Staff og røyndomen

OVERGREP: Tor Erling Staff har i det siste og tidlegare vore i media med uttaler om incest. Uttrykk som «utsett for vaksen seksualitet», «seksuelt samvær med vaksne» og «seksuelle relasjonar til vaksne», tyder på godt norsk incest, når det er tale om born.Ifølgje Staff er det eit press i samfunnet, spesielt frå offentlege hjelparar, på incestutsette til å føla skam og skuld. Det er det som gjev incestutsette problem. Incest er det ikkje noko galt i. Det er ufarleg. Problemet er at ein vert fortald at det er galt, meiner han. Me som er incestutsette, veit med andre ord ikkje kva me føler, og lar oss pressa til å verta sytekoppar. Me klagar visst over noko me innbillar oss.

STAFF SEIER AT han vil hjelpa oss incestutsette med å verta kvitt skam og skuld, og hjelpa oss til å koma ut av offerrolla. Ingen treng å føla skam og skuld eller vera offer, fordi det er ingenting galt i incest, er omkvedet frå han. Staff si løysing er enkel, men ikkje i samsvar med røyndomen. Hans enkle løysing er ikkje hjelp for andre enn incestforbrytarar. I den verkelege verda plasserer me skuld og skam der dei høyrer heime: hjå overgriparane. Dei gjer grufulle handlingar som det ikkje er unnskyldning for. Incest er veldig vondt og vanskeleg å halde seg til. Seinverknadene er mange og omfattande. Når ein vert utsett for incest, då er ein eit offer, men det tyder ikkje at ein må leva vidare i offerrolla. Eit viktig steg i arbeidet med overgrepa og fylgjene av dei er å erkjenna kva ein faktisk har blitt utsett for. Staff sin lette snarveg hindrar erkjenning og arbeid i høve til overgrepa. Eit opent samfunn med informasjon og støtte frå hjelparar, derimot, er viktig for å få stadfesta og arbeida med kjenslene me har.

STAFF TEK TIL orde mot fordøminga som incestdømde opplever. Noko som kan hjelpa mot fordøminga, er at dei tek avstand frå brotsverka og tek det heile og fulle ansvar for ugjerningane og fylgjene av dei. Dei bør gi unnskyldning utan atterhald, vise at dei skammar seg og oppsøkje behandling.Ein av Staff sine kjepphestar er at ein må skilja mellom person og handling. Det kan ein gjera når ein ser at det verkeleg er eit skilje mellom person og tidlegare handlingar. Då kan det vera mogleg for incestdømde å få tillit, trass i at dei tidlegare har stått for dei grovaste tillitsbrota.