Språkstrid i krig

DEN 6. SEPTEMBER

2004 markerer elevar ved vestkantgymnaset Nissen på Frogner i Oslo at dei frå nå av, utan skriftleg etterprøving, kan dyrka sine brennande interesser for nynorsk lyrikk og litteratur. Måten dei vil gjera det på, er ved å brenna nynorske ordbøker i hagen. Dette fortel ei blid ungjenterøyst til ein velvillig reporter i Dagsnytt Radio.

På eit bilde i Aftenposten Aften frå 17. mars 1999 har to pene unge menn late seg avbilda med eit brennande skrift mellom seg. Den brennande teksten er «Heildagsprøve i sidemål». Dei pene unge mennene kjem frå pene adresser og er elevar ved den pene Persbråten vidaregåande skule, på beste Oslo vest.

På desse trakter er bokbrenning ein vel etablert tradisjon. Då gymnasiastar på Oslo vestkant på 1960-talet tok til å brenna skulebøker dei ikkje likte på bål i skulegarden, og fekk støtte i Morgenbladet, var reaksjonane mange. Trygve Bull uttrykte «bestyrtelse». På si side meinte J.B. Hjort, som formann i Riksmålsforbundet, at bokbrenning var «langt mindre farlig enn hva Kirkedepartementet kan utrette».

KVA HENDE ETTER

bokbrenninga på «Pers»? Kva vil henda på Nissen? Kallar rektor inn til stormøte i Aulaen? Fortel han om Heinrich Heine, som dessverre fekk rett i spådommane sine? Får elevane refs, eller kanskje ros, for handlekraft og festlege aksjonsformer i kampen mot eit upopulært skulefag?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ting er søttenåringar i skulegarden på «Pers» eller på Nissen. Dei som har arbeidd lenge og iherdig for å få slutt på språkleg multikulturalisme i Oslo-skulen, og sidan i resten av landet, er ansvarlege makt- og myndighetspersonar. For leiaren for Høgre-gruppa i Oslo bystyre var nynorsk ikkje eit språk, men eit «språk» i hermeteikn. Den skulepolitiske talsmannen for Høgre i Oslo snakka i radio om «nynorskfri skoler». Ved å visa til at Michael Jackson nesten var blitt «kvit», tilrådde ei tevevertinne kirurgiske inngrep i taleorgana for at språkniggeren skulle bli kvitt dialektbruken sin. Utan å oppgi kjelde, viste politikarar frå mange parti til at nynorsk blir kalla «spynorsk» og ordlista «mordliste» som argument for å fjerna sidemålsundervisninga i Oslo-skulen.

Om ein høyrer uttrykk som «jødesvin» eller «svartskalle», blir det meldt til politiet. I språkspørsmål er det utvikla ein diskurs der diskriminerande skjellsord ikkje berre kan seiast offentleg, men får applaus og sakleg tyngd. Under tittelen «Kultur for læring» summerer Stortingsmelding 30 (2003-2004) opp denne tankegangen i nøytral, byråkratisk språkdrakt, når den argumenterer med at den tradisjonelle sidemålsstilen «har et innhold og en sjanger som oppfattes som negativ av mange elever». Noko mindre departementalt følger Oslo Unge Høyre opp med bildet av ei ku, saman med oppmodinga om å «La dem raute nynorsk (bare vi slipper)».

SOM EIN AV

grunnleggarane av norsk fascisme, hirdsjef og ledarfigur i Nasjonal Samling i mellomkrigstida, hadde høgsterettsadvokat Johan Bernhard Hjort brei erfaring frå antidemokratisk aktivisme. I eigenskap av formann i Riksmålsforbundet støtta han sjølvtekt og bokbål som veleigna kampformer mot demokratiske vedtak. I eit intervju så seint som i 1966 heldt han også fast ved fleire av dei andre haldningane frå kamptida. Legen Berthold Grünfeld merka seg Hjort si fortolking av antisemittismen, og i vekebladet Aktuell spurde redaktør Jostein Nyhamar om Riksforbundet verkeleg kunne vedkjenna seg ein ledar som uttalte seg så grumsete om jødane og si eiga fortid i NS?

Det kunne ein. Leiinga i Riksmålsforbundet slutta mannjamnt opp om formannen. Hjort var vald av eit samrøystes årsmøte og hadde full tillit. Riksmålsforkjemparane hadde i det heile mykje å læra av fortida til formannen.

Den 9. og 10. april 1940 var det tillyst store protestmøte mot «det kohtske knot», det vil seia rettskrivinga av 1938. Av gode grunnar blei desse møta avlyste. Men alt medan kampane raste på norsk jord, var framståande riksmålsfolk i full gang med å søka først Administrasjonsrådet, sidan Nasjonal Samling om å få omgjort Stortingsvedtaket om den nye rettskrivinga. Ein fløy i Oslo Riksmålsforening prøvde å få Forbundet med på å inngå språkfred med Norges Mållag så lenge krigen varte. Denne fløyen blei fort utmanøvrert. Med kuppliknande framferd, og med full støtte frå riksmålsforeningane i Oslo, Bergen og Trondheim fekk dei NS-vennlege i Riksmålsforbundet både styre og landsmøte med seg i samarbeid med Nasjonal Samling for å ta hemn over Stortinget.

FORMENNENE I DEI

største riksmålsorganisasjonane, Riksmålsforbundet og Oslo Riksmålsforening, let seg oppnemna i Quislingstyrets rettskrivingskomité. Forbundets ekstraordinære landsmøte den 19. april 1941 gav begge tillitsvotum og attvalde dei med stort fleirtal. Eit framlegg om «bileggelse av språkstriden under okkupasjonen» blei nedstemt mot 3 stemmer. Etter framlegg frå Bergens Riksmålsforening vedtok landsmøtet derimot å gi «sin tilslutning til alle positive tiltak for å få opphevet språkforandringen av 1938». Med dette vedtaket hadde Riksmålsforbundet godkjent samarbeid med Nasjonal Samling for å få omgjort lovleg fatta stortingsvedtak.

Riksmålsforbundets historikar, Lars Roar Langslet, har sin versjon: «Riksmålsforbundet holdt ekstraordinært landsmøte 12 (sic!) mars 1941. Der ble det vedtatt, etter forslag fra Oslo Riksmålsforening, at Forbundet og Noregs Mållag burde avgi en felles erklæring om å innstille språkstriden i disse vanskelige tider, 'så nordmenn ikke splitter sine krefter'... men riksmålsinitiativet om en felles erklæring førte ikke frem og ble formodentlig avvist på den andre siden. Det fikk være måte på samdrektighet selv under en krig!»

REIKSMÅLSFORBUNDETS

historikar fortel altså at det framlegget som blei avvist mot tre stemmer, blei vedtatt. Deretter refsar han «den andre siden», altså Mållaget, for «formodentlig» å avvisa det framlegget Riksmålsforbundet sjølv har forkasta.

I åra etter frigjeringa var det svært avmålt interesse i riksmålskrinsar for å granska organisasjonen sin innsats under okkupasjonen. Med god grunn var leiarane i Riksmålsforbundet redde for at ei slik gransking ville skada kampen mot «det kohtske knot» og mot samnorsken. Utover sitt fåfengde strev med sanninga, er Langslets versjon frå 1999 svært kortfatta. I si idéhistoriske framstilling av perioden frå 2001, «De store ideologienes tid», som er band 5 av seksbandsverket Norsk idéhistorie, tar ikkje Hans Fredrik Dahl opp emnet i det heile. Derimot skriv han mykje om målrørsla, og undrast på om det språkpolitiske vendepunktet under krigen enten «skyldtes et deskrediterende sammenfall mellom NS-staten og norskdomsrørslas nasjonale mytologi» eller «om en partikulær bevegelse som norskdomsrørsla i alle fall ville ha kommet uheldig ut i etterkrigstidens felleskapsmentalitet».

SJØLV OM HAN

etterlyser meir forsking, har Dahl konklusjonane klåre, det vil seia ulne: «Andelen av mål- og norskdomsfolk som sluttet opp om Quisling, var ikke ubetydelig. NS-regjeringen var da også sterkt engasjert i slike ting som folkedans, bygdeungdomslag og alle slags norske og norrøne uttrykk og former. Det fans målfolk som så det slik at Ivar Aasens verk ble videreført av ideologer som Alfred Rosenberg i Tyskland og Vidkun Quisling i Norge.»

Alfred Rosenberg var direkte ansvarleg for det nazistiske folkemordet i Aust-Europa. Men i staden for å sjå på Ivar Aasen som norsk frontkjempar i tysk teneste under 2. verdskrigen, kan ein venda blikket mot lett tilgjengelege forskingsresultat.

Dei geografiske og sosiale skilnadene i oppslutninga bak den norske nazismen er grundig undersøkte. Funna er i sjeldan grad eintydige og klåre. I Norge var var N.S. i overveldande grad eit bybasert parti. Det hadde sine beste rekrutteringsområde i hovudstaden og i områda rundt Oslofjorden. Dei klassiske fascistrørslene representerte sentrumsekstremismen, medan N.S. så godt som fullstendig mislykkast i å vinna tilhengarar i dei vestlege og sørlege kystområda både før og under krigen. Bedehusa, fråhaldslosjane, den frilynde ungdomsrørsla og mållaga var ugjennomtrengelege. Legg ein kartet over nynorske skulekrinsar i 1940 over kartet som viser kor N.S. sto særleg svakt, ser ein nesten fullstendig samanfall.

Kort og autoritativt samanfattar professor Johs. Andenæs oppslutninga om Nasjonal Samling på denne måten: «De høyeste tall hadde man i Oslo og østlandsfylkene Hedmark og Oppland, de laveste på Vestlandet, med Sogn og Fjordane som det aller laveste.»

PÅ DENNE BAKGRUNNEN

er motstandslinja til målrørsla lett å forstå. Mållaget boikotta arbeidet i den N.S.-oppnemnde rettskrivingskomiteen. Målmannen som deltok, hadde ikkje hatt tillitsverv i organisasjonen sidan 1920-talet, og han var med i nemnda som privatperson, utan mandat eller støtte frå organisasjonen. Bortsett frå Riksmålsforbundets samarbeid med Quislingstyret var språkstriden avblåsen. Samnorsktanken var ein del av det nasjonale samhaldet. Heltane i motstandsarbeidet blei då også kalla Gutta på skauen, og ikkje Guttene i skogen, for eksempel.

Men ikkje eingong dei konservative og høgnorske målmennene - med Gustav Indrebø i spissen - let seg lura av Quislingstyrets «høinorske» lokketonar. I 1942 førte Indrebø i pennen brevet «Til Kulturdepartementet Oslo», der styresmennene i Mållaget legg ned verva sine. Brevet har ei kort fotnote: «Formannen skuledirektør Knut Markhus sit i fengsel, og hev ikkje kunna vera med og dryft denne saki i styret.»

DEN MOTKULTURELLE

immuniteten mot nazismen utgjer eit viktig idéhistorisk funn. Utan kjeldegrunnlag og utan argumentasjon gjer ein historikar som Hans Fredrik Dahl denne motstandskrafta til det motsette, til ideologisk slektskap. Historieforfalsking er ordet. Dahl og Langslet brukar ikkje kjeldene, men forgiftar dei.

I bokbåla på Oslos vestkant ser vi følgene av det iherdige arbeidet med å utrydda dei delane av norsk kultur som var blant dei mest immune mot fascisme og nazisme.

Kjartan Fløgstads bok «Brennbart» kommer ut på Gyldendal denne uka.