Stor kinesisk poesi frå Oslo

Bei Dao, ein ruvande kinesisk samtidspoet som lever i eksil, presentert i rikt utval på norsk.

Bei Dao, stor kinesisk samtidspoet, har nå kome på norsk. Bei Dao, som er fødd i 1949, har erfaring som rødegardist og bygningsarbeidar, undergrunnspoet og medredaktør av det opposisjonelle litteraturtidsskriftet «I dag».

Dao står i artiklar og intervju fram som ein forstandig poet som har halda fast ved respekten for Mao som poet, og som ikkje vil forkasta og fortrengja, men bearbeida og utvikla dei harde erfaringane livet i Kina og i eksil har gitt han.

Hardt kritisert

Gjendiktinga heiter «Gå mot vinteren» og er ei vakker bok i Solum sin gjendiktingsserie «Poema». Harald Bøckman er gjendiktar og har skrive eit kortfatta etterord.

Dikta er noko prega av at Bøckman ikkje er ein like stor poet som Bei Dao («mistet sin uskyld i intethetens speil» får det meste til å slå krøll på seg), men stort sett fungerer det bra, og vi får eit godt bilde av korleis poeten står i spenningsfeltet mellom det beste av tradisjonell kinesisk poesi og ein vestleg modernisme med innslag av surrealisme.

Med andre ord: eit spenningsfelt som er lada av to av dei sterkaste litterære uttrykksformene som finst i lyrikken.

Bei Dao har opplevd både å fengja eit stort og ungt publikum, og å verta hardt kritisert både frå kinesiske og einskilde vestlege hald. Han har gått i retning av eit meir komplekst og samansett uttrykk, og har opna og utvida det kinesiske poesispråket. Hans ærend er poesien, den politiske verknaden er ein konsekvens av den gode kunsten.

Ei bok å gå tilbake til

Sjølv om han av og til kan snirkla seg inn i surrealismen sine svingtrapper og verta innfløkt på ein utydeleg måte, er dei aller fleste dikta fortetta visuelle bildesekvensar som er lada med personleg energi og smerte.

Her er dikt til Tomas Tranströmer, dikt i skuggen frå 4. juni-massakren, og her er mange dikt skrivne under Bei Dao sitt opphald i Oslo. «Gå mot vinteren» er eit rikt utval der ein kan finna vakre og vise dikt av svært forskjellig karakter.

Her er dikt med «servitrisens tunge bryster» og dikt som «en tung lørdag driver inn mot en øde by». Ei bok å gå tilbake til, bla opp i og oppleve korleis «stjerner, som knøttsmå knyttenever / samler seg i en mektig demonstrasjon».

Følgjande linjer kan ein kanskje oppfatta som eit manifest frå Bei Dao:

vinden løfter opp en flik av natten

under den gammeldagse bordlampen

ser jeg for meg muligheten av

å bygge stjernehimmelen på ny