STATSMINISTER: Erna Solberg seier at Norge sender spesialstyrkar til Bagdad for gi «en ny start for Iraks utvikling.» Kva meiner ho med det? Foto: Bjørn Langsem / DAGBLADET
STATSMINISTER: Erna Solberg seier at Norge sender spesialstyrkar til Bagdad for gi «en ny start for Iraks utvikling.» Kva meiner ho med det? Foto: Bjørn Langsem / DAGBLADETVis mer

Statsminister: Kva er målet med krigen?

Kanskje blir suksessen i Irak enda større enn i Afghanistan.

Debattinnlegg

Statsminister Erna Solberg seier at Norge sender spesialstyrkar til Bagdad for gi «en ny start for Iraks utvikling.» Kva meiner ho med det?

I Stortinget sa ho at «inkluderende politikk» frå den nye Bagdadregjeringa var «en forutsetning for det vi går inn i.» Økonomisk blokade av den kurdiske regionen i landet, er ein del av denne inkluderande politikken. Eg syns ekskluderande er eit meir presist ord.

I tillegg forklarte statsministeren at det er nødvendig å endre haldningane i restane av den irakiske hæren. Statsministeren slo fast at «våre spesialstyrker har betydelig erfaring fra opptreningen av spesialpolitiet i Kabul og vil være de mest egnede styrkene til dette oppdraget.» Kanskje blir suksessen i Irak enda større enn i Afghanistan.

I diktet Den kvite manns byrde skreiv Rudyard Kipling for 115 år sia at kvite menneske i Vesten er meir siviliserte enn andre, og derfor har plikt og rett til å styre over andre folkeslag. Til dei blir like siviliserte som oss. For meg ser det ut som statsminister no tar sin del av det langdryge oppdraget som Kipling formulerte så presist.

Irak og Syria har i hovudsak statsgrensane frå den første verdskrigen. I 1918 la sigerherrane linjalen på kartet og delte naturressursane i Midt-Austen mellom seg. Samtidig sende England og Frankrike ut ei offentleg erklæring om kva den første verdskrigen krigen handla om. Målet var ikkje mindre enn å sikre den fulle og endelege frigjeringa av dei undertrykte folka i Midt-Austen og «bygge opp nasjonale regjeringar og administrasjonar som skal hente makta si frå den innfødte befolkning si frie utøving av initiativ og valg.»[i]

Eg har finlesi den Irak og Afghanista-talen statsminister Solberg heldt i Stortinget 5. november. Både ordvalet og våpenteknologien har endra seg sia 1918. For øvrig ser det for meg ut som ho tar opp arven frå England og Frankrike: Frigjerande ord til eiga befolkning for at færrest muleg skal sjå at ho sender norske soldatar ut ein krig om kontroll og kanskje ny oppdeling av Midt-Austen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook