Stor takhøgde i Førde kyrkje

MUSIKK I KYRKJA: Det har skapt stor merksemd i media at artisten Rein Alexander vart beden om å ta ut to songar av repertoaret sitt i samband med kyrkjekonserten i Førde fredag 24.november. Pressedekkinga gir eit bilde av ei «sensurerande» kyrkjeleiing. Førde sokneråd ønskjer å gje til kjenne korleis vi vurdere denne saka. Ulike oppslag i media dei siste dagane formidlar ein bodskap som i korte trekk går ut på at dei som skulle godkjenne repertoaret på kyrkjekonserten i Førde sist fredag, har drive med «sensur» og brukt sine «maktposisjonar» på feil måte. I avisa Firda uttalar Rein Alexander at ønsket frå kyrkjeleiinga om å ta vekk to songar frå repertoaret, «er eit stort inngrep både musikalsk og kunstnarleg». Han avviser at dei aktuelle songane kan ha vore «for verdslege for kyrkja», for som han seier: «Nei, då kan ein nesten ikkje syngje noko i kyrkja. Desse songane handlar jo om kjærleik, det å vere medmenneske og eit ønske om ei fin julehøgtid».

FØRDE KYRKJE, er tilliks med alle andre kyrkjer i dette landet, eit vigsla hus og eit heilagt rom. Det ligg føre eit regelverk for bruk av kyrkjerommet (fastsett av kyrkjemøtet i 1991.) På bakgrunn av innsendt repertoar ønskte kantor og fungerande sokneprest at to songar vart tekne bort, fordi dei ikkje har eit kristent innhald. Ønsket vart formidla via konsertkontakten til Rein Alexander, og svaret tilbake var at dette ikkje var noko problem. Det er såleis eit tillitsbrot når artisten under framføringa vel å oversjå kva partane er blitt samde om, og likevel framfører ein av dei to songane som han visste ikkje var ønskt på repertoaret.

DEI SOM GJERNE VIL nytte kyrkjerommet til konsertar, og som sender inn repertoaret sitt til godkjenning, må vere førebudde på tilbakemeldingar. Dersom det ikkje var andre enn dei aktuelle artistane som skulle vurdere innhaldet, ville det heller ikkje vere noko poeng i å ha ei ordning med gjennomsyn av repertoaret. Når partane er usamde om utvalet, vil det vere naturleg at ein diskuterer dette på eit sakleg grunnlag og kjem fram til ei semje.

FØRDE SOKNERÅD ønskjer ulike kunstnarlege uttrykk velkome i kyrkjerommet, men er pålagt å vere i ein dialog med alle utøvarar om innhaldet i konsertane. Følgjene av hendinga sist fredag blir at Førde sokneråd, som er kyrkjelyden sitt valde organ, diskuterer korleis praksis for utlån av kyrkja skal vere i framtida. Vi meiner at vi representerer ein kyrkjelyd med stor takhøgde og låge tersklar, og det ønskje vi også skal vise igjen i omtalene av det som føregår i kyrkjelyden. Fleire julekonsertar står for tur dei næraste vekene. Vi håpar at mange vil finne vegen til Førde kyrkje og få del i fine gode konsertopplevingar.