Språkleik i ei alvorleg verd

For tre år sidan fekk lyrikaren Gunnar Wærness Tarjei Vesaas' debutantpris. I si andre diktsamling, «Takk», overbevisar Wærness igjen.

Den sansen for språklege kvalitetar utanom det reint innhaldsmessige som han viste i første boka, «Kongesplint», og som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for, finst det mykje av også i år.

Han har ein spesiell sensibilitet for lyd og leikande, spontane kast i språket. Dette kan gje dikta ein litt barnleg karakter, eller det kan få ein til å tenkja på Paal Brekke. Om lydleiken fører det innhaldsmessige for mykje i bakgrunnen, fungerer det ofte ikkje over mange linjer.

Balanserer

Men Wærness balanserer dette med eit rastlaust blikk og med eksistensiell tyngde.

Noko av det fine med boka er at me må innstille oss på ein veldig open lesemåte, der forfattaren legg premisser som me ikkje kjenner. Først når diktet er ferdig, kan me vita kva me las.

Av og til kjennest det då som om ein har fått eit nytt perspektiv, og det skuldast at han nærmar seg språket og gjenstandane i verda og den erkjennande tanken med eit spionerande og pustande blikk.

Nytt språk

Det er eit grunnleggjande poetisk arbeid, og når han skriv «en åker jeg så utover og navnet kom grønt», må eg tenkja på Gunnar Reiss-Andersen som skreiv «Vi kaller det grønt, skjønt vi vet at det er et annet ord for det, et annet og dypere ord» - Wærness kan halda fram: «Gresstubbene hadde korte / lysere navn jeg kunne høre hvis jeg / bøyde meg ned».

Av og til vert leiken bare eit språkarbeid med ord som sjonglerer med kvarandre på papiret.

Styrken er alle dei stadene der me møter eit nytt språk vendt mot ei indre eller ytre verd som me gjenkjenner, men som står fram frisk og nyoppdaga i desse dikta.