Statoil og ein ny «ML-bevegelse»

Stortings-fleirtalet bruker meir enn ein milliard kroner på konsulentar og rådgjevarar for å privatisera Statoil.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert

Arbeidarpartiet kunne velje side. SV og Senterpartiet var klar. Ap valde nok ein gang å gå til marknadsliberalistane i Framstegspartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Ap har slutta seg til den nye «ML-bevegelsen», og nå avhender dei altså folket sin eigedom ved å privatisera Statoil. Fleirtalet bruker i sum meir enn ein milliard kroner på konsulentar og rådgjevarar for å kunna få dette til. Når SV foreslår noko fornuftig som f.eks. ein milliard kroner til satsing på skule og barnehage, går dei same «ML-partia» heilt av hektene i språkbruk om ansvarsløyse osv. Nå bruker altså fleirtalet ein milliard kroner på å avhenda folket sin eigedom, utan særleg bråk.

SV følgjer opp det programmet veljarane har valt oss på. Me vil ikkje sørgje for at mistilliten til veljarane aukar gjennom å gjera noko me ikkje gjekk til val på. Eit fleirtal gjer det. Det var eit viktig moment for leiaren av Arbeidarpartiet, nåverande utanriksminister Jagland, i januar i fjor: «Med bakgrunn i hva et flertall av stortingsrepresentantene gikk til valg på i 1997, er det vanskelig å tenke seg at en dramatisk omlegging av olje- og gasspolitikken kan skje før valget i 2001.»

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer