Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Stor poetisk tyngde

Forteljande framtidsspråk og sterke dikt.

BOK: Med sitt eigenkonstruerte språk, som ikkje er så gjennomført politisk korrekt som George Orwell sitt newspeak eller så ungdomsslangprega som Anthony Burgess sitt nasdat («A Clockwork Orange»), så har dei det felles at dei er konstruert framtidsspråk som på episk vis prøver å seia noko om vår tid og utviklinga me er inne i.

Rimbereid sin «Solarisdialekt» frå staden organic 14.6, eller STAVGERSAND, som det òg vert kalla, i år 2480, er samansett av ordtilfang frå landa du lettast kan nå om du står midt ute i Nordsjøen. Det fantastiske er at det fungerer.

Det er mykje av motoren i diktet; at me vert nysgjerrige på tyding og står og vipper på kanten av forståing og heile tida fell ned på den rette sida og frydar oss over det.

Det er eigentleg elles ikkje så veldig mange poetiske kvalitetar som er styrken i teksten. Det er først og fremst det episke, det at han maktar å konkretisera eit liv i framtida. Eit liv som har felles trekk med andre science fiction-framstillingar, frå Karin Boyes «Kallocain» til «Doktor fantastisk» av Jensen og Pushwagner. Røysta som talar til oss, er prega av å leva i ein ambivalens til det konformitetskrevjande og autoritære systemet, fordi individet har eigne tankar og tvil. Eller slik det vert uttrykt etter ein seifa-chech der individet vert scanna i «alla parts af min breyn»:

«Aig haf ein litl/defect i venstr phanomic breyn-bark, ein noko for staerk production/af eigne picts.»

Dette er bra, det er gjennomført, det fungerer og det er underhaldande lesing. Men det einaste originale med det er at det gjev seg ut for å vera dikt. Og det er det bare så vidt det er. Om ein tenkjer seg denne sekvensen som ei bok for intelligent ungdom, fungerer det like bra.

Men Rimbereid viser med stor overtyding sin styrke som poet i dei dikta som kjem etter opningsteksten.

Framleis med aversjon mot normalt skriftspråk, rett nok, men med åtte til dels lange dikt, som gjennomgåande held høg kvalitet, nokre litt pratsame, men varierte og kritiske. Og fleire med stor poetisk tyngde, «som om kvert ord va nytt/og verdt si vekt i lys» som han sjølv skriv.

I det rike avslutningsdiktet, der «vår heroinhøge nabo» svever «på sin nystjålne Kawasaki» inn i våren, glir refleksjon om krig og den perfekte stat over i ein lysvisjon med veps, og avsluttar endå ei god bok av ein poet som vågar å prøva ut nye vegar for språket, men først og fremst talar til oss der han har eit stoff, detaljerte observasjonar, ein visjon, eit indre trøkk, ein «staerk production af eigne picts.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media