Språk mot makta

«Ønskjer du at Janne Haaland Matlary skal senda norske styrkar ut for å gå til åtak på sivile i fjerne land, eller vil du heller at ho skal piska seg sjølv?»

Me blir nøydde til å ropa ekstra høgt for å nå

englane våre. Dei er tunghøyrte: dei skjuler seg

i krukker av stille som vart fylte under krigane våre.

                Robert Bly

                (Omsett av H. Torvund)

DET VERKAR som om professor Knut Heidar (15.3 og 18.3) oppfattar diktet mitt «Messe for lam og løve» (Dagbladet 9.3) som ein slags mindreverdig måte å debattera på. Ein måte som har klart å målbinda «prinsesse» Matlary, og sjølv om han garderer seg med at han «godtar sterke uttrykk i «tekst og tegning»», vil han ha freda sin kollega for slikt. Men kvifor oppstår slike kunstnariske uttrykk? Dei har lenge vore ein del av opposisjonens motspråk. Det krev ytringsfridom å få lov til å skriva slikt. Poeten Osip Mandelstam skreiv eit dikt om Stalin, og døydde i ein Gulag-leir. Eg forstår Heidar slik at han skulle ønska at eg dreiv sjølvsensur og ikkje skreiv slike ting om folk som påverkar utanrikspolitikken vår i ein retning eg meiner er krenkande for mange?

Med motspråk tenkjer eg ikkje på nidversa til skaldane, greske diktarar eller spotteversa til Ibsen, men på medvitne uttrykk for usemje med makta i skrift og bilete. Der har ein ofte personifisert makta. Tenk på Kjartan Slettemark sine Nixon-bilete, Rolf Groven sine måleri av Bondevik, Krohn-Devold og Jan Petersen. Burde dette vore sensurert, Heidar? Tenk òg på poetiske uttrykk som diktet til Robert Bly om Dean Rusk, ein av haukane bak Vietnamkrigen; «Asiatiske fredstilbod avviste utan offentleggjering»:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Desse asiat-forslaga kan ein ikkje

ta alvorleg.

Vi veit at Rusk smiler når han

sender dei vidare til ein annan.

Menneske som Rusk er ikkje

menneske:

Dei er bomber som ventar på

å bli klargjorde i ein

mørklagdhangar.

(Omsett av

Paal-Helge Haugen)

Her heime har me Tor Obrestad om Willoch i «Den Norske Løve» (1970), Jo Eggen i «Forsinkelsen»(1999) om fleire namngitte politikarar, og mi eiga Kitty K.( 2000). I antikrigsboka Pax Poeta (2003) skriv Jon Michelet: «På plass, Petersen! Powells propagandakrigspresentasjon penetrerer Petersens pannelapper.» Skulle det vore sladda? Motspråk oppstår gjerne når makta går storkapitalens ærend, når ho ikkje er tilsnakkandes eller arrogant hevdar at ho vinn alle debattar. I motspråket kan også namn endrast for å uttrykkja noko. Døme kan vera «Bombevik» og «Maktgladry». Problemet er at ein etter nokre år må ha fotnotar til dikta for å forklara kven personane var.

HEIDAR OPPFATTAR diktet mitt som «festlig uthengning» i ei form det ikkje går an å svara på. Eg vil visa til fortvilinga som ligg bak. Eg har skrive mange avisinnlegg som har vore retta direkte til både Bondevik og Matlary. Til dømes «Kva seier du nå, Matlary?» i Dagbladet 26.08.04. Matlary svara ikkje. Kvifor må ein ty til sterke middel? Matlary skriv i eit abstrakt og teoretisk (om enn litt springande) språk om å bruka norsk militær som maktmiddel mot andre land. Det fell naturleg inn i hennar måte å forhalda seg til omverda på. Ho er involvert i hierarkiske organisasjonar. Ho fortel at ho kan «peke på og instruere» ut frå det at ho veit best. Ho er overtydd om at både ho sjølv og det norske militæret alltid vil gjera «det gode». Her er me ueinige. Det er ikkje mogleg å imøtegå dette på det same tilslørande og abstrakte språklege nivået. For oss poetar er det slik, for å sitera Georg Johannesen, at «generaliseringar er uklåre. Sanninga er konkret.»

DUSICA OG ZARKO RAKIC hadde ei dotter, Milica. Dei budde i første høgda av nummer 8, i Rasagata i Beograad. Milica var tre år i 1999. Klokka halv ni om morgonen den 17. april går Milica ut på badet saman med mor si. Der heng den nyvaska røde kjolen hennar. Mor og Milica kjem inn på badet, og Milica set seg på potta. Mor går for å reia opp senga til Milica, slik både eg og Matlary har gjor mang ein morgon. Badedøra står oppe.

I ein bunker ved Avianobasen i Italia står ein norsk offiser. Han er eit konkret resultat av den militærpolitikken statssekretær Matlary har gått inn for. Denne nordmannen, som representerer mitt land, og som eg ikkje namngjev her, er med på å avgjera kvar bombene over Beograd skal falla. Klokka 9. 45 kjem ein klasebombesplint inn gjennom badevindauget til familien Rakic og drep Milica. Ønskjer du at slikt skjer i ditt namn? Eg vil ikkje at norsk militær skal vera med å ta livet av uskuldige sivile. Eg trur ikkje at desse klasebombesplintane er «gode». Matlary argumenterer for at Noreg skal vera med på slikt. Ho får «en intellektuell nytelse» ved å lesa eit forsvarspolitisk strategiskrift. Matlary kan seia at ho bare går inn for å treffa «militære mål». Men me har kunnskap om dette. Det var det dei sa før, under og etter bombinga av Beograd. Militære mål! Ei tre år gammal jente! Og korleis gjekk det i Irak? Forskarane Les Roberts et al. (USA) publiserte i oktober ein rapport om dødsårsakar i Irak før og etter «frigjeringa». Dei konkluderer med at det er 98 000 fleire døde sivile etter okkupasjonen enn forventa. Og då er Falluja halden utanfor! Dødsårsak før invasjonen var hovudsakleg vanlege og kroniske sjukdommar, men etter invasjonen først og fremst vald. Dei fleste som vart drepne av koalisasjonsstyrkane var kvinner og barn. Faren for å døy av vald var 58 % større etter invasjonen.

MAKT, KAPITAL OG RELIGION er ei legering ein lagar krigsdragar av. Men Robert Bly har fundert kring den ekstreme aggresjonen hans nasjon utviser mot andre land. Kan det òg ha noko å gjera med at USA er grunnlagt på eit folkemord? Ei skuldkjensle, ein ekstrem ambivalens i høve til eigen kultur?

Underneath all the cement of

the Pentagon

There is a drop of Indian blood

preserved in snow:

Preserved from a trail of blood

that once led away

From the stockade, over the snow,

the trail now lost.

Ja, ein stad skriv Bly like ut: «Our own cities were the ones we wanted to bomb!» Men dei bomber andre, og dei gjer det med Tomahawk-rakettar og Apache-helikopter! Eg veit ikkje Heidar, men kanskje det finst krefter i menneska som gjer det mykje vanskelegare å skilja mellom godt og vondt enn Matlary gjev uttrykk for? Ho er begeistra for Opus Dei-stiftaren Josemaría Escriva. Opus Deis medlemmar driv med botsøvingar og sjølvpisking. Kan det vonde også ha teke bustad i dei? I motspråkets satiriske form kunne dette vorte konkretisert slik: «Ønskjer du at Matlary skal senda norske styrkar ut for å gå til åtak på sivile i fjerne land, eller vil du heller at ho skal piska seg sjølv?»

Abonnér på litteraturavisa!

Den sendes ut hver uke, med litteraturnyheter fra inn- og utland.

MOTSPRÅK: Rolf Grovens verker stilles i disse dager ut i Oslo. - Burde Grovens malerier vore sensurert, spør Helge Torvund etter kritikken mot hans dikt om Janne Haaland Matlary.
ANTIKRIG: Eg vil ikkje at norsk militær skal vera med å ta livet av uskuldige sivile, skriver Helge Torvund i denne kronikken.