Sterke dikt fra den grøne øya

Irland har rike, litterære tradisjonar. No kjem ei samling gjendiktingar som bør liggje i einkvan koffert på ferieveg til Dublin.

BOK: Dette er ei slik bok som snakkar både til hendene og augo. Ei slags organisk tyngd og eit skikkeleg bokformat, samt ein perlande halvlitar med irsk øl på omslaget som snakkar både til den eine og andre sansen. Den gode stemninga vert ikkje mindre av å lesa dei sterke og klåre dikta av ni moderne lyrikarar frå Irland. Her levert i utsøkte norske versjonar ved Knut Ødegård og Jostein Sæbøe.

Livskraftig

For nøyaktig tjue år sidan kom ein annan vakker diktantologi frå den grøne øya på norsk. Men «Irsk lyrikk», som var ved Jan Erik Rekdal, hadde eit anna utgangspunkt. For det første var det irsk-gælisk lyrikk det dreidde seg om, og for det andre var tidsrommet frå 500-talet til vår tid.

Nå får me nærare kjennskap til ni poetar frå vår eiga tid, med dikt som så å seia alle er skrivne i løpet av dei siste ti åra. Og det er sterke namn som ber arva frå William Butler Yeats vidare. Slik at det vert klart at profetien til den desillusjonerte poeten Dáibhí ó Bruadair som døydde fattig på 1600-talet, ikkje har gått i oppfylling:

De store poeter er borte

trist er tidens forfall,

barna av de lærde mestre

er blottet for skarpe svar

Den irske litteraturen har tvert om vore så livskraftig at den kan, som det står i etterordet, «fylla heile Europa med venleik og galskap».

Nobelpris

Heaney, Beckett, Joyce, Wilde og Yeats er ikkje namn å kimse av. Nå er det bare Seamus Heaney som er med her. Den irske poeten som har vist så tydeleg at han er irsk, ved å ta imot Nobelprisen i litteratur for ti år sidan, men å avvisa eit forslag om å gjera han til britisk «hoffpoet», Poet Laureate, etter at Ted Hughes hadde gått bort. Heaney finst elles på norsk frå før i gjendikting av Alf Saltveit i «Tonen som kom».

Det er fleire ting som er slåande ved «Grøne dikt». Det forteljande elementet er uvanleg sterkt i irsk lyrikk. Sansen for staden, som Heaney har skrive om, er særmerkt også for mange av dei andre poetane. Og så ser me eit kvardagsleg alvor, der det religiøse eller mytiske finst med som noko diktet spelar opp mot på ulikt vis:

Barlindtreet

skapte bogen. Og pila.

Og skuggen ved grava. (Pat Boran)

Gjendiktarane har gjeve fyldige presentasjonar av dei ni, og det er openbart ei god løysing, sjølv om nokre svært kjende namn dermed ikkje kjem med. Me kan nemna Derek Mahon og Paul Muldoon, men òg sistnemnde er alt gjendikta av Alf Saltveit («Våpenkvile»), og om han har òg Ruben Moi skrive ei avhandling.

Utanom Heaney presenterer boka oss for ein annan nestor i irsk lyrikk, eksperimentelle Thomas Kinsella. Elles er desse med; Richard Murphy, som debuterte med den vakre titelen «Kjærleikens arkeologi», og John Montague, den første «Ireland Professor of Poetry». Vidare finn me Michael Longley som sjølv har redigert «20th-Century Irish Poems», John F. Deane, som grunnla og leiar Dedalus Press, som mange av desse lyrikarane vert publisert på, Dublin-poeten Eavan Boland som i tillegg til eigne dikt har skrive om «The Making of A Poem» saman med Mark Strand, Eva Bourke, som står bak den spesielle titelen «Litany for the Pig», som ikkje er med her, og den ovanfor siterte yngstemann, Pat Boran (f. 1963) som er kjent som diktlærar gjennom skrivekurs og si bok «The Portable Creative Writing Workshop», der òg Heaney er med. Nett den boka startar forresten med å sitera Gene Fowler: «Å skriva er lett. Det einaste du treng å gjera er å stira på det blanke arket til dropar av blod viser seg på panna.»

Høgsong

Nei, heller ikkje noko ved «Grøne dikt» verkar særleg lettvint. Eit godt og passe utdjupande etterord avrundar ei rekke ulike og interessante forfattarskap med mange godt omsette dikt. Ein vil måtta bruka lang tid på boka, og endå lengre tid på til dømes å setja seg inn i den fascinerande forfattarskapen til John F. Deane, som skal få avslutta denne meldinga med opninga av diktet «Høgsong»:

Det hender, når du går

ned til den raude porten

og høyrer den skrapande musikken av skorne dine over grusen

at ein gul måne stig opp over

åsen.

Du svingar porten igjen og stør deg

mot den øvste bjelken

Som om noko er blitt fullført i

verda.