Stephen Fry har ein mørk løyndom

Og denne gongen er det ikkje snakk om bipolar lidelse.

MULTIKUNSTNAR: Kjent barn har mange hattar. Stephen Fry er dokumentarfilmskapar, skodespelar, og skappoet. Her frå prøvane til Shakespeares «Heilagetrekongarsaftan» i London, 2012. Foto: Simon Annand, Sonia Friedman Productions / AP / NTB Scanpix
MULTIKUNSTNAR: Kjent barn har mange hattar. Stephen Fry er dokumentarfilmskapar, skodespelar, og skappoet. Her frå prøvane til Shakespeares «Heilagetrekongarsaftan» i London, 2012. Foto: Simon Annand, Sonia Friedman Productions / AP / NTB ScanpixVis mer

ANMELDELSE: «Jeg har en mørk og skrekkelig hemmelighet. Jeg skriver dikt.» Dette står aller først i ein Flamme-singel ført i pennen av Stephen Fry. For mange vil det kanskje vera uventa at nettopp Fry har skrive ei entusiastisk bok om det å lesa og skriva poesi. Han er kjend som skodespelar, komikar, dramatikar, forfattar, skeptikar, og entusiastisk forteljar i mange dokumentarfilmar. Det er nok færre som veit at han studerte engelsk litteratur ved Queens College i Cambridge og er sterkt oppteken av poesi. I dette utdraget av boka «The Ode Less Travelled» skriv han: «Jeg tror poesi er en urimpuls som finnes i oss alle.» Og han oppfordrar folk til å skriva ved å avsløra fleire viktige knep og gjev oss grunnleggjande reglar som er verdt å ha i bakhovudet. 

Stephen Fry har ein mørk løyndom

Nå finst det jo etter kvart ein god del bøker om skriving; handbøker for den som vil verta betre til å skriva, og bøker der skrivinga er ein metode for sjølvutvikling. I USA har særleg Natalie Goldberg hatt suksess med skrivekurs og boka «Writing Down the Bones». Men òg folk som først og fremst er kjende som poetar har skrive slike bøker. Ein av dei mestselgjande poetane i USA, Mary Oliver, står bak den pedagogiske og lærerike «A Poetry Handbook», medan britiske Ted Hughes si «Poetry in the Making» gjekk tett innpå eigne og andre sine dikt for å prøve å avlure dei nokre løyndommar om korleis dei vart til. Ane Lamott har òg hatt ein bestseljar med si personlege og morosame bok «Bird by bird», der ho gir mange gode tips om korleis ein skal kome forbi skrivevegringar og lammande sjølvkritikk. I år har Natalie Goldberg gitt ut ein oppfølgjar til «Bones» med den noko ironiske tittelen «The True Secret of Writing».

Men Stephen Fry har heilt på eigne premissar laga ei fantastisk lita bok som glør av genuin interesse for diktinga og som er så fortetta og kortfatta at ein er freista til å sitera heile boka. Den norske utgåva er elegant utforma av Yokoland og fint omsett til norsk av Tiril Broch Aakre. Stephen Fry peikar på det heilt spesielle poetiske uttrykket som så mange menneske brått har møtt. Han fortel om då han sjølv las ei linje som han aldri gløymer, og om den gongen poeten John Keats som tenåring las ei linje som fekk han til å innsjå kva poesien kan gjera, forsto kva poesi er, og brast i gråt.

Det er verdt å merke seg kva slags ord Fry sjølv faktisk brukar: «Konsentrasjon og total overgivelse til språket er langt på vei den viktigste egenskapen for å kunne skrive poesi.» Han legg òg stor vekt på dette å bruke tid, på å lesa langsamt. Og på gleda dette kan gje: «Poesi er en helt annen måte å bruke ord på, og jeg kan ikke få stresset nok hvor mye glede man kan finne i denne langsomme, luksuriøse beskjeftigelsen med språk og rytme.»

Og han peikar på at poesien nettopp ved dette langsame, kan ha ein spesiell plass og misjon i vår hektiske tid. «Poesi er noe av det siste vi har som holder stand mot det overilte og umodne. Selv når den er enkel og barnslig, skal den nytes langsomt.»

Ein stad siterer han poeten Philip Larkin som i eit dikt til jazzsaksofinisten og klarinettisten Sidney Bechet skriv at «Stemmen din treffer meg slik de sier kjærligheten gjør, / som et rungende ja.» Og Fry oppsummerer med nokre ord som seier det meste om tonen i denne vesle boka: «Jeg regner med at et rungende ja banker livskiten ut av et rungende nei.»