sjølvsagt språket, og det er ein svært viktig del av identiteten.

Men det tyder ikkje at ein stat ikkje bør ha ein språkpolitikk.

Korleis skal ein til dømes undervise i rettskriving dersom ikkje politikarar kom fram til felles normer som ein kan rette seg etter?

Den enkelte språkbrukaren kan sjølvsagt snakke og skrive som han eller ho vil, men ein bør ha ein instans som kan bestemme innanfor visse rammer kva som skal vere felles i offisiell kommunikasjon.

Vernegg vil gjerne fremje norsk språk og samarbeide med målfolk. Han skriv: «Ditt språk er like godt som mitt språk, mitt språk er like godt som ditt språk». Det er nettopp derfor den eine målforma ikkje kan ha einerett på å kalle seg «norsk».

Lik Dagbladet Meninger på Facebook