ME HAR OPPLEVD
debatt om språket (og Språkrådet) i det siste, og det er gledeleg nok - sjølv med innslag av perspektivløyse. For det er ille at norsk språkdebatt blir dominert av ein detalj som ,beiken,. (Kor mange veit for resten at verdsspråket spansk held seg med skrivemåten ,beicon, ?) Og det er ille at nokre stortingspolitikarar latterleggjer statens eige språkorgan, i staden for å forklara at debatt om einskildord nødvendigvis alltid vil måtta dukka opp, så lenge Stortinget (fornuftig nok!) har vedteke ein språkpolitikk som fortløpande skal vurdera kva som er funksjonell skrivemåte.
Men kanskje er det dét som er spørsmålet - at somme meiner me ikkje treng nokon språkpolitikk? Då bør dei seia tydeleg frå, slik at me får starta den verkelege språkdebatten. For den verkelege språkdebatten dreiar seg naturlegvis ikkje om skrivemåten av einskildord - endå dét alltid er viktig nok for dei unge som skal læra å skriva. Den verkelege språkdebatten dreiar seg om dei store linjene, både hjå oss og ute i verda. Og her er det grunn til å ropa eit varsku. For framtida til morsmålet vårt er utrygg. Dei som ikkje veit det, følgjer dårleg med. Det er inga naturlov som tilseier at det norske skriftspråket er oppegåande om hundre år når me skal feira 2105. Den problemstillinga er verken spesielt latterleg eller morosam.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger