Stinkar økonomifaget?

I fylgje Bent Sofus Tranøy og Erik S. Reinert står det ikkje bra til med økonomifaget. Det luktar vondt og innestengt og dei som er innanfor nektar å lufte ut. Eg kjenner meg ikkje igjen i deira skildring av faget. Fagøkonomar, som andre samfunnsforskarar, freistar å kartlegge og forstå ulike samhandlingsmønster. Alle som tek seg bryet med å sjekka vil sjå at det er stor breidde i dei spørsmåla fagøkonomar arbeider med. Her er mangfaldet stort. Men det er kanskje ikkje her problemet ligg? Både Reinert og Tranøy hevdar at einfaldet kjem av at det berre fins eit gyldig økonomisk tankeskjema. Det er metoden som er hermetisk lukka og treng luft. Eg meinar dei overdriv.

Økonomisk analyse har ein metodisk kjerne. Den inneheld tre punkt.

1. For å forstå kva som hender på samfunnsnivå tek fagøkonomar utgangspunkt i einskilde aktørar. Me trur dei er intelligente og målretta. Men dei er sjeldan lytefrie. Dei kan ha svak vilje, mangelfull informasjon og sviktande dømekraft. Og når det gjeld måla dei spring etter er det rom for mangfald: Dei kan søkje eigne materielle vinstar, dei kan freista gjera godt for andre, dei kan søkja sosial respekt eller sjølvrespekt, eller freista gjere det dei tykkjer er rettvist.

Artikkelen fortsetter under annonsen

2. Gitt måla, informasjonen og evnene til dei handlande aktørane leitar me etter samhandlingsmønster som er i jamvekt, det vil seia situasjonar der ingen har gode grunnar for å velja annleis, gitt vala til dei andre.

3. Me vurderer ulike utfall – eller djupast sett dei institusjonane som skapar utfalla – i høve til kor godt dei innfrir måla til det einskilde individ.

Det er sjølvsagt deler av samfunnslivet me ikkje grip med denne oppskrifta. Folk møter ikkje alltid opp med veldefinerte mål, og måla våre vert ofte danna i samhandling med andre. Men sjølv om slike danningsprosessar vanskeleg let seg representere innanfor den metoden eg skisserte ovanfor, så fins det dei som freistar. Til dømes har ein nobelprisvinnar i økonomi, George Akerlof, nyleg publisert viktige arbeid om identitetsforming og samhandling i arbeidsrelasjonar. Sjølvsagt er Akerlofs identitetsteori noko spinklare enn Charles Taylors’. Men her, som elles innanfor forsking, er det vel rom for ei arbeidsdeling. Økonomar er fyrst og fremst interessert i å få eit analytisk grep på kva som hender når folk samhandlar innanfor velspesifiserte institusjonelle rammer. Då lyt ein sjå bort frå trekk andre, som studerer andre sider ved menneskelivet og samfunnet, vektlegg.

Men sjølv om det er grenser for økonomisk metode er han langtfrå så eksklusiv, statisk og reaksjonær som Tranøy og Reinert hevdar. For meg verkar det som dei ikkje vil sjå det mangfaldet av problem, modellar og resultat som kjem ut av økonomisk forsking. Det er ikkje lengre slik at storparten av økonomisk analyse kviler på blankpussa rasjonelle og egoistiske individ som opererer på ein friksjonsfri marknad.

Tranøy etterlyser marknadskritikk. Men det fins det då mykje av i faget. Det fins ein bråte artiklar som viser at når kjøpar og seljar har ulik informasjonen så verkar ein fri marknad ofte svært dårleg. Ein kan sjå på velferdsstaten som ei tvungen forsikringsordning som løyser nokre av dei problema som oppstår for den typen forsikring i ein fri marknad. Mykje forsking framhevar kor viktig tillit og sosiale nettverk er når kontraktar er ufullstendige, og korleis ei einsidig bruk av marknadsprinsipp kan øydelegga slike relasjonar. Og faget har lenge argumentert for at me treng regulering av marknaden når økonomiske aktivitetar har positive eller negative ringverknader (eksternaliteter).

Reinert etterspør økonomisk analyse som tar omsyn til kva rolle stordriftsføremoner, entreprenørskap og synergieffektar har for økonomisk utvikling og vekst. Eg underviser i utviklingsøkonomi på masternivå. Der brukar me ei bok av Debraj Ray, kanskje den mest brukte boka innanfor utviklingsøkonomi på dette nivået. Han har eigne kapittel om korleis stordriftsføremoner, komplementaritet (synergi) og historiske vilkår pregar økonomisk utvikling. Reinert lengtar også etter Darwin og biologiske metaforar. Vel, det underbruket innan faget med mest vind i seglet den siste tida er evolusjonær samfunnsteori (evolusjonær spelteori). Der studerer ein mønstra som vert danna i eit samfunn der relativt avgrensa aktørar fylgjer enkle handlingsreglar som, i ulik grad, vert kopiert av andre.

Eg har nemnt berre ein liten del av den spanande forskinga me finn i økonomifaget. Økonomisk analyse er kanskje ikkje så karismatisk og sympatisk som mange kunne ynskja. Greitt nok, den påkjenninga kan faget leva med. Men me kan ikkje unnvera klinkande klar analyse og velinformert kritikk. Tranøy og Reinert tilbyr ingen av delane.