Sterke dikt i norsk gjendikting

Ein inngangsport til eit særeige diktunivers.

BOK: Georg Trakl (1886- 1914) har Olav H. Hauge tidlegare presentert nokre omsetjingar av. Nå har me fått ei heil bok med Trakl-gjendiktingar av Arild Vange. Trakl vart bare 27 år. Hans depressive og overfølsame sinn, køyrt til veggs av alkohol og narkotika og franske bohemideal, fekk ein siste knekk gjennom opplevingane som sanitetsoffiser på austfronten i fyrste verdskrigen. Han braut saman og tok sitt eige liv med ein overdose.

Det er tilrådeleg å byrja med den biografiske oppsummeringa som Vange har laga sist i boka. Denne tidstavla set dikta i eit perspektiv som verkar opnande og ikkje lukkande. Når det gjeld det store gjendiktingsarbeidet som er gjort, må det nok seiast at Vange sitt språk vert lagt veldig tett opptil originalen på ein måte som kan verka hemmande på den norske utforminga som dikt. Det kjem av og til ein noko baktung, adjektivrik tone over dikta. Då vert dei for litterære og romantiserte, og dette skapar avstand til det intense og inderlege i innhaldet. Nett her makta Hauge meir å gjenskapa dei til «eigne», ledigare dikt på ein særeigen måte. Men dette er utvilsamt ei bok ein har mykje igjen for. Dikta står på originalspråket, og med den bokstavtrugne omsetjinga har ein ei Trakl-bok som kan nyttast som innfallsport til eit særeige diktarunivers der ikkje minst klangen gjev tonen. «Es schwankt der Schwester Schatten durch den schweigenden Hain» - «svaier skyggen av søsteren gjennom den stumme lunden,» står det i diktet «Grodek», som er staden (nå i Ukraina) der det stod eit slag som etterlét Trakl med 90 sterkt såra og døyande soldatar på ein låve. Krigsrøynda. Han skreiv to dikt og valde døden.