MOT PELS: Lørdag var det igjen fakkeltog mot pels i en rekke byer. I Oslo gikk toget fra Youngstorget til Stortinget. Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix
MOT PELS: Lørdag var det igjen fakkeltog mot pels i en rekke byer. I Oslo gikk toget fra Youngstorget til Stortinget. Foto: Audun Braastad / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Pelsdyrhold

Statsstøtte til fanatisme?

Noah brukar på ein kynisk måte dyrevernbegrepet for å fremje vegansk livssyn og for å ramme dyktige bønder som har høg fokus på gardsdyras velferd.

Meninger

Noah v/Siri Martinsen var raskt ute for ytre sin nød etter framlegginga av statsbudsjettet, etter at forslaget som forventa gjekk ut på å fjerne statsstøtta til fanatiske «dyrevernarar». Når desse ytterleggåande røystene ytrar seg, blir dei tekne imot med opne armar i enkelte medier. Ein må undre seg kvifor ikkje fleire av desse mediene er sitt ansvar bevisst, og har ein meir kritisk og balansert journalistikk her, som ein ser på dei fleste andre område?

PELSDYRBONDE: Sigbjørn Kirkebøen. Foto: Privat
PELSDYRBONDE: Sigbjørn Kirkebøen. Foto: Privat Vis mer

I Noreg er alt husdyrhald sterkt regulert, og gardsdyras krav og rettar er av dei beste i verda. Velferda og tilhøve for dyra har generelt høg fokus. Noah prøver å hevde at det motsatte er tilfelle, og mange trur nok at det er sanninga som kjem fram når fleire medier publiserar slikt, ofte utan meir balansert realisme og fakta.

I den nylege saka om statsbudsjettet var Martinsen i kjend stil på banen med forvrenging av sanninga, då ho hevda at «pelsnæringa får to millioner», og at det er «skandaløst at all støtte til dyrevelferd blir borte». Sanninga her er at regjeringa vil bevilge to millioner kroner til konkrete dyrevelferdstiltak, for å trygge gardsdyras velferd i pelsdyrgardar.

Noah har eit openbart mål om å få slutt på alt husdyrhald, og at dyr skal likestillast med oss menneske. I denne fanatiske «dyrevern»-organisasjonen sitt mål og visjon, som ein finn på deira nettside, heiter det bl.a:

«Vi vil ha en verden hvor dyr er likeverdige medskapninger, dyr ikke skal drepes for kjøttets skyld, eller for menneskers interesser.»

Om husdyrhald generelt, meiner Noah: «Hver enkelt av dyrene i landbruksmaskineriets bur og binger deler vår evne til savn og glede, dødsangst og livslyst. Hadde mennesker lært også disse dyrene å kjenne, ville slakt blitt sett på som den voldelige galskap det er.»

Dette er skremmande tale, slike ekstreme haldningar og visjonar er utan tvil eit angrep på vårt lands lange mat- og kulturtradisjonar, og i særleg grad landbruket i distrikta, der det å hauste av det dyr har gjeve oss i form av mat og klede har vore heilt avgjerande for å oppretthalde bygdesamfunn. Det har til alle tider vore sjølvsagt at husdyra skal ha gode levevilkår og velferd. Husdyrhald har vore grunnpilaren for levande bygder frå tidenes morgon.

Gjennom utviklinga med sosiale medier har Noah og likesinna funne ein urovekkjande effektfull måte å forlede folk på, for å oppnå auka oppslutning og støtte på falske premissar. Her postar dei innlegg med myter og usanningar for å tiltrekkje seg medlemmar og sympatisørar, spesielt blant den yngre generasjonen. Når dette skjer gjentatte gonger over lang tid, utan at dei som blir påverka av det får litt balanse i det dei blir fortalt, blir dette å rekne som indoktrinering.

Slike arbeidsmetoder og tydeleg styrt strategi for å oppnå ein hat-stemning mot bønder er skremmande, men likevel verkeleg, og har gått føre seg over mange år. Døme på dette ser ein også under Noah sine fakkeltog mot pels. Når ein ser på videopptak av hendinga i Oslo sist laurdag, så er det skremmande å høyre kva uverdig og krenkande språkbruk som vart brukt om pelsdyrhald og bønder her. Attpåtil var det stortingsrepresentantar som også deltok under ein slik massesuggesjon. Dette er ein alvorleg og trist utvikling i vårt samfunn.

Pelsdyr og rovdyr er fyrste kampområde for Noah til å nå sine mål. Til trass for at Stortinget i januar 2017 gjorde eit klart vedtak om berekraftig utvikling for pelsdyrhald, på sterkt fagleg grunnlag, arbeider fortsatt Noah like aktivt mot stortingsvedtaket, med strategi som før nemnt, noko som fører til uverdig mobbing og trakassering av bønder.

Når ikkje Noah akspeterar eit slikt klart stortingsvedtak, viser dei manglande respekt for demokratiet.

Ein høyrer aldri at Noah står opp for beitande husdyr, sjølv om tusenvis av dyr kvart år gjennomgår store lidelsar etter rovdyrangrep. Dette fordi det elementære er at rovdyra skal vernast og ha full tilgang til og råderett over natur og beiteområde. I staden for blir bønder urimeleg uthengt ved at dei ikkje held beitedyra sine borte frå rovdyra, og spesielt ulven som er vorte nærast som naturens kjæledyr, og som kan ta seg til rette med beitdedyra og påfører dei store lidingar. Dette blir rekna som naturens gang for «dyrevernarar».

Her ser ein også tydeleg Noah sin dobbeltmoral, og dei viser sitt sanne ansikt. Det heile er absurd og patetisk, og det er uforståeleg at også stortingspolitikarar kan støtte opp om slike fanatiske krefter.

Noah brukar på ein kynisk måte dyrevernbegrepet for å fremje vegansk livssyn og for å ramme dyktige bønder som har høg fokus på gardsdyras velferd. Dei er i realiteten meir ein veganerorganisasjon enn dyrevernorganisasjon. Ein skal ha respekt for folk som vel eit vegansk kosthald, men slik Noah brukar ein kamp mot alt husdyrhald, for å fremje veganismen er lite verdig vårt demokrati.

At denne organisasjonen har motteke statsstøtte er eit stort mistak, når realitetane kjem fram i lyset. Noah og liknande fanatiske og ytterleggåande «dyrevern»-krefter er ein trussel til vårt velutvikla samfunn, der levande bygder og eit berekraftig landbruk med sterk omsyn til dyrs levemiljø alltid har vore viktig.

Politikarar, besluttande myndigheiter i storting og regjering har eit stort ansvar med å ta riktige avgjerder for å stoppe denne alvorlege og skremmande samfunnsutviklinga. Ein start er å fjerne statsstøtta til slik fanatisme, og uverdige arbeidsmetodar. Vårt velutvikla demokrati har heldigvis gode og sterke tradisjonar i å bekjempe slike destruktive krefter.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.