Stjerner frå ein koffert

Perler og skisser frå Yttris etterlatte koffert.

BOK: Etter den altfor tidleg døde Nils Yttri (1947 - 1980) låg det att ein koffert full av akvarellar, LP-plater, konsulentfråsegn, delar av Yttris magistergradsavhandling om Rolf Jacobsen, og viktigast i denne samanhengen, ei mengd tettskrivne notisbøker der det innimellom teikningar, rekneskap, adresser og telefonnummer, fanst ein god del poesi.

Poetens røyst

Anne Berglund. Else Berit Gulbrandsen og Lars Saabye Christensen har vald ut ein del tekstar som tåler å visast fram som ei lita bok med etterlatne dikt. Dei som alt har dei energiske og medrivande, fortvila og hardtslåande diktsamlingane «Turister i nattens lugar», «Boksererns blod», «Når min fantasi berører mine drømmer» og «Zenith», vil kjenne att poetens røyst og vekslinga mellom lengre tematiske innsirklingar og korte glimt av humoristiske spørsmål, kritske påpeikingar og poetiske augeblinkar.   Nonner er vakre i snebare se  Når ein sit med denne vesle blå boka i hendene, kan ein dikttittel frå «Når min fantasi- » dukke opp i minnet: «Vender tilbake til deg for å knytte et dikt sammen.»

Særeigen

Her er 67 sider med poesi av varierande karakter. Dette er ei bok som klart stadfestar Yttri sin posisjon som ein særeigen stemme, men som ikkje utvidar eller endrar ved det bilete ein alt har fått gjennom dei tre diktsamlingane han publiserte og dei to heile manuskripta som låg att etter han. Men ein sit att med ei god kjensle av at Yttri har vendt tilbake for å leggje nokre opplevingar til oppå den bunka av dikt me alt har.Yttri skriv til den høflege dørvakta, her er eit sjeldan dikt til Erik Tandberg og eit til eit foto av Jan Erik Vold. Her er diktom Roma og følgjande vakre portrettdikt til ein som heiter  JAN JAKOB når du blunkerer det som om lysetnervøst fjerner segfra verden  ditt nærvær er et fraværfylt av dine magrefingresklirr