Språkleg sivil ulydnad

MÜNK OG MONK: I ein morosam kommentar den 13. juni oppmodar Stein Aabø til «sivil ulydighet nå! Si Monk og leder». Omtalen av Siv Jensen i Frp som «formann» eller «leiar» let eg liggja. (Frp har rett til å gjera sine vedtak, og me andre har rett til å meina vårt om det.)

Men den stadige debatten om uttalen av etternamnet til Edvard Munch rører ved heilt andre prinsipielle uttalespørsmål. Difor set eg den saka likegodt opp punktvis:

1. Alle personar og private institusjonar snakkar og skriv som dei vil (i prinsippet). Difor er det å slå inn ei open dør, når Stein Aabø, eller kven som helst, ønskjer å uttala Munch som /monk/. Folk må få snakka som dei vil.

2. Kva som skal reknast for korrektuttale av eit namn, er derimot noko anna. Reglane der er udiskutable. Det er namneberaren som avgjer, i den grad dette ønsket er kjent. Stein Aabø avgjer kva som skal reknast for korrekt uttale av hans namn, om det blir spørsmål om det, det same gjeld mitt namn (Sylfest Lomheim), og det same gjeld altså Edvard Munch. Men han er jo død? Ja. Men me veit korleis han ville ha namnet sitt uttalt. Det kan til og med dokumenterast i brev med hans underskrift. Dermed er spørsmålet avklara. Kva Aasbø eller andre meiner, vedkjem ikkje saka.

3. NRK er statleg kulturinstitusjon og i kraft av det pålagd å følgja offentlege språkreglar. Punktum. Personleg eller privat språksynsing om språkreglane når ein sit i dagsrevystudio, har ein ikkje høve til. Ein må venta med det til ein sit i sofakroken. Difor har NRK-medarbeidarar ikkje noko val når det gjeld uttalen av etternamnet til Edvard Munch.

Så høyrer eg alle dei som reagerer: «Høyr her, alt anna enn uttalen /monk/ er då heilt pussig og aparte!» Vel, det kjem an på kor langt Oslo-provinsialismen skal gå. Uttalen /munk/ er pussig på Austlandet, men den vanlege på Vestlandet. Det bur ein god del norsktalande der borte òg. Den godaste Edvard hadde ikkje så dårleg grunnlag for «egne meninger».

U ELLER O? Edvard Munch uttalte selv «Munch» med «u», men alle står fri til å gjøre som de vil. Bortsett fra NRK-ansatte. Her et av kunstnerens (med «u») mange selvportrett. Foto: HARALD FLOR
U ELLER O? Edvard Munch uttalte selv «Munch» med «u», men alle står fri til å gjøre som de vil. Bortsett fra NRK-ansatte. Her et av kunstnerens (med «u») mange selvportrett. Foto: HARALD FLOR Vis mer