BYRÅKRATSPRÅK: «Målet med det strategiske mål-språket er utvilsamt å gjere det profesjonelle arbeidslivet lettare, skape orden i kommunikasjonslinene - og system slik at vi lettare kan manøvrere oss fram til støtteordningane. Men i staden skjer det motsette», skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsbilde: Steinar Buholm
BYRÅKRATSPRÅK: «Målet med det strategiske mål-språket er utvilsamt å gjere det profesjonelle arbeidslivet lettare, skape orden i kommunikasjonslinene - og system slik at vi lettare kan manøvrere oss fram til støtteordningane. Men i staden skjer det motsette», skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsbilde: Steinar BuholmVis mer

Språk utan meining

Kulturbyråkratiet og kulturentreprenørane omgjev seg med kunstige språkflosklar utan meining, utan sjel. Er det på tide med eit språkleg opprør?

Debattinnlegg

Det er teknisk, profesjonelt - og korrekt. Likevel skriv eg sirleg ned mål og strategiar, handlingsplanar og visjonar for det eg arbeider med. Alt er skulerett og slik det skal vere. Sjellaust språk har òg ei meining. For ikkje lenge sidan vart eg invitert til eit idémøte for aktørar i kulturbransjen. I invitasjonen var det lista opp ei mengd mål, visjonar og tiltak for det vi skulle arbeide med. Nett slik eg sjølv hadde formulert meg i eit dokument nokre dagar tidlegare. Vi skulle bygge nedanfrå, stod det, skape lagånd og fellesskap - og kome med innspel til morgondagens kulturarbeid. Tidlegare planar skulle reviderast. Nye idear skulle implementerast i eit strategidokument, eller var det kanskje handlingsplanar? Eller tiltak? Til slutt - om det var tid - skulle vi revidere styringsdokumenta, som grunnlag for å meisle ut ein ny kurs og ny ideologi - alt for å møte morgondagens utfordringar på kulturfeltet. Ein SWOT-analyse skulle hjelpe oss å strukturere det heile. For, som vi fekk greie på: Det er viktig å forankre, skape eigarskap og fellesskap til det konkrete arbeidet - og til kulturlivet sitt overordna mål. Eller var det visjon? Avslutningsvis vart det stilt spørsmål om kven vi er, og kven vi ynskjer å vere.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg byrja frå start og las opp att. Ikkje fordi invitasjonen fekk den kreative meg til å tenke, men fordi språket gjorde meg meir og meir forvirra. Og usikker. Og matt. Er det slik vi former og skapar kultur? I ei slik språkdrakt? Og kva er det vi eigentleg skal skape?

Mål- og visjonsspråket breier om seg. Alle brukar dei same orda, dei same formuleringane: Kulturutgreiinga 2014 seier at «En annen grunn til at kvalitetsmålet i så liten grad har blitt gjort operativt i kulturpolitikken, er at det ligger en betydelig utfordring i å utvikle metoder for slik evaluering som kan være legitime i en styrings- og ressursfordelingssammenheng.» Park-Noreg brukar noko av det same språket. Norske Parker definerer regionalparkane som «En dynamisk, langsiktig og forpliktende samarbeidsplattform for lokalsamfunn, myndigheter og næringsliv med en interesse for å ivareta og videreutvikle natur- og kulturverdier i et definert landskaps- og identitetsområde.» Eg undrar: Kan vi seie det på andre måtar?

Det blir som med lokalavisa. «Det er like viktig at avisen kommer ut og foreligger, som at det står noe i den», skriv idéhistorikar Trond Berg Eriksen i boka «Budbringerens overtak». Morgonstunda med kaffien - og avisa. Eit slags ritual, noko vi berre må. Så får det vere det same kva som står der. Men kvifor skriv vi som vi gjer? Får vi større anerkjenning ved å ikle oss ei språkdrakt som minner meir om ei innstilling til vedtak i formannskapet? Kan vi ikkje berre kutte det ut?

Det teknifiserte mål-språket har vore der i nokre tiår alt, og er ikkje noko nytt fenomen. I 1990-åra og i det nye hundreåret er det den liberalistiske og globaliserte marknadstenkinga som gjennomsyrer det politiske språket, skriv Språkrådet på nettsida si. Det gjeld politikken, men også i høgste grad - og meir og meir - alle andre sektorar i samfunnet. Det tekniske språket snik seg inn der det kan - hjå kulturbyråkratar, kunstnarar og kulturaktørar: Kvar dag produserer dei søknadar fulle med strategiar, mål og tiltak for det dei driv med. Språket fylgjer den same standarden og malen, har dei same formuleringane og oppbygginga. Alt lèt likt. Ingen ting er originalt. Måten vi argumenterer og skriv på, er eit uttrykk for ei førestilling om korleis vi må skrive. Eit profesjonalisert og skreddarsydd tekstprodukt, tilpassa støtteordningane og samarbeidspartnarane våre, eller det som gjev oss goodwill og prestisje. Slik er målspråket taktisk, og resultatorientert.

Det dreier seg altså ikkje om å skrive eller snakke slik vi er, men slik vi ynskjer at verda skal sjå oss. Språket kan «styre tankane våre i bestemte retningar og stimulere visse haldningar», skriv Rolv Mikkel Blakar i boka Språk er makt (1973). Slik har mål-språket makt til å påverke fordelingane av goda i samfunnet. Dei som snakkar rett, får. Sosiologen Pierre Bourdieu skriv om noko av det same i Distinksjonen (1995), om sosiale strukturar som eit uttrykk for ein kamp om goda - ein kamp som endar i eit mangefasettert, hierarkisk mønster. Den som meistrar dei aksepterte og akta kulturformene, i dette tilfelle det tekniske mål-språket, oppnår status og anerkjenning, seier han.

Målet med det strategiske mål-språket er utvilsamt å gjere det profesjonelle arbeidslivet lettare, skape orden i kommunikasjonslinene - og system slik at vi lettare kan manøvrere oss fram til støtteordningane. Men i staden skjer det motsette: Vi blir matte og mistar motivasjon, tiltakslyst og kreativ skaparkraft - ikkje fordi vi ikkje skjønar, men fordi språket forpliktar og påfører oss ekstra arbeid som i verste fall ikkje betyr noko for korkje oss sjølve eller for andre.

Så, kjære kulturkvinne og kulturmann: kva kan vi gjera for å eliminere strategispråket - sakte, men sikkert, ein gong for alle?

1: Gjer målspråket synleg, ta det ut av samanhengen, vis det fram og bidra til ein større bevisstgjering om kva godt språk eigentleg er - og kva det ikkje er.

2: Kulturlivet må bli meir medvite sin eigen uttrykksform - og bruke det aktivt. Unngå formelspråk og klisjéspråk. Skriv konkret, enkelt og direkte utan flosklar som dekker til bodskapen.

Det teknifiserte kulturspråket er med på å flate ut kulturen slik han er, med all sin eigenart og mangfald. Teknisk språk fungerer der det høyrer heime - utanfor kulturlivet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook