Språk, makt og omsorg

TRADISJONELT HAR

det vore vanleg å oppfatte språk som reiskap for tanken og verktøy for kommunikasjon. Reiskap og verktøy er i sitt vesen nøytrale. Det er reglar, mange og til dels kompliserte for korleis språket skal brukast på korrekte måtar. Filologane har tradisjonelt forvalta kunnskapen om språket. Som filologiens trofaste fotfolk har lærarane med raudblyant lært generasjon etter generasjon reglane for korrekt språkbruk. Tradisjonelt har det vore slik. Men slik er det ikkje lenger. Og da tenkjer eg ikkje primært på det som mange klagar over at språket er i forfall i den grad at ein kan lure på om lærarane har lagt bort raudblyanten. Det er to andre trekk ved vår forståing av språk eg har i tankane.

For det første er det det forhold at lingvistane og filologane ikkje lenger har noko form for monopol, om dei nokon gong har hatt det, på kunnskap om språk. I tillegg til filologar, lingvistar, filosofar og andre humanistiske fag, er språk i dag sentralt tema for samfunnsfunnsvitskap og psykologi, for biologi og naturvitskap, for matematikk, datafag og informatikk, berre for å nemne nokre sentrale fag som har språk som studieobjekt. Fordi språk er det mest typiske ved mennesket samanlikna med andre dyr, mennesket vert omtala som «språkdyret», er det kanskje ikkje til å undrast over at stadig fleire fag gjer språk til eit av sine tema.

FOR DET ANDRE

er det i dag få som vil oppfatte språket som nøytralt verktøy eller reiskap. I dag er det rimeleg allment akseptert at språket gjennom sine valg av merkelappar, ord og uttrykk når det skal gripe og konseptualiserere røyndommen ikkje kan fungere nøytralt, men nødvendigvis vil representere bestemte perspektiv og interesser. For meir enn tretti år sidan hadde eg sjølv gjennom boka «Språk er makt» gleda av å bidra aldri så lite til at ei slik meir nyansert forståing av språket fekk gjennomslag. Gjennom enkle, men slåande døme (det heiter «arbeidsgjevar», ikkje «arbeidskjøpar», vi hadde ordet «yrkeskvinne», men ikkje «yrkesmann», osv) vart det vist korleis språket legg til grunn bestemte perspektiv og interesser og stenger ute andre. Det var særleg det at samfunnsfag og psykologi engasjerte seg i studiet av språk som opna for denne type innsikt.

Sjølv om makt, påvirking og kontroll er sentrale dimensjonar når psykologi og andre samfunnsfag studerer språk og kommunikasjon, er det klart at desse faga representerer ei lang rekke andre vesentlege perspektiv som også må haldast fram. Personleg er eg i ettertid nesten litt skremt av det enorme gjennomslaget som påstanden om at språk er makt fekk. I dag utgjer denne påstanden ei allment akseptert sanning som nesten har status som eit gammalt ordtak. Andre trekk som også vart synleggjort og halde fram i «Språk er makt», som at språket fungerer frigjerande og emansipatorisk, at språket utgjer eit vesentleg grunnlag for skape sosiale fellesskap, osv, har kome heilt i skuggen av påstanden om at språk er makt.

FOR DEN SOM VIL

forstå det komplekse samspelet mellom individet på den eine og samfunnet og kulturen på den andre sida, representerer språket langt den viktigaste innfallsvinkelen. Språket utgjer sjølve renningen i veven som knyter individet saman med sin kultur, sitt samfunn og si historie. Språket var der før oss og vil vere der etter oss. Gjennom eit kort menneskeliv gjer vi språket til vårt. Og kvar og ein av oss identifiserer seg på sin individuelle måte med kulturen og samfunnet gjennom å tileigne seg språket. Nettopp i dette ligg den mest gjennomgripande makt og innflytelse som språket utøver over individet. I dette ser vi og språkets konserverande kraft. Eg brukar litt spøkefullt å seie at når barn lærer språk, lærer dei bestemors og bestefars språk sitjande på deira fang. Men i dette ligg og språkets inkluderande funksjon og språkets evne til å skape sosialt fellesskap. Når vi veks opp og tilleignar oss eit språk, vert vi samtidig inkludert i eit sosialt og kulturelt fellesskap. Eit fellesskap som deler verdiar, haldningar og ideologiar. Denne inkluderande dimensjonen, denne etableringa av sosialt fellesskap og omsorg er ein minst like essensiell eigenskap ved språk som makt og avmakt.

Boka «Det omsorgsfulle mennesket» som kom nå nyleg (redigert av Hilde E. Nafstad på Gyldendal Akademisk), tar som utgangspunkt at mennesket er sårbart og derfor avhengig av andre og av det sosiale fellesskapet. Fellesskap med andre er noko som ikkje minst vert skapt gjennom kommunikasjon og språk. Derfor analyserer eg i mitt bidrag til artikkelsamlinga «Det omsorgsfulle mennesket» kommunikasjon og språk som ei fruktbar ramme for å forstå korleis vi etablerer sosiale fellesskap, tar ansvar for kvarandre og viser omsorg. Det gjensidige og dialogiske ved kommunikasjon, det at vi må snakke og lytte på den andre sine premissar for å forstå og verte forstått, gjer språkleg kommunikasjon til noko grunnleggande sentralt i sosiale fellesskap og omsorgsprosessar. Etymologisk sett kjem ordet kommunikasjon frå latin, communicatio, som tyder å gjere felles eller dele. Med andre ord, felleskap og omsyn til den andre er sjølve kjerna i språkleg kommunikasjon.

DET AT DET Å

skape sosiale relasjonar og fellesskap, ta ansvar for kvarandre og vise omsorg, er vesentlege dimensjonar ved språk og kommunikasjon, må ikkje få nokon til å tru at språk ikkje er makt. Tvert i mot, nettopp i sosiale relasjonar der mennesket er sårbart, fungerer språket som eit mektig og subtilt maktmiddel både i personlege relasjonar og i det offentlege rom. Eit ferskt eksempel frå det offentlege Norge som fekk dramatiske konsekvensar for dei involverte var Statoils nyord «signaturbonus». Eit uttrykk som skulle dekke det vi tidlegare var vant til å omtale som «pengar under bordet» eller kanskje til og med «korrupsjon». Og i dei tette sosiale relasjonane mellom kvinner og menn, er det framleis mannen sitt perspektiv som gjennomsyrer språket vårt. I dei drygt tretti åra som har gått sidan eg i «Språk er makt» i 1973 viste korleis mannens perspektiv dominerte språket på bekostning av kvinna sitt perspektiv, har eg i stadig nye utgaver (den foreløpig siste i 1996) vist at lite har endra seg. Framleis vert det skrive og snakka om «kvinneleg formann». Og analyser av avisspråk viser at også i vårt nye år tusen er «yrkeskvinne» framleis er i full bruk, medan «yrkesmann» sjølvsagt er like ubrukeleg som for tretti år sidan. Også i vårt nye årtusen vert gutar og jenter som sosialiserer seg ved å tileigne seg språket, sett i fundamentalt ulike situasjonar: Guten veit at for å verte mann må han skaffe seg eit yrke. Det inngår i sjølve definisjonen av «mann» å ha eit yrke, derfor har vi ikkje ordet «yrkesmann». (Sjå «Språk er makt».) Gjennom å lære seg språket vert derimot jenta konfrontert med eit valg: Kvinne vert ho uansett, valget er om ho også skal skaffe seg eit yrke og verte «yrkeskvinne»? For skuffande nok for den som ynskjer like vilkår for gutar og jenter, ordet «yrkeskvinne» er framleis med oss og i bruk.