SKAL HJELPES HJEMME: Innvandrings- og integreringsminister.Sylvi Listhaug (Frp) gjentar at det er best å hjelpe flyktningar i nærområda, skriv Rødt-medlem Erling Folkvord. Foto: John T. Pedersen / Dagbladet
SKAL HJELPES HJEMME: Innvandrings- og integreringsminister.Sylvi Listhaug (Frp) gjentar at det er best å hjelpe flyktningar i nærområda, skriv Rødt-medlem Erling Folkvord. Foto: John T. Pedersen / DagbladetVis mer

Statsråd Listhaug og kampen mot IS

Den utsveltinga av sivilbefolkninga i Rojava som Norge er med på, svekkar sjølvsagt og forsvarsstyrkane si evne til å trappe opp bakkekrigen mot IS.

Meninger

Etter å ha overtatt ansvaret for flyktningepolitikken, gjentar Sylvi Listhaug (Frp) at det er best å hjelpe flyktningar i nærområda: «Til sjuende og sist er det viktig å bruke pengene der nede, og sikre at familier som nå sitter der uten håp, får det, og at ungene får skolegang, nok mat og en anstendig plass å bo.»

Tilsynelatande gode ord. Siste halvåret har eg fleire gonger besøkt både flyktningar og andre sivile i det sjølvstyrte området lengst nord i Syria. Fleire millionar menneske bur i Rojava, som er det kurdiske namnet på landsdelen.

Mange er flyktningar frå andre delar av Syria. Rojava frigjorde seg frå Assad-regimet i 2012 og oppretta eit sekulært, tverrkulturelt sjølvstyre.

Sia den gongen har alle Nato-landa følgt Tyrkia si linje og handheva ein humanitær blokade. Småungar døyr dagleg av unødvendig sjukdom.

For oss i Norge er Kobanê den mest kjende byen i Rojava. Forsvarsstyrkane i byen slo tilbake ein storoffensiv frå IS for eit år sia.

Dei nedkjempa IS i bakkekrig, men måtte betale dyrt for det. Storparten av byen ligg i ruinar. IS øydela vassforsyninga, osv.

Kobanê treng hjelp til gjenoppbygging, slik at flyktningane som no er i Tyrkia og Irak kan vende heim igjen.

Den utsveltinga av sivilbefolkninga i Rojava som Norge er med på, svekkar sjølvsagt og forsvarsstyrkane si evne til å trappe opp bakkekrigen mot IS. Den humanitære blokaden er derfor ei indirekte støtte til IS.

Statsråd Listhaug sine ord om at det er «viktig å bruke pengene der nede» slik at ungene får skolegang og nok mat er ikkje truverdige før regjeringa bryt den humanitære blokaden av Rojava.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook