OPPKONSTRUERT:   Dyrevernalliansen bør nok konsentrera seg om å seta søkjelys på reell dyremishandling, og ikkje oppkonstruerte tilfelle som med pelsdyrhald. skriv artikkelforfattaren. Bildet er fra en gård på Vestre Toten.  Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix
OPPKONSTRUERT:   Dyrevernalliansen bør nok konsentrera seg om å seta søkjelys på reell dyremishandling, og ikkje oppkonstruerte tilfelle som med pelsdyrhald. skriv artikkelforfattaren. Bildet er fra en gård på Vestre Toten.  Foto: Heiko Junge / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Pelsdyrhold

Sterk fagleg støtte til pelsdyrhald

Det er forunderleg at det er så vanskeleg for Dyrevernaliansen, og deira likesinna, å ta til seg realitetar og fakta om pelsdyrhald.

Meninger

Dyrevernaliansen (DVA) fortset i Dagbladet (1. desember) med sine vanlege forsøk på å få fram eit vrangbilde av pelsdyroppdrett.

Når det gjeld den grundige behandlinga som ligg bak Stortigsmeldinga som nyleg er lagt fram, så er det ein ting som kan slåast klart fast:

Hvis det ikkje hadde vore ein klar fagleg basis og støtte for ei framtidig berekraftig pelsdyrnæring med fokus på dyrevelferd, så hadde heller ikkje regjeringa innstilt på det.

Det er forunderleg at det er så vanskeleg for DVA, og deira likesinna, å ta til seg realitetar og fakta om pelsdyrhald. Hvis DVA har som mål om å vera truverdige dyrevernarar i framtida, bør dei nok konsentrera seg om å seta søkjelys på reell dyremishandling, og ikkje oppkonstruerte tilfelle som med pelsdyrhald.

Den opne høyringa 24. november om Stortingsmeldinga stadfesta tydeleg det sterke faglege grunnlaget for innstillinga om berekraftig utvikling, med skjerpa krav til dyrevelferd.

Etologi, læra om dyras åtferd, hadde ein sentral posisjon i denne høyringa.

Mange synsarar på pelsdyrhald bør nok lære seg følgjande beskrivelse om definisjon av dyrevelferd, som etolog Agnethe Sandem bar fram i høyringa: «Det viktige er hvordan dyret selv takler miljøet sitt, og ikke hvordan vi mener dyret bør takle miljøet sitt.»

Sandem var også klar på, at utifrå eit etologisk grunnlag er dyrevelferda like god for pelsdyr som for andre husdyr.

Stortingshøyringa viste også at veterinærar som har reell kunnskap frå tilsyn med pelsdyrhald også klart stiller seg positiv til ei framtidig pelsdyrnæring.

Åtferdsbiologi er då også grunnlaget for at Stortingsmeldinga slår fast at domestiserte pelsdyr sine åtferdsbehov blir ivareteke med dagens driftsform, men at det alltid, som med anna dyrehald, skal vera fokus på utvikling for å styrke dyrevelferda ytterlegare.

Følgjande sms som underteikna nyleg fekk frå ein ungdom, seier sitt tydelege språk:

«Jeg leste en kommentar i avisen der det sto at dyrevernorganisasjoner indoktrinerer unge mennesker. Og det er dessverre sant i mitt tilfelle. For de har puttet ideer i hodet på meg og jeg har aldri stilt meg kritisk til hva de sier, før nå, da!»

Det er godt å sjå at opne pelsdyrgardar og rett kunnskap om dyras tilhøve fører fram, også når det gjeld pelsdyrhald.