Stopp føleriet!

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

RASISME: Per Fugelli uttrykker indignasjon over rasisme og intoleranse, i innlegget «Stoppmelding!» 2/12. Og det er jo forbilledleg. Det merkelege er at han gjer seg dummare enn han er, og slik utøver han sjølv sin intoleranse.

Han skriver at Muhammed er «muslimenes Jesus» og fortel oss at muslimar blir såra av å få «Guden sin» tråkka på. Ein så danna mann som professoren kjenner godt til almennkunnskapen om at Tradisjonens og Bibelens Jesus er den inkarnerte Gud, mens Islams Muhammed er ein profet.

Fugelli har lov til å tru det han vil i vårt frie land, men han er alvorleg arrogant når han med eit pennestrok kan utslette kjerneinnhaldet i desse to religionane. Han viser seg her lite tolerant ovafor muslimar som ikkje anerkjenner Jesus som Messias, og han viser seg lite tolerant ovafor kristne av motsett grunn.

Å kalle alle muslimar for hundar er rasistisk, sårande, ondskapsfullt, latterleg, og det er usant. Der er dei aller fleste av oss einige med Fugelli. Men når han påstår mellom anna at «innvandrere tar med seg stolte familietradisjoner og gode dyder og verdier frå Koranen», då er dette faktisk meir ondskapsfullt, på ein infam måte. Dette er diskriminerande ovafor min tidlegare unge nabogutt, som måtte gifte seg med sin tyrkiske slektning i ein alder av 18 år, og det er diskriminerande ovafor alle dei som lever med livet sitt i pant til sin muslimske storfamilie kvar einaste dag, her midt i mellom oss. Det er aldri eit mål å bli norsk, men det er vel eit ideal å vere god?

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer