Språkleg vakuum?

FILM OG SPRÅK: 1.januar byrja Nina Refseth i jobben som filmdirektør i Noreg. Refseth kjem frå jobben som forlagsdirektør i Samlaget, og burde difor ha godt grunnlag til å røske litt opp i den språkpolitikken som ser ut til å vere rådande i film-Noreg.

Om dryge to veker, 18. januar, får Kautokeino-opprøret premiere på norske kinoar. Kven hugsar sist ein samisk- eller kvenskspråkleg film (utanom Veiviseren) blei synt på norske kinoar. Det kan ikkje vere slik at samiskspråkleg film skal stå og falle på om Nils Gaup har lyst til å lage film eller ikkje. Men det er ikkje berre dei språklege minoritetane som lid under det rådande filmregimet:

Dei fleste som bur i Noreg snakkar noko anna enn normert bokmål. Ved årsskiftet budde 88,3 prosent av oss utanfor Oslo, om ein skal tru Statistisk Sentralbyrå. Likevel er dette ein røyndom som ikkje blir spegla på kinolerretet eller tv-skjermen.

21. desember tok Dagbladet Fredag for seg filmåret, og kåra «Oslo-imperialismen» til den tvilsame vinnaren av tittelen «årets mest arrogante», med grunngjevinga: «Trond Espen Seim som bergensikonet Varg Veum. Espen Klouman Høiner som snowboardkis fra Voss. Nils Sletta som grisebonde fra Trøndelag. Norsk film og tv har blitt som den internasjonale finalen av Melodi Grand Prix: Alle vræler på samme språk.» Menn som snakkar meir eller mindre normert bokmål. Det var vel ikkje det vi sakna mest, var det?

Denne vinteren har Norsk Målungdom hatt ein kampanje gåande for å få sjå nynorsk teksting av utanlandske kinofilmar. Og det skulle vere eit rettferdig krav å stille: Dei siste tretti åra har alle filmar synt på norske kinoar vore teksta på bokmål. Filmmediet har ei enorm påverknadskraft, og er i heile si form retta spesielt mot ungdom. Difor må vi tenkje nøye gjennom kva ideal vi vil syne fram. Er det slik at alle i Noreg bur i Oslo og talar og skriv bokmål?

Trond Giske er den nye arbeidsgjevaren til Nina Refseth, og han står òg bak det hyppig utskjelte Mangfaldsåret vi no har byrja på. Dette året skal feire og fremje det «nye» mangfaldet i landet. Då er det lett å gløyme at vi jammen ikkje er så gode til å ta vare på det «gamle» mangfaldet vårt heller, som språkbruken er ein viktig del av. Her kan Refseth gjere ein viktig jobb, dersom vil.