Sterke linjer fra ung debutant

Endre Ruset er en debutant med vakre formuleringar og mot til å avdekkja det ubehagelege.

Her har me ein ung debutant som demonstrerer klårt og tydeleg at han er ein poet med noko på hjarta og ein måte å seia det på. Han har denne evnen til identifikasjon med vage storleikar som me ikkje får sett ord på på annan måte enn gjennom poesien:

jeg er konglen som leker

med skyggen av barnet

suset som bærer dem begge

Han vågar å gå tett på eigne utgangspunkt og skriv dikt om far og mor med vakre, sterke linjer som set seg i minnet. Om mor heiter det til dømes: «hun er dronningbien/hun blåser ut honninglysene/hun hører et summende mørke.» På ein naturleg måte utnyttar Endre Ruset dei erobringane som modernismen og ikkje minst surrealismen har opna for. Han slår til med rå og absurde bilete som likevel får oss til å tenkja og kjenna; bak ribbeina finst det eit hjarta! Sitatet av René Char som innleier boka og set tittelen i perspektiv, er eit signal om lesing og orientering: «alle innestengte vingeslag skal bære deg.» Men me møter her ei personleg og veksande røyst. Debutanten er nitten år, og strekkjer av og til erfaringane litt lenger enn dei kan tola. Og ei overdramatisering kan gje seg utslag i uttrykk som «din lysende hjerne/har du lagt åpen/for lobotomi».

Det er ein stor tradisjon han står på skuldrene av, men han overraskar med friske språklege kast og personlege sansingar som ofte fører oss rett inn i eit uventa nært forhold til stoffet: «bestemor tar av seg kofta/så jeg kan kjenne/metallet i brystet hennes». Eg får lyst til å skriva slik Paal Brekke skreiv då eg sjølv debuterte. «Kanskje er det derfor han virker så sterkt på meg; han får meg til å tro på at denne formen fungerer fremdeles.»