Står som søyler

Gjennomført og solid om sorg og smil.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Desse dikta er så enkle at ein kan lese i veg og tru at det mest ikkje står noko anna her enn ordinære, vanlege ord, og absolutt ikkje oppleva det som det står om alt i det første diktet ordaopna segdenneveldigedagen Og sjølv ein rimeleg rutinert og pasjonert diktlesar som underteikna må innrømma at det skjedde her. Eg las og las og det var bare «vanleg lesing», som om nokon hadde skildra alvorlege og trivielle ting med enklast mogleg ord, ikkje for det at alt var så kvardagsleg, tvert om, men det var jo alt slikt som høyrer eit liv til. Men så, brått opna det seg: Dikta og orda fekk ei heilt anna samanheng. Tinga som er skildra stod brått i lyset frå eit tap, i mørkret frå eit tap over sjøenkom kistapå ferjalamot landopna gapetmotingenting Desse små, nøye utvalde orda, fekk brått tyngd og eksistensiell substans. Dei nedskrapa dikta som nærast gir bilete av ei ryggrad, av små søyler, på sidene. På side etter side, gav i frå seg eit brennande lysskjær: gårpå vasstrekt jordauga minesårei dettelyseteg ser Frå å liggja på bakken i første dikt, får me leva gjennom det å reisa seg. Og ein kan sjå denne rørsla som eit heilt liv, barnet som reiser seg, mennesket som går gjennom gleder og tap, og så til sist; møtet med bakken igjen. Diktsamlinga har såleis fått ein tittel som rommar mykje, mykje meir når ein er ferdig med boka, enn det litt nøytrale ordet på ei skråning som ein kunne lesa det som i førstninga. I bolken som ber namnet «ja», (andre bolkar heiter t.d. «her no», «men» og «ler litt»), får tankane om den som er borte ein annan dimensjon av nåde over seg, som eit gjensyn, eit møte etter døden. Og det er sterkt og like klart og konkret som resten: «ta berre//med deg alt/seier du//kan eg ta/med meg//alt?//ja//seier du/vi dreg/saman» Det er vanskeleg å tenkje seg nokre av desse dikta lesne utan resten, ute av samanhengen. Dette er samanhengjande tekstar og dikt som eg trur er avhengige av kvarandre, av den minutiøse handsaminga, pinsettplukka ord for ord. Dei står i ein heilskapleg komposisjon både på eit lyrisk og eit menneskeleg plan. Gjennom å gå inn i og ned til, saman med og ut over seg sjølv og den andre, maktar dikt eg-et å koma fram til gleder og smil att: smiltil måneni vatneti nyog neover kantenav åsendet djupastei megder stig gledene

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer