Språkleg skråblikk

Ein debutant som skil seg ut, men som er meir flink enn slåande.

BOK: Roger Fuglestad er nok ein luring. Tittelen på boka «Scelus» kan få oss til å tenkja at boka hans er ein slyngelstrek. Her er meir påverknad frå Georg Johannesen sine bibelparafrasar enn frå vanlege norske diktsamlingar, og bare det er ein sjeldan ting. Sjølvsagt dreier det seg om intertekstuelle samanhengar tilbake til Det gamle testamentet og andre felles kjelder. Men likskapen vert påfallande når ein les følgjande avsnitt: «Og dersom du trenger å hvile på reisen, legg deg med ryggen mot bakken. Da bærer du verden på din rygg.» Då er det ikkje vanskeleg å minnast dette frå opninga på «Johannes bok», 1. kapittel vers 3: «Ligger han på magen, har han jorden mot magen, men ligger han på rygg, bærer han den på ryggen...» Slikt gjer nok Fuglestad sitt bidrag mindre originalt, og for denne lesaren låg Johannesen tett i bakgrunnen under mykje av lesinga av del II, som er den mest bibelorienterte.

I dei andre delane viser han ein spesiell evne til å kna språket saman til ein deig der det inngår like mykje referansar til gamle skrifter som til samtida. Det finst eit mot her til å gå inn på ekstreme tilstander og til å vise trendar i tida med vrangsida ut. Samansmeltinga av gammalt mytespråk og daglegtale fungerer faktisk med både flyt og brodd. Men ironien og dei profetiske formaningane vert ikkje så påtrengjande sterke likevel. Først og fremst sit eg att med ei kjensle av at det er noko lovande over denne viljen til (og gleda over!) å utnytta språket på uvanlege måtar, som får meg til å venta i spenning på kva denne forfattaren kan få til neste gong.