BER OM GRANSKING:  «Vil Stoltenberg ta opp Roboski-massakren i samtalane med statsministeren og presidenten, og kreve ei internasjonal, uavhengig gransking?,» spør Erling Folkvord. Foto: Tore Bergsaker.
BER OM GRANSKING: «Vil Stoltenberg ta opp Roboski-massakren i samtalane med statsministeren og presidenten, og kreve ei internasjonal, uavhengig gransking?,» spør Erling Folkvord. Foto: Tore Bergsaker.Vis mer

Stoltenberg og Roboski-massakren

Vil regjeringa stanse våpeneksporten til Tyrkia fram til statsminister Erdogan startar forhandlingar for å løyse det kurdiske spørsmålet?

Kva for saker vil statsminister Jens Stoltenberg ta opp når han besøker Tyrkia for å snakke med statsminister Erdogan og president Gül?

Tyrkia er viktig for Norge. Landet kjøpte dei tre siste åra (2008-2010) norske våpen for 70 millionar kroner. Statoil fraktar olje frå Azerbadsjan i røyr gjennom den tyrkiske delen av Kurdistan. Tyrkia, som har den nest største hæren i Nato, fører berre ein krig: Mot kurdarane og den kurdiske frigjeringsrørsla.

Den kurdiske sida har gong på gong gjennomført einsidige våpenkviler og invitert til forhandlingar. Dei gjentar at det kurdiske spørsmålet berre kan løysast politisk.

Tyrkia avslutta krigsåret 2011 med flyåtak på eit følgje med unge menn og 40-50 muldyr i grensefjella nær landsbyen Roboski i Sirnak-provinsen. Dei frakta mellom anna olje og sukker frå Irak til Tyrkia. Juridisk sett var dei med smuglarar. Men dette er diverre vanleg leveveg for mange i fattige landsbyar nær grensa. Tyrkiske militære på grensepostane er godt kjende med og ser gjennom fingrane med denne trafikken.

På morgonen 29. desember overvåka Tyrkia området nær Roboski med ubemanna droner i fleire timar. Så kom F16-flya og tok livet av minst 35 unge menn og mange av muldyra. Den kurdiske geriljaen er ikkje aktiv i denne delen av Sirnak-provinsen.

Vår Nato-allierte driv altså statleg terror mot eiga sivilbefolkning i staden for å sette seg til forhandlingsbordet. Derfor to spørsmål til statsminister Stoltenberg:

1. Vil regjeringa stanse våpeneksporten til Tyrkia fram til statsminister Erdogan startar forhandlingar for å løyse det kurdiske spørsmålet?

2. Vil du ta opp Roboski-massakren i samtalane med statsministeren og presidenten, og kreve ei internasjonal, uavhengig gransking?