Stø kurs i EU-svingane

EUROPEISK IDENTITET: Innlegget i Dagbladet frå Europeisk Ungdom 24. mai viser tydeleg at dei ikkje er interesserte i å diskutera dei kulturelle og identitetspolitiske sidene ved EU. I staden gjentek ja-ungdommen dei gamle slagorda me har høyrt så mange gonger før.

Me skreiv i vårt innlegg at det finst visse felles-europeiske verdiar, men at det slett ikkje finst ein felles EU-identitet. Ja-sida set ofte likskapsteikn mellom EU og Europa, men sjeldan har vel det vore meir feil enn no når me har Melodi Grand Prix friskt i minne. Europa har mellom 40 og 50 land, EU har berre 27.

Det kulturelle mangfaldet i Europa er viktig å ta vare på (sjølv om det er mange dårlege bidrag i MGP).

Europeisk Ungdom har sjølvsagt rett i at franskmennene framleis har fransk kultur, og engelskmennene engelsk, trass i at dei er med i EU. Me har vel heller aldri hevda at EU ville forby bruk av bunad, eller nekta nordmenn å skriva bokmål eller nynorsk. Men vil ja-ungdomen nekta for at EU arbeidar for å konstruera ein felles identitet, og for at unionen driv eit stadig PR-arbeid for at innbyggarane skal sjå meir positivt på EU-prosjektet?

Ein kan ikkje ha folkestyre utan folk, og det finst ikkje noko einskapleg EU-folk. Samfunnsdebatten er stort sett delt inn i nasjonale teigar, og dei færraste diskuterer kva som skjer i EU-institusjonane.

Det er ein viktig grunn til å vera skeptisk til å flytta meir makt til Brussel. Men Europeisk Ungdom vil vel køyra vidare mot Brussel, sjølv om folket fell av i svingane.