Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Spytt på Nytt

Ta ei blodig historie, og gjerne et heilt traumatisert folk - og lag underbukse-humor av det.

ER DET VERKELIG

humor å drite ut folk? «Le med dei, ikkje av dei» er det noko heiter. No er kanskje ikkje eg den rette til å slå ned på humor «på kanten» - eg som sjølv har virka som klovn og imitator. Men: Til mi skrekk og gru, les eg at «NYTT PÅ NYTT» i statskanalen NRK får ein sjåaroppslutning på ca 1, 5 millionar sjåarar kvar veke. Dette programmet skal visstnok vere

eit av dei mest populære programma i «gullrekke» i gode gamle NRK. Det er sjeldan eg sit heime og stirar i denne boksen ein fredagskveld, men det eg til no har sett av humor i dette «satire-showet» gjer meg provosert. Er grensa mellom politisk satire og «mobbe-TV» verkeleg så lett og nærast umerkeleg å krysse? For der ser me dei sitte - så «perfekte» i all sin sjølvgode og kjølige avstandstagen, med pil og boge klar for kvar ein blink dei finn det for godt å råke - å råke hardt. Altså skyte avgarde sine giftpiler, simpelthen fordi det kjennst så herleg å treffe? Fordi ein vert kvitare av å sverte andre? Fordi ein vert «coolare» av å gjere det hett for andre? Eller kanskje er det ikkje nokon som i det heile tatt spør seg sjølv kvifor lengre? For dette kan verke som akkurat same taktikk, utifrå akkurat same beveggrunn som ein typisk mobbar i skulegarden. Og slikt vil ein jo ha slutt på i denne ellers så overstyrte leikegrinda vi kallar Noreg. Det som «Nytt på Nytt» lærar oss alle - gamle som unge - er at det i høgste grad lønar seg å mobbe. For der, i beste sendetid kvar fredag, sit den stilege Almås, festlege Anne Kath. og deira «intellektuelle alibi»Knut Nærum og mobbar for pengar.

POLITISK SATIRE

er ein ting. Her er jo sjølve meininga å sparke oppover; ikkje å drite ut Gud og kvarmann. Seinast fredag 26.november presterte Anne Kath. å påstå at ein burde straffe «dumme mennesker» (dei med ein IQ på under 100) med ein slags ekstra-skatt. Maradona vart i same andedrag karakterisert som ikkje anna enn ein tåpeleg, overvekteg stoffmisbrukar, og det vart foreslått å sende folk vi «ønsker å bli kvitt» (som Ole Clementsen og Jan Simonsen) til EU-styrkane. At folket i Ukraina vart snytt for eit rettvist, demokratisk valresultat, «forklarte» Anne Kath. med at dei sjølvsagt hadde vore så fulle på valdagen, at dei hadde stemt feil. At alle øst-europearar valsar rundt i ein evig vodka-rus, og berre får som fortent når ting går galt, er ein festleg og grei form for rasisme, i NRK. Det er mogleg at programleiarane trur at heile deira publikum der heime i stovene er like kynisk på avstand ifrå all form for kjensle, all form for alvor, som dei sjølv er. Eller iallefall at vi alle burde vere det. Ta ei blodig historie, og gjerne et heilt traumatisert folk - og lag underbukse-humor av det! Flir litt skjeivt inn i kamera, slik at alle skjøner at det er nett det same kva eller kven man raljerer med, fordi ingenting betyr noko; ingenting er heilag lengre, ingenting skal takast på alvor.

Men eg har ikkje sett ein einaste protest. Er dette samfunnet som me meiner er blitt så sivilsert, også blitt heilt apatisk? Gjennomført kynisk? Penger er makt. Men er makt «rett»? Her anbefalar eg i kved folk å lese Sokrates sitt svar, i Platons «Gorgias» - i beste sendetid!

NÅR DET

gjeld god humor og satire: Er det verkeleg berre meg som saknar Chaplin si ånd?

Er det berre meg som saknar ein Victor Borge, ein Einar Rose, ein Rolf Just Nilsen, ein Leif Juster? Eller kva med Kvinner på Randen, jentene i «Small, Medium & Large» og «Melonas»? Der er så mange gode komiske talenter i dette landet - både av eldre og yngre årgang - at eg kan ikkje ramse dei opp, alle saman.

Men eg trur dykk skjønar kva eg vil fram til: Den gode, lune - gjerne hysterisk morosame - humoren.

Den som gjev deg ein fin kjensle, idet du ler.

Fordi du veit med deg sjølv at du ler med nokon. Ikkje av slike som ikkje kan forsvara seg; som ligg nede, som vert råka av andre sine giftige piler. Det skal vere godt å le. For alle. Som nevnt, er det kan hende litt risikofyllt for meg, å kritisere NRK. Eg har jo som kjend blitt halden «i karantene» i sju år no - etter at eg gav Bård Tufte Johansen ein øyrefik i «Åpen Post». Ein skal aldri ty til vald - iallefall ikkje - «utanfor manus».

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media