Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Språkleg toleranse

«Ønskjer ein å fjerne jamstellinga vi har hatt sia 1885, bør ein seie det.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Rett som det er får vi høyre at det er unødvendig med sidemål, at det er for mykje nynorsk i media, og at det kostar å ha to målformer. Språksituasjonen i Noreg er spesiell, men uroa kring språk har parallellar i mange andre land.

Når det kjem framlegg om å fjerne sidemålsundervisninga til dømes i Oslo-skulane, er det eitt av fleire utspel som bør vurderast ut frå to omsyn. Det fyrste er den språksituasjonen vi har i landet vårt, og det andre er kva syn ein har på mangfald og toleranse.

Den norske språkstoda er spesiell, akkurat som språksituasjonen i alle andre land er det. Vi har ei språkleg historie med to jamstelte målformer og mykje bruk av dialektar. Om Trondheim var hovudstad eller Dagblad-grunnleggjaren Hagbart Berner hadde brukt landsmål i avisa si, kunne språkstoda ha vore annleis. I andre land er den språklege verkelegheita ei anna, men ikkje nødvendigvis mindre problematisk eller kostbar. Irane har irsk (gælisk) som fyrste nasjonalspråk, og alle må lære noko irsk, som eit fåtal bruker til dagleg. I Sør-Tyrol lever tysk og italiensk side om side - men ikkje alltid i fred. Slik er det også med fransk og flamsk i Belgia. I Finland er svensk nasjonalspråk attåt finsk, og ein parallell til arbeidet mot sidemålet i Noreg finn vi i striden kring «tvångssvenskan» i finske skular.

Men dette er land med heilt ulike språk, kan ein innvende. Ja, men vi finn også land der vi har eit dominerande nasjonalspråk, og eit anna språk ved sida av som er i slekt med fleirtalsspråket. I Estland blir det arbeidd for Vuru-Setu-språket, som er ein variant av riksestisk. I Latvia finn vi ein parallell i latvisk og latgalisk, også kalla høglatvisk. Frå Skottland kjenner vi til engelsk og det lite utbreidde skotsk-gælisk. Men vi finn også eit eige skotsk språk, som høyrer til den vestgermanske språkfamilien, lik engelsk. Det blir nytta av kanskje meir enn 1,5 millionar menneske, men lite i skrift, og den skotske målrørsla arbeider for å styrkje bruken av språket. I Nederland er frisisk morsmål for om lag 350000 menneske. Desse eksempla kan minne noko om stoda i Noreg.

Den verkelegheita vi lever i, syner at om lag ein halv million av oss bruker nynorsk. Det er ikkje noko lite tal, og for mange er nynorsk ein del av identiteten. Bokmål og nynorsk er jamstelte målformer, og om lag ein firedel av kommunane har nynorsk som administrasjonsspråk. Og viss ein skriv til det offentlege på bokmål, skal ein få svar på bokmål, eller på nynorsk om ein skriv på nynorsk. Altså: Mange bruker nynorsk, og mange får bruk for nynorsk i arbeidslivet.

Somme vil styrkje norskfaget ved å lære elevar mindre om norsk - fordi ein del elevar er dårlege i bokmål, skal dei sleppe å lære nynorsk. Det går an å forstå argumentasjonen, men samstundes må ein hugse at ein del av dei som i så fall ikkje lærer nynorsk, seinare må bruke nynorsk om dei ønskjer å arbeide i det offentlege. Å fjerne sidemålet vil seie at ein tek frå dei ei moglegheit til å lære noko dei kan få bruk for. Samstundes er det mogleg at ein i framtida ikkje stiller krav til at folk i visse situasjonar må bruke bokmål eller nynorsk. Da er det jo ikkje så farleg med sidemålsundervisninga - les: nynorsken. Det vil kunne redusere nynorsk frå å vere eit språk som skal kunne brukast i heile riket, til eit regionspråk. Dermed rører vi ved kjernen i språksituasjonen i dag - jamstellinga mellom målformene, og dei rettane det gjev både bokmåls- og nynorskfolk over heile landet. Ønskjer ein å fjerne jamstellinga vi har hatt sia 1885, bør ein seie det.

På same måte bør det kunna bli sagt rett ut korfor det akkurat er sidemålsundervisninga ein ønskjer å fjerne. Sidemålet tek tid, men det gjer andre emne også. Innslaget av mediekunnskap har etter kvart vorte stort i norskfaget. Kan mediekunnskapen skiljast betre ut? Er det for mange emne i skulefaga generelt, er problemet eigentleg alle oppgåvene skulen må fylle? Livssynsundervisning, kunne ikkje det vore eit ansvar som låg til foreldra og livssynssamfunna? Ein kan stille slike spørsmål, og kanskje finne andre moglegheiter enn å snevre inn undervisninga i norsk. Og dersom det er sjølve undervisningsforma i norsk det er noko gale med, ikkje emnet (nynorsk), ville det vel vere naturleg å satse på å utvikle betre undervisningsmetodar? Frå mi eiga skuletid veit eg at det var mykje vi måtte gjennom i naturfag- og matematikktimane som eg aldri har fått bruk for (eller likte), men andre hadde nytte og glede av det. Dersom nytte i sterkare grad skulle prege læreplanene, bør det også kunne drøftast. Men det er altså sidemålet som må vekk.

Sjølv hadde eg bokmål som hovudmål. Det var ikkje eg som valde det, men samfunnet som valde for meg. Både i Gausdal og Molde, der eg gjekk på skule, var bokmål hovudmål. Båe stadene vil eg seie at målføra ligg nærast nynorsk (sjølv om nok ikkje alle i Molde er einige med meg!). Utan sidemålsundervisninga hadde eg truleg ikkje funne mitt språk, og andre har hatt det på same måten. Sidemålsundervisninga opnar altså for ei reell valmoglegheit for elevar både med bokmål og nynorsk som hovudmål. Mange nynorskbrukarar nyttar moglegheita til å velje vekk nynorsken, og det finst au bokmålselevar som vel nynorsk.

Eg er sjølvsagt partisk i denne saka. Også dei som peiker på det dei meiner er ulemper ved den stillinga nynorsken har, kan ha personlege grunnar for å argumentere mot nynorsken. Det vil seie, argumentasjonen kan vere kledd som noko anna: «Nynorsk passar til dikt» (men kva er det nynorsken ikkje passar til?). Du må gjerne vere nynorskbrukar (men ikkje her). Språkleg mangfald er bra, men synest du ikkje at det eigentleg er unødvendig å ha to så like språk? (Kva for eitt må vekk?) Nynorsken må gjerne finnast (berre vi slepp å bruke han). I sum: Ein tolererer nok nynorsken, men har vanskelegare for å godta nynorsk praksis. I ei tid da toleranse blir sett på som eit ideal, vil det verke merkeleg om språk skal vere unnateke toleranseidealet.

Dersom språkpolitikken blir lagd om, slik at jamstellinga mellom bokmål og nynorsk forsvinn eller nynorsken får trongare kår på andre måtar, vil det vere motsett utviklinga i andre vesteuropeiske land. Både Europarådet og EU arbeider aktivt for å styrkje bruken av og rettane til mindre brukte språk og minoritetsspråk. I Saterland i Tyskland får ein endeleg lov til å ha opp vegskilt på saterlandsfrisisk, i Finland er mange svenskspråklege varsame med å syne at dei har svensk som morsmål, i Spania får andre språk enn spansk (kastiljansk) betre kår. Samanlikna med t.d. plattysk i Tyskland og skotsk har nynorsk gode levekår. Er det viktig å endre dette?

Likevel, også her må vi stadig kjempe for å få og halde på rettane våre. Det er ikkje nynorsken som er på offensiven, og det fell lett å argumentere mot nynorsken. Å arbeide for påstått betre norskundervisning ved å fjerne sidemålet er berre ein metode. Ein annan måte er å gjere nynorsken usynleg, som ved å velje å ikkje bruke nynorsk i reklame, i tv-teksting og avisspalter. Atter ein annan måte er å gjere nynorsken til latter, t.d. ved å peike på rare ord (alle språk har vel det?). Eg er ikkje i tvil om at språkleg mobbing har ført folk vekk frå nynorsken - vegen er stutt frå å snakke nedsetjande om eit språk til å nedvurdere dei som bruker det. Nynorskbruken kan også gjerast mindre enn han er. Sjølv har eg nok gått inn i den store bokmålsmassen i somme statistikkar, når eg i mi tid skulle få vernepliktsbok, førarkort eller registrere meg som student.

Eg ønskjer at nynorsken skal ha den plassen han har i samfunnet i dag, med toleranse og respekt som ideal for utforminga av språkpolitikken. Eg skulle ønskje vi slapp å forsvare språkjamstellinga - å forsvare at nynorsken finst og at han er ein del av norsk samtid og samfunn. Å ønskje nynorsken vekk frå delar av samfunnslivet er ikkje berre historielaust, men syner også eit snevert syn på kva ein kan tolerere som fellesgods i landet vårt.