Språkbilder

DÅ TEATERSTYKKET

Min kamp, om Adolf Hitlers unge år i Wien, vart sett opp på Den Nationale Scene i Bergen, stod Hitler fram som nynorsktalande med dialektbakgrunn.

Poenget var klart nok: Hitler var ein latterleg figur, og dette grepet skulle bidra til å stigmatisere han ytterlegare, som ein komisk særling. Men kva har no nynorsk med Hitler å gjere? Det næraste vi kom ein Führer her til lands, var jo Vidkun Quisling, ein presteson frå Telemark som i skrift og tale brukte eit heller stivbeint riksmål (og som ved eit høve i den grad mislikte å bli mint om at han som barn tala telemål, at han regelrett slo til den stakkars sambygdingen som i nærvær av Quislings studiekameratar frå Kristiania kom i skade for å nemne dette) - så Quisling var nok ikkje eit godt eksempel på ein nynorsktalande førar. Skulle regissøren heller ha valt nordlandsk, kanskje med lett arkaiske islett - for det var jo derifrå diktarføraren Hamsun kom? Men då ville det vel ha blitt bråk, for dette kunne oppfattast som ei stigmatisering av nordlendingane. Så kanskje ein skulle ha valt bergensk, i Bergen - for eksempel til minne om minister Albert Hagelin, som i hine år var aktiv på topp-plan i politikken, mellom anna ved å formidle kontakt mellom Quisling og Hitler. Men det ville vel ikkje vere heilt det same, ettersom poenget var å vise fram Hitler som ein latterleg person, og bergensk er jo ikkje latterleg (i alle fall ikkje i Bergen). Så vart det altså nynorsk med dialektpreg - og det vart ikkje bråk av den grunn.

DENNE STUBBEN

frå norsk daglegliv kan oppfattast som fornøyeleg eller forunderleg, alt etter som, men han seier nok også eitt og anna om språk og makt, også i dagens samfunn - jamvel om vi til vanleg kanskje ikkje tenkjer på slike ting, på den måten. For ofte tenkjer vi vel på makt som noko ytre og overlagt, der nokon bestemmer over andre og eventuelt tvingar dei andre. Det militære har makt. Politiet har makt. Mafiaen har også makt, men ikkje legitim makt. Og Stortinget har legitim makt til å bestemme, ved å gi lover. Når vi ser språket ut frå så enkle begrep om makt, vil det lett sjå ut som om makt og tvang, når det gjeld språk, er slikt som inntrer når politikarane bestemmer, mens det som skjer med og rundt språket når politikarane ligg unna, det skjer fritt og naturleg. Då er det fri språkutvikling og fridom for alle. Men så minner Den Nationale Scene oss om at det ikkje er så enkelt.

For å sjå kva det er - det som ikkje er så enkelt - treng vi betre begrepsbriller å sjå med. Vi treng meir adekvate begrep om makt. Og slike begrep finst, eg hadde nær sagt, til overmål: I samfunnsvitskap og tekstvitskap er det eit stort repertoar av distinksjonar og analysemåtar når det gjeld ulike former for påverknad, som ved utdefinering og stigmatisering på den eine sida og positiv definering av det smakfulle, det rette og det høgverdige på den andre. Somt er skammeleg og latterleg, og noko er fint og flott og fortener age og beundring.

Samfunnsforsking og tekstforsking - frå Bourdieu og Gramsci til Gudmund Hernes og Siri Meyer - presenterer eit rikt arsenal av analysar og begrep om sosio-kulturell makt og kulturelt hegemoni, om symbolsk makt og definisjonsmakt, i tillegg til økonomisk makt, og makt i kraft av nettverk og organisatoriske posisjonar. Og i dette perspektivet har norsk samfunnsforsking og tekstforsking ikkje minst vori engasjerte i å påpeike ulike former for avmakt og undertrykking, hos dei svakstilte og hos marginaliserte og stigmatiserte grupper. Alt dette er velkjent, når vi tenkjer oss om.

VI VEIT

også at vi her til lands har språkstrid. - Men det var visst særleg før! No er det språkfred. No har vi to skriftspråk og respekt for dialektane. Og det er så. Det er eit poeng, eit interessant poeng, at vi her til lands, på grunn av språkstrid og dialektmangfald, på mange måtar og i nokon grad har gjennomgått ein læringsprosess der ganske mange har innsett at «dei andre» finst, slik at ein har lært å avfinne seg med «det andre» og «den andre», med det som er annleis. I så måte kunne vi seie at vi her til lands vart postmoderne før dei fleste. Det dei franske postmodernistane kom fram til ved skrivebordet, lærte mange av oss ved praksis - ved dagleg møte med det andre og dei andre.

Såleis er det mange år sidan den franske kulturattacheen, då han etter endt teneste skulle reise heim til Frankrike, endeleg forstod kva vi driv på med her i landet. Han formulerte det slik: Her er det slik at den statlege einskapen tener mangfaldet! Ein sjokkerande postmoderne tanke, for ein fransk intellektuell, som var vant til å tenkje at den statlege einskapen tener einskapen.

PÅ MANGE MÅTAR

og i nokon grad vart vi kanskje litt postmoderne, og fleirkulturelle, allereie tidleg i moderniseringsprosessen. Men samtidig var det, og er det, stridige motsetningar like under overflata - eller rett framfor oss på scenen, for den som ser. Og dei fleste av oss ser det nok, i alle fall når vi blir minte om det. Det gjeld ikkje berre dei meir forunderlege historiene, som den om ein nynorsktalande Hitler. Eksempla finst i dagleglivet, både her og der: Under valkampen var vi såleis vitne til ein aksjonist som kasta den nynorske ordboka på golvet og trampa på henne, og nyleg stod søte jenter fram i beste sendetid og fortalde oss at dei ville brenne nynorskordbøkene på bål. Symbolske handlingar med symbolsk makt, dette også. (Ein kan jo spørje: Kva slag bøker kan ein i vårt samfunn tråkke på for open scene, eller brenne på bål med stor vellyst?) Og det skjer ting i det små, som nettopp derfor er så viktige. Vi veit det alle, når vi berre tenkjer oss litt om. For eksempel, historier som denne: Ved ein arbeidsplass i Oslo jobba ein frå Pakistan og ein frå Toten, den første med sin aksent, den andre med sin dialekt. Ein av dei vart mobba, og - surprise, surprise - gjett kven det var!

SÅ VI VEIT

det jo - det finst definisjonsmakt og symbolmakt, og i så måte er språkstriden ikkje over, berre usynleggjort i nokon grad - fordi vi gjerne tenkjer med så enkle begrep. (Men kvifor gjer vi no det? Er dét også eit tilfelle av definisjonsmakt, bak vår rygg?)

Eitt er klart: Det er grunnlag for forsking på dei intrikate relasjonane mellom språk og makt og gjensidig læring. Det merkelege er at våre fagmiljø ikkje i større grad har gjort også denne makt- og avmaktsproblematikken til gjenstand for samfunnsvitskapleg og tekstvitskapleg forsking. Ekspertisen finst, materialet finst - så her bør det forskast.

Samtidig, og av same grunn, er det vel på tide at også vi, som samfunnsborgarar, «byter briller» - at vi tar av oss dei enkle, nyliberalistiske brillene som primært lar oss sjå makt på det ytre plan, som når politikarane fattar vedtak og politi og soldatar aksjonerer. Vi bør «oppdatere» begrepsbrillene våre, for å seie det slik, for at vi skal bli betre i stand til å sjå det som skjer, og skjønne det vi gjer. Vi bør det, og politikarane bør det. Spørsmålet om språk og makt bør opp på dagsordenen, ikkje berre hos forskarane, men også i den offentlege meiningsutveksling og i den politiske diskusjon. Så får vi sjå kva det fører til - for spennande vil det bli!