Sterke biletdikt

Snølysande meisterverk og predikerbar gjentaking.

BOK: Det har skjedd spennande ting i forfattarskapen til Mehren dei siste åra. I ein livsfase der ein kanskje mest av alt forventar at ein kunstnar stadfestar sitt grep om stoffet sitt og finsliper sin metode, eller då ein kan sjå at grepet losnar og det skapte får eit meir tilfeldig preg, har Mehren utvida sitt revir og gitt oss råare og uventa nære, personlege dikt. Ikkje at Mehren har kome inn med heilt ny tematikk. Han er trufast mot sine hovudtema; det veldige motsetnadsfulle som biletet av menneskelivet rommar. Biletet som frigjerande innsikt og biletet som det som held oss fast i noko uforanderleg og livsfjernt.

Opphøgd

Dette er eit tema der biletkunstnaren og poeten står i sentrum og diktaren sjølv kan få ein nærast opphøgd plass. Det kan vera tungt å svelga, men Mehren sitt perspektiv er meir at dette har med all språking og biletlegging av tilværet å gjera; i daglegspråket og i straumen av bilete, språkleg og visuelt, som kjem frå media. Mehrens bodskap er opninga mot kosmos, herliv og nådød, og ikkje så mykje å stå med den eine foten i framtida.

Med ei ny diktsamling på 112 sider etter store og imponerande løft som «Den siste ildlender» og «Anrop fra en mørk stjerne» dei siste åra, vert ein slått av den pågåande krafta han er i stand til å temja i dikt etter dikt.

Her er mange sterke dikt i «I stillhetens rom». Og det kan vera verdt å merka seg, at bare i suiten «36 bilder fra en ferie», som dekker 8 sider av boka, har Mehren skrive mange mykje betre dikt enn ei heil norsk debutbok ofte inneheld. Men, og denne gongen er det eit tydeleg men, her er òg dikt som får fram det nærast automatisk repeterande og manierte der ordas magiske biletverknad er fråverande. Enkle, vedtekne refleksjonar formulerte utan at det løftar seg dreg ned: «Jeg vil høre sannheten/ om deg, for det meste er løgn/Jeg vil møte deg som den du er». Det store diktet «I rosenriket» har parti der tematikken vert tværa ut, og den sjølvsagte autoriteten ein ser i Mehrens beste bilete, får noko nølande og predikerbart over seg: «Kvinnens kjønn er ikke så/ulik en rose, en åpen duggstenket blomst».

Inspirasjon

Nokon stader opplever eg at svært gode linjer ikkje vert utnytta ved at nestelinja nærast er ein frase, som her: «Det betong ikke vet om ensomhet/det er ikke verdt på vite om ensomhet».

Men me har lært oss å bla forbi irritasjonar og det mindre vellykka og leite etter det som lyser og dirrer av inderlegheit . Dei dikta der Mehren sin opparbeidde dugleik i handverket på underleg vis møter ein djup og universell inspirasjon, og får dikta til å famna både sommarfuglkokongen og sola, doggkrystallar og Københavns tak i eit språk som er si eiga overtyding.

Av høgdepunkt nemner eg «Tavle I. I stillhetens hus». Eit sterkt og audmjukt dikt om ordet og stilla. Vidare formidlar «Sensommermorgen» møtet mellom sol og kulde med ein visuell og taktil kvalitet, som gjev det autoritet. Elles finst det òg denne gongen lengre dikt, som der han skapar eit nærgåande portrett av Wenche Foss som samlar seg for å gå inn på scenen og inn i den store rolla.

Biletdikt

Men sjølv om det òg kan vera interessant å følgja Mehrens ukonvensjonelle undersøking av toleranse og rasistiske fordommar i suiten «Døråpneren», er det ikkje dei store oppslaga som verkar sterkast denne gongen. Det er dei enkle slåande biletdikta. Om kirsebærtreet i blom, «til knes i dugg», om eit brot av ein stein; «et glimt av frosset lys». Og diktet «Ved vinduet», som rommar ein vakker og øm observasjon av ei høggravid kvinne der poeten gjev eit nake uttrykk for sin sterke trong «til å legge en forsiktig hånd/ned på den store trommen». Og i «Tilståelse» får me ein fortetta essens av desse snølysande kjærleiksdikta som han er aleine om. Friskt, ømt og meisterleg!

Sett i lys av høgdepunkta, er dette ei diktsamling som igjen viser kor god Mehren er på sitt beste, om boka som heilskap ikkje er like imponerande som «Den siste ildlender» eller «Anrop fra en mørk stjerne».