Språkleg talent

Tida kan visa at Cranner er mykje betre enn ho får visa her.

BOK: Line Cranner har mykje av det som skal til for å skapa ein poet; observasjonsevne, formuleringstalent, og mot til å oppfatta den eksistensielle einsemda, men ho har ikkje fått motstand nok med desse tekstane. Eller ho skulle ha utvikla seg lenger før det vart bok. Det er ennå eit stykke att før det personlege ved stoffet vert forløyst. Mange ting er uttrykt på ein snirklete og uforløyst måte: «Bakken innebærer alle farger» og «Jeg vet aldri dens grad av uinntagelighet».

Det er påverka av dyktige poetar dette, ein søkjer det merkverdige språklege uttrykket slik mange gjer i dag, men ein saknar ei eiga røyst som styrar dette på plass.

I dikta er det svært mange gode uttrykk; «mørket samler seg rundt tingene før det sluker himmelen», men mykje er utprøving og eksperimentering og forsøk på å skape poetiske svingar i språket som liknar på det ein kan lesa hjå andre. Her vert dei dessverre ofte berre ståande som staffasje. «Jeg sovner og besvimer i lange strekk» er ikkje særleg overtydande!

Dette er den negative sida av påverkinga frå poetar som Øen, Borgen og Hødnebø; at andre også leiter fram fragmentariske setningar, men her vert linjene ofte ståande aleine med nokre ord i hendene utan å vita kva veg dei skal.

Av og til tetnar det likevel til, og ein kjenner det opplevde som eit trøkk bak teksten, og merkar korleis orda fell på plass og alt unødvendig vert borte. «Hver dag høres lyden av hus som reises.»