Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Sterk kranførarpoesi

Dikt frå industrihallen med eit poetisk løft som bare ein kranførar kan gje dei.

BOK: Bjørn Aamodt utvidar med denne samlinga det området norsk lyrikk har skildra opp gjennom litteraturhistoria.

Eg kjenner ikkje til at nokon har gått så langt inn i eitt og same arbeidsområde og skildra i dikt eit bestemt arbeidsmiljø i detaljar. Og han gjer det med sikker hand og med stor sans for språkleg balanse.

Framande ord

Eg måtte av og til tenkja på Walt Whitmans «Song for Occupations», der han tek for seg mange ulike yrker og ramsar opp all verdas verktøy. Det vil openbart finnast lesarar som meg som vil stussa over nokre av dei orda Aamodt her nyttar, som buesjakler, kauser og pinol.

Men for det meste vil folk kjenna desse tinga straks dei ser korleis dei ser ut. Det er orda, namna, me ikkje er vane med å sjå. Aamodt får arbeidsliv og poesi til å møtast i ei sterk legering. Poeten tek dette på strak arm, men me merker at styrken kjem frå tjue års erfaring.

Aamodt diktar fram einskilde gjenstandar som sylen, kosten og ein kjetting, men viser òg fram dette mannsmiljøet med alt det inneber av tungt arbeid og sterke stemningar. Samvær og samhald, natt og dag.

Han opnar med å skriva om ein port. Ikkje så originalt, men her er porten stengd. Industrihallen, som han også gjev oss ei meisterleg sanseleg skildring av, er tom. «Alt må lages.»

Og han nemner arbeidskameratane med namn. Det gjev også ein veldig sterk effekt og er heilt rett i denne samlinga; anten det er vanlege namn som Hestås eller Arne, eller dei meir eksotiske som Zambezi-kongen og Samma-faen. Gleda ved at noko ein har kjempa for å få laust, opnar seg, og den eldgamle og i dag underkjente gleda ved å få gjort ferdig eit stort arbeid, lyser frå desse boksidene.

Eit krus kaffe

Spiraltromma på 120 tonn som smyg så vidt ut porten med millimeters klaring på eine sida! Det finst òg ei glede over tinga, ved sjølve materialiteten, som er sterk og skapar ei djup tilknyting til denne verda. Blue Alloy!

Samstundes er arbeidslivet med alt sitt slit også sterkt til stades, og underteksten fortel om utbyttinga. Når dei har løyst ein tung og vanskeleg oppgåve så feirar dei det med å kjøpa seg eit pappkrus kaffi! Og det ligg eit sakn og ei sorg i at så mykje av dette er borte. Poeten var sjølv med og demonterte denne verda.

Det finst mange slags assosiasjonar og visingar i teksten. Kjartan Fløgstad smiler lunt til oss bak Aamodt sine ordspel og den lune humoren. Han viser også til Hamsun og lar uttrykket «Blodets Hvisken, Benpipernes Bøn» få ei heilt ny tyding for oss. Her dreier det seg nemleg om ei konkret kroppsleg skildring av det å skyfla spon.

Og noko av det som verkeleg løftar desse tekstane, slik bare ein kranførar kan, er evna til å gje desse arbeidslivsskildringane brå svingar inn i det kjenslevare, reflekterte og kosmiske! Ein piassavakost vert reist tett opp til æva, og «vaieren strammes til av krana, / og jeg beveger den fra side til side inntil den står stiv / som en loddesnor. Med Jorda som lodd.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media