TROLL VED TASTATURET: - Netthat er forkasteleg same kven det blir retta imot. Men speler ein ut mobbekortet i hytt og pine, blir det ikkje lenger eit ess, men eit kort som ikkje trumfar nokon ting. Heile omgrepet blir totalt utvatna, skriver artikkelforfatteren. Foto: NTB Scanpix
TROLL VED TASTATURET: - Netthat er forkasteleg same kven det blir retta imot. Men speler ein ut mobbekortet i hytt og pine, blir det ikkje lenger eit ess, men eit kort som ikkje trumfar nokon ting. Heile omgrepet blir totalt utvatna, skriver artikkelforfatteren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Stikker man hodet fram, må man tåle litt pepper

Vi skal tåle mye. Men ingen må få skremme eller true oss til å bli tannløse og forsiktige.

Meninger

For eit år sidan dykka eg ned i fjesbokgruppa «Sylvi Listhaug som statsminister i Noreg.» Det blei kronikk av det med namnet på gruppa som overskrift. Der gjekk eg sterkt i rette med mellom anna eit gjennomgåande, glødande raseri mot muslimar og Arbeiderpartiet. Då kronikken blei publisert, delte eg han med gruppa. Tenkte det kunne vere greit å vise dei korleis ein «hospitant» reagerte på mykje av det som kom på trykk der.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Då skjedde det noko merkeleg. Plutseleg tikka det inn med «likes». I eit stadig aukande tempo. Samtidig blei kronikken delt av stadig fleire medlem i gruppa. Eg hadde fått godt over 400 «likes» og mykje over hundre delingar før ein eller annan oppdaga at «Oi. Det er jo kritikk av oss.» Ikkje lenge etter blei eg prompte ekskludert. Men altså ikkje før massevis av folk hadde teke bylgja for meg utan å ha peiling på kva dei jubla for. Ei overskrift og eit bilde dei digga, var nok til at dei ikkje gadd å lese teksten.

Dette er einaste gong eg har opplevd «åtgaum» frå dette segmentet. Regelen er hundrevis av sinte kommentarar fordi eg provoserer, kritiserer, ironiserer og driv med satire mot ytre høgre politiske flanke. Dei æresskjeller meg for å vere krenkar, mobbar, løgnar og hetsar. Eg får vite at spreier hat og driv med brunskvetting. Folk kallar meg radd, venstreekstremist, muslimelskar (betre enn hatar), antisemitt (då blir eg rasande), og før eg blei pensjonist fekk eg stadig høyre at eg var ein fare for elevane eg underviste og burde sparkast frå jobben på flekken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Siste gong eg opplevde å bli idiotforklara og utskjelt, var no nyleg av ytrehøgre-nettstaden Resett sitt kommentariat. Utgangspunktet var ein kritisk artikkel om brutale og onde hatmeldingar mot overlevande frå Utøya. Ein artikkel som blei omtalt i langt frå positive vendingar av Resett. Det som forbausa meg denne gongen, var at eg ikkje fann nokon i kommentariatet som kritiserte avsendarane av hatmeldingane. Det var eg, «varslaren», som var den store, stygge ulven som stigmatiserer og skaper hat.

Det viser seg om og om igjen når raseriet må få utløp, at veldig mange ikkje les tekstane dei kommenterer. Eg går ofte inn og diskuterer påstandar som kjem til uttrykk. Ber kommentariatet vise meg døme på kva som er mobbing, løgn, ekstremisme. Det kjem aldri grunngjevne svar. I beste fall eitt eller anna om at viss eg ikkje klarer å finne ut det sjølv, så viser det kor hjernedød eg er.

Dette er langt i frå ein stakkars-meg-som-blir-så-plaga-og-forfylgd tekst. Eg meiner rett og slett at stikk ein hovudet fram og kritiserer og provoserer, så må ein tåle litt pepar.

Du lurer kanskje på om eg har eit poeng og ikkje bare er tilhengjar av lange forspel? Eg driv og peilar meg inn på ei undersøkjing av Tore Bjørgo og Emilie Silkoset ved Politihøgskulen der dei konkluderer med at dei aller fleste politikarar får trugsmål og hatmeldingar, men at Frp-politikarar er dei som opplever det oftast. Dette er nesten heilt sant, faktisk. Men grunnlaget for konklusjonen var ganske så tynt sidan det bare var toppsjiktet av politikarar som blei vurdert.

I det siste har vi sett stor auke i sosiale media av det eg kallar «Ja, men-isme». Ein tendens til å avfeie det meste med «Ja, men nokon har det verre.» Så også med denne undersøkjinga. Blir det diskutert netthat på sosiale media, er det garantert ein eller annan som parerer med: «Ja, men Frp får mest.» Samtidig hamnar kritikk, ironi og politisk satire automatisk i hat-og-mobbe-sekken. Noko som ikkje er veldig lurt. Speler ein ut mobbekortet i hytt og pine, blir det ikkje lenger eit ess, men eit kort som ikkje trumfar nokon ting. Heile omgrepet blir totalt utvatna.

Eg tåler godt å få e-postar som: «- og styggest av alle, du, islamofile parasitt.» og «Fuck off, bananklyse.» Ikkje fullt så godt tåler eg når folk skriv at dei veit kvar eg bur og at natta er mørk og farleg. Det vi slett ikkje må tåle, er hat og trugsmål av så grovt kaliber at Sylvi Listhaug og Hadia Tajik føler seg trua på livet. At Hege Storhaug må ha hemmeleg adresse. At Lan Marie Nguyen Berg ikkje kan ferdast fritt i Oslo sine gater. Sumaya Jirde Ali skal sleppe å lese at nettroll gjerne skulle ha valdteke henne om ho ikkje hadde vore så svart. Amal Aden skal ikkje bli oppfordra av politiet til å halde ein lav profil fordi folk er ute etter å ta henne.

Og traumatiserte ungdomar som overlevde terroren 22/7 må pinadø sleppe meldingar frå forskrudde folk som seier at dei vil gjere ferdig den jobben terroristen starta, men ikkje fekk fullført.

Netthat er forkasteleg same kven det blir retta imot. Vi må vakte oss vel så ikkje netthatarar klarer å kontrollere, ja, til og med kvele den offentlege debatten. Ingen må få skremme eller true oss til å bli tannlause og forsiktige. Vi må òg vere på vakt så ikkje «ja, men-ismen» får ta brodden av viktige og vektige argument. Ei heller må vi gå inn i pinglete offerroller og skrike opp om mobbing og trakassering om vi møter kritikk og motbør. Det einaste som nyttar då, er å rette ryggen, skjerpe argumenta og bli enda tydelegare på kva vi står for.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook